Eksempel og erfaringar

Her finn du døme på bustadprosjekt og bustadsosialt arbeid for ulike grupper og behov. Sjå korleis kommunar og andre aktørar har funne gode løysingar, og bruk erfaringane som inspirasjon i eige arbeid.

Lund Torv - eit levande studentmiljø midt mellom sentrum og campus

I Kristiansand har Lund Torv blitt eit nytt studentkvartal med plass til 400 studentar, næringslokale og møteplassar. Prosjektet viser korleis studentbustader kan bidra til både sosial berekraft, byutvikling og ein meir tilgjengeleg bustadmarknad.

#Studentbustader

Vålandshagen: Bygger fellesskap med bustader for alle

I Stavanger er Vålandshagen under bygging - eit nabolag med 97 bustader for menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Prosjektet kombinerer ordinære bustader, rimelegare etablerarbustader, sjølveigde omsorgsbustader og fellesskapsløysingar.

#Lån frå Husbanken #Heilskapleg bustadplanlegging #Bustadsosial metodikk

Nye utleigebustader i gammalt bankbygg i Sokndal

Eit gammalt bankbygg i Sokndal sentrum har fått nytt liv. Med lån frå Husbanken og tilvisingsavtale med kommunen er det etablert fem nye utleigebustader i "Banken på Haua". Bustadene gir fleire innbyggarar høve til å bu sentralt og trygt.

#Utleigebustader #Lån frå Husbanken #Transformasjon av bygg

Nye utleigebustader med tilvisingsavtale i Gjesdal

I Kodlidalen i Gjesdal kommune er det bygd nye utleigebustader i samarbeid mellom kommunen, privat utbyggar og Husbanken. Med lån frå Husbanken og tilvisingsavtale med kommunen bidreg prosjektet til fleire utleigebustader i ein pressa bustadmarknad.

#Utleigebustader #Lån frå Husbanken

DUE Bergen: Hjelper utsette ungdommar til å lukkast på bustadmarknaden

DUE («Der Ungdommen Er») gir utsett ungdom tett, fleksibel og individuelt tilpassa oppfølging for å etablere og behalde eigen bustad, primært i den private leigemarknaden. Tiltaket bygger på ein trygg arbeidsallianse med ein koordinator, høg tilgjengelegheit og systematisk bustadsosialt arbeid. I perioden 2015 til 2025 har Bergen kommune hjelpt til med å busette 299 ungdommar gjennom DUE.

#Bustadsosial metodikk #Psykisk helse og rus #Utleigebustader

Eit helsehus i Namsos tilpassa demens og alderspsykiatri

Namsos kommune har transformert eit eksisterande bygg i Bangsund til eit helsehus for personar med demens og alderspsykiatri. Prosjektet viser korleis god brukarforståing og tett samarbeid mellom helse og eigedom kan gi betre og meir solide bygg.

#Transformasjon av bygg #Sjukeheim og omsorgsbustader

Bustad først til vanskelegstilte i Sandnes

Alle som strevar med å bu får tilpassa hjelp, uavhengig av kva avdeling som følgjer opp. Dette er målet til bustadtenesta, meistringstenesta og Nav i Sandnes. Housing First har blitt ein naturleg del av korleis kommunen jobbar bustadsosialt. Det er på god veg til å bli ein felles metode med felles ansvar på tvers av einingane og verksemdene.

#Bustadsosial metodikk #Psykisk helse og rus

Oksenøya sjukeheim: Der generasjonar kan møtast!

Bærum kommune beskriv dette prosjektet som eit innovativt, energivennleg og klimaklokt prosjekt. Saman med skulen og barnehagen, dannar sjukeheimen eit nytt lokalsenter. Fellesareala er tenkt brukte som møteplassar på tvers av generasjonane. Det er sette høge ambisjonar for innhald og drift. Det handlar om å ha fokus på bebuarane og å legge til rette for ein så god kvardag som mogleg.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Lån frå Husbanken #Eldre #Nedsett funksjonsevne

Energitilskot og startlån: Varmare bustader og frigjort handlingsrom

Rindal kommune oppgraderte tre tomannsbustader i Jøåbakken med energitiltak og selde dei vidare til bebuarane. Resultatet er betre heimar, lågare bukostnader og større økonomisk tryggleik for bebuarane. Kommunen fekk frigjord kapital, ressursar og vedlikehaldsansvar.

#Energitiltak #Startlån

Innovativ oppgradering av vindauge på Nordseterheimen i Oslo

Nordseterhjemmet i Oslo sparer store mengder energi etter ei innovativ oppgradering av vindauge. Kostnadene blei nesten halverte, og avfall og klimautslepp sterkt reduserte. Arbeidet ble utført utan at det forstyrra bebuarane, og drifta blei oppretthalden.

#Energitiltak #Eldre

Kreativ og løysingsorientert bustadinnsats i Heim

Heim er ein distriktskommune i Trøndelag som har teke kraftfulle grep for å møte utfordringane i bustadmarknaden. Gjennom solid forankring i leiinga, eit nytt bustadfond og overordna planverk, har kommunen sett seg høge ambisjonar for bustadarbeidet. Her kan du lese om kva tiltak den heilskaplege bustadsosiale innsatsen har resultert i så langt.

#Bustadsosial metodikk #Sjukeheim og omsorgsbustader #Lån frå Husbanken #Startlån #Utleigebustader #Heilskapleg bustadplanlegging #Distrikt #Eldre

Moderne utleigebustader med vertskap og fellesstove for eldre

Kløvertunet på Jessheim er utvikla med mål om å legge til rette for at eldre kan bu heime lenger, både når det gjeld praktiske forhold og sosial deltaking. Ein tilvisingsavtale mellom kommunen og utbyggar, og finansiering frå Husbanken, bidrog til at prosjektet blei gjennomført.

#Eldre #Utleigebustader #Lån frå Husbanken

Kompisbrygga – kjøpte leilegheiter i nytt burettslag med momskompensasjon

I Levanger har ein privat bustadutviklar tilpassa sju leilegheiter for personar med utviklingshemming i eit større bustadkompleks i sentrum. Initiativet kom frå ei foreldregruppe. Kombinasjonen av burettslag, behov for heildøgns omsorg og personalbase utløyste momskompensasjon og tilsvarande prisreduksjon.

#Lån frå Husbanken #Nedsett funksjonsevne #Startlån

Dronning Ingrids hage: "Hageby" tilrettelagd for personar med demens

Dronning Ingrids hage er ein sjukeheim med 130 plassar, bygd etter heilt nye prinsipp. Her står bebuarane og opplevingane deira av heim og heimekjensle øvst. Kommunen har lagt vekt på kunnskap om behova til personar med demens i heile prosjektet. Bygningane dannar skjerma uterom der bebuarane kan bevege seg fritt. Her finst òg kafé, pub, frisør, ølbryggeri, legekontor og meir.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre #Nedsett funksjonsevne

Demenslandsbyen Carpe Diem: Ein sjukeheim – nitten unike heimar!

Med demenslandsbyen Carpe Diem har Bærum kommune etablert 19 unike heimar ved å gi bueiningane ulike fargar, møblar og interiør. Institusjonspreget med lange, kvite korridorar er erstatta av attraktive uteområde som er lette å nå frå alle bugruppene. Landsbyen har 158 plassar og eit dagaktivitetssenter.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre #Nedsett funksjonsevne

Verdal bu- og behandlingssenter: Pub, kafé og fleire kulturtilbod – for heile bygda!

Verdal bu- og behandlingssenter er eit nytt sjukeheimstilbod med 132 plassar. Senteret har erstatta to eldre sjukeheimar som til saman hadde 89 plassar. Det er lagt stor vekt på å etablere eit kulturtilbod i bygget som opnar huset for heile bygda. Her kan alle som ønsker det besøke kafeen eller delta på kulturarrangement, konsertar, bokbad og meir.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre #Nedsett funksjonsevne

Strømmehaven: Demenstilpassa omsorgsbustader

Strømmehaven består av 42 nye omsorgsbustader, spesielt utforma for personar med demens. Her kan bebuarane bu livet ut. Bustadene er samlokaliserte med vanlege omsorgsbustader og ein liten sjukeheim. Her finst det òg ein base for heimetenester og eit dagsenter for eldre som bur i nabolaget. Butikk, frisør og kafé er opne for heile nabolaget. Tunet har til saman 80 omsorgsplassar.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre #Nedsett funksjonsevne

Nedre Sem gård: Frå falleferdig låve til omsorgsbustader og arbeidssenter

I 2024 gjenoppstod låven på Nedre Sem i Asker i gjenbrukt drakt med nytt innhald og FutureBuilt-stempel. Det store raude bygget på ein av dei gamle storgardane i Asker er restaurert og huser no bustader og arbeidssenter for personar med nedsett funksjonsevne.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Transformasjon av bygg #Nedsett funksjonsevne #Utleigebustader

Prøvebo: Frå leige til eige for menneske med utviklingshemming

Trondheim kommune har etablert prøveprosjektet Prøvebo for å hjelpe personar med utviklingshemming til å kjøpe sin eigen bustad. Gjennom ein treårsperiode planlegg kommunen å skaffe 30 bustader fordelt på ulike bustadprosjekt i Trondheim. Prosjektet er godkjent som ei prøveordning med tilskot til utleigebustader, slik at kommunen kan kjøpe bustader i utbyggarprosjekt.

#Bustadsosial metodikk #Sjukeheim og omsorgsbustader #Startlån #Nedsett funksjonsevne

Fire kommunar i Troms satsar på energisparing

Dyrøy er ein av fire kommunar i Troms som fekk tilskot til energitiltak i 2023 for å oppgradere 14 omsorgsbustader. Lavangen, Senja og Lyngen er dei andre kommunane som har fått tilskot. Totalt har 89 kommunale bustader blitt oppgraderte ved hjelp av tilskot på til saman 15,2 millionar kroner. Oppgraderingane har gitt ei samla årleg energisparing på 305 535 kilowattimar (kWt).

#Energitiltak #Utleigebustader

"Livskvalitet på blå resept" i Apotekargarden i Førde

Sunnfjord kommune kjøpte 14 omsorgsbustader i ein sentrumsnær bygard frå 1955 som har blitt transformert til bustad og næring. Leilegheitene i det blå bygget har høg standard og ligg i gangavstand til alt som bebuarane treng av butikkar, tenester, transport og natur. Apotekargarden opna sommaren 2022.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre #Transformasjon av bygg

Arendal har oppfylt draumen om eit dagaktivitetssenter

Etter ni år med arbeid kunne dagaktivitetssenteret på bryggekanten i Arendal opne. Det over 200 år gamle verna bygget frå den stolte seglskutetida i byen var blitt oppgradert til ein innbydande samlingsstad for menneske med psykiske helseplager. Prosjektet blei mogleg med Husbanken sitt investeringstilskot og eit velvillig samarbeid mellom mange aktørar.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Psykisk helse og rus #Transformasjon av bygg

Lågare energikostnader og betre inneklima i gammalt burettslag

Bebuarane i Måsevegen burettslag i Tromsø har fått betre inneklima og redusert straumrekningane etter ei omfattande oppgradering. Den åtte etasjar høge blokka frå 1978, som har 78 leilegheiter, har blitt fornya med hjelp av lån frå Husbanken.

#Lån frå Husbanken #Eldre

Nye utleigebustader i Ålesund med god tilgjenge

Ålesund kommune har fått tilgang til fem utleigebustader med gode kvalitetar gjennom tilvisningsavtale. Bustadene ligg i eit bygg med tre etasjar, flott plassering og utsikt over havet. Heile bygget har tolv leilegheiter med heis, og det er gangavstand til sentrum. Dette er det første tilvisingsprosjektet i Ålesund som har blitt finansiert av Husbanken.

#Lån frå Husbanken #Utleigebustader

Frøya bygde 260 bustader på 15 år

Etter mange år med nedgang i folketalet, har talet på fastbuande på Frøya auka med over 1200 innbyggarar frå 2006 til 2023. I om lag same periode har kommunen bidrege til at 260 nye bustader er bygde. Eldre har flytta til moderne leilegheiter i sentrum, medan unge familiar har overteke einebustadene, noko som har skapt ei positiv flyttekjede.

#Bustadsosial metodikk #Startlån #Utleigebustader #Sjukeheim og omsorgsbustader #Lån frå Husbanken #Heilskapleg bustadplanlegging

Omfattande energioppgradering på Dovre

Dovre kommune var klare då Husbanken opna den nye tilskotsordninga for energitiltak i februar 2023. I løpet av eit halvt år oppgraderte dei totalt 95 bustader med ein forventa energigevinst på 700 000 kilowattimar i året.

#Utleigebustader #Energitiltak

Heradshus i Stokmarknes har blitt utleigebustader

Heradshuset frå 1886 har tidlegare vore postbygg, fritidsklubb og kulturskule. No har den raude bygarden i sentrum av Stokmarknes blitt omgjort til utleigebustader. Kommunen har ein tilvisingsavtale med den lokale utbyggaren på tre av dei åtte leilegheitene til ei kvar tid.

#Utleigebustader #Lån frå Husbanken #Distrikt #Transformasjon av bygg

Massivtre midt på campus i Kristiansand

Med ei dekningsgrad på berre 13 prosent i Agder, var dei 271 nye hybelleilegheitene svært etterlengta på Universitetet i Agder sin campus i Kristiansand. Mange studentar søker om hybel hos studentsamskipnaden god tid i førevegen, og dei som får tilslag er svært nøgde med butilbodet på Gimlemoen.

#Studentbustader

På Tømmerkaia er alle likestilte leigetakarar

På Tømmerkaia i Skien sentrum reiser det seg ein ny bydel med 240 utleigebustader. Med tidsubestemde leigekontraktar og garanti mot husleigeauke ut over indeks, skal prosjektet gjere leige til eit trygt og føreseieleg alternativ til å eige.

#Lån frå Husbanken #Utleigebustader #Eldre

Trygge omgjevnader og heimleg atmosfære for menneske med demens

Nye Fosslia omsorgssenter ligg nord for Stjørdal sentrum. Det er kommunen sitt første omsorgssenter tilpassa personar med kognitiv svikt. Senteret har 76 bebuarrom og 25 dagplassar bygde rundt ein sansehage med blant anna vandreruter, plantar og amfi. Bebuarane har tilgang til eigen butikk, kjøkken, storstove og pleietilbod som frisør, fotpleie og tannpleie.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre

Tyribo burettslag: Ungdommar blei bustadeigarar med startlån

I mai 2023 flytta seks unge med utviklingshemming inn i sine eigne leilegheiter i det nybygde Tyribo burettslag i Risør. Leilegheitene vart finansiert med startlån frå kommunen, og prosjektet vart realisert trass høge byggekostnader gjennom god prosjektstyring.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Nedsett funksjonsevne #Startlån

Seniorar i Kvinnherad tok initiativ til seniorbustader

I Kvinnherad har seniorgruppa på Frivilligsentralen, saman med ein lokal entreprenør og arkitekt, fått bygd 29 bustader med livsløpsstandard. Nesten alle leilegheitene i det fem etasjes store bygget blei selt før byggestart og ferdigstilt hausten 2022.

#Eldre #Lån frå Husbanken

Dalaneset brygge – ein god stad å leve heile livet

Dalaneset brygge ligg i den sørlege delen av Bømlo kommune, på Mosterhamn. Dette småhusprosjektet består av 38 bustader og leilegheiter tilpassa bebuarar i alle aldrar. Bustadene er tilpassa livsløpsbehov, og uteareala er universelt utforma. Langs sjøkanten er det ein open strandpromenade og ei felles sandstrand.

#Lån frå Husbanken #Eldre #Distrikt

Hotell i Geiranger bygde leigebustader til tilsette

Initiativet som først omhandla eigne tilsette, har utvikla seg til å bli eit tiltak for bygdevekst. Leilegheitsprosjektet har blant anna bidrege til at den vesle turistbygda med 210 innbyggarar har fått 35 nye fastbuande innan utgangen av 2023. No ønsker hotellet å satse vidare, i samarbeid med Stranda kommune.

#Lån frå Husbanken #Utleigebustader #Distrikt

Energisparande leilegheiter rett ved nærbutikken i Stod

Arbeidet med å styrke nærbutikken og behovet for eit leilegheitstilbod blei starten på eit lokalt utviklingsprosjekt i bygda Stod i Steinkjer, der det å utvikle Stod som attraktivt stad å bu var formålet.

#Eldre #Lån frå Husbanken #Distrikt

Spenstig bustad- og sentrumsutvikling i Iveland

Iveland kommune har i ein periode på over 15 år utvikla eit nytt sentrum, beståande av leilegheiter og næringslokale på Birketveit. Staden har blitt eit nytt samlingspunkt for bebuarane i dei 26 klimavennlege bustadene og heile bygda med berre fem minutts gonge til alt kva Iveland sentrum har å by på.

#Eldre #Lån frå Husbanken #Utleigebustader #Distrikt

Nye studenthyblar i Stavanger tilrettelagde for nedsett funksjonsevne

Studentsamskipnaden i Stavanger (SIS) har bygd to bustadbygg med til saman 129 eittroms hyblar. Bygga ligg på campusen til universitet på Ullandhaug, og alle hyblane er tilrettelagde for studentar med nedsett funksjonsevne.

#Studentbustader #Lån frå Husbanken #Nedsett funksjonsevne

Miljøvennlege studenthyblar i tøffelavstand til skulen

I Vinje kommune, øvst i Telemark har studentane ved Universitetet i Søraust-Noreg campus Rauland fått 42 splitter nye hyblar. Studentbustadene ligg rett over vegen frå studiestaden og er bygd i massivtre med geobrønn som oppvarmingskjelde og solceller som produserer straum.

#Lån frå Husbanken #Studentbustader #Distrikt

Ny storstove med sjukeheim i Åfjord

Julie Næss-tunet på Roan i Åfjord kommune er ein sjukeheim samlokalisert med bibliotek, legekontor, servicekontor og arbeidsfellesskap. Den nye storstova i kommunen opna hausten 2021 og er på totalt 3000 kvadratmeter i sentrum av Åfjord. På den sertifiserte Livsgledeheimen bur det 17 fornøgde bebuarar.

#Eldre #Sjukeheim og omsorgsbustader #Distrikt

Burettslaget Felles framtid i Stange

Felles framtid er eit burettslag for personar med utviklingshemming i Stange kommune. Burettslaget stod ferdig i 2016. Her eig dei ti bebuarane si eiga leilegheit, og kommunen leiger lokale til sine tilsette.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Nedsett funksjonsevne #Startlån

Trygg busituasjon for unge rusavhengige i rehabilitering

På Nedre Eik gård i Svelvik kan bebuarane bu så lenge dei har behov. Her har dei eigne husreglar og betaler husleige. Dei lever i eit fellesskap og jobbar, mens dei etablerer eit rusfritt tilvære. Når dei meistrar ein kvardag utan rus på eiga hand, kan dei flytte ut eller fortsette som mentor.

#Psykisk helse og rus #Utleigebustader

Med startlån blei Ingrid sjef i eigen heim

Då Ingrid Alnes Johannessen skulle flytte heimanfrå, ønskte ho ikkje å bu i eit bufellesskap. Ingrid ville kjøpe eiga leilegheit og vere sjef i eigen heim. Med god hjelp frå familien og Ålesund kommune fekk Ingrid oppfylt draumen sin.

#Nedsett funksjonsevne #Startlån

Breitt samarbeid og engasjerte folk i Ulstein

I 2022 busette Ulstein kommune 136 flyktningar, 21 fleire enn i heile perioden frå 2016 til 2021. Engasjerte innbyggarar, godt samarbeid mellom medarbeidarar, og eit aktivt kommunalt eigedomsselskap med ei ekstra stilling er nokre av årsakene til dette resultatet.

#Flyktningar #Startlån #Utleigebustader

Avlastingsheim for barnefamiliar i Arendal

Etter over 25 år i mellombelse lokale hadde Arendal kommune behov for eit samla avlastingstilbod for barnefamiliar. I august 2022 opna Røedtunet, med ti plassar fordelt på tre bygg rundt eit tun med leikeareal og god tilgjenge.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Nedsett funksjonsevne

Foyer Bodø – bustad for vekst!

Foyer Bodø er eit bustadsosialt tilbod til sårbare unge mellom 16 og 25 år som er, eller står i fare for å bli bustadlause, og som har behov for hjelp og rettleiing. Foyer Bodø tilbyr ein trygg bustad med oppfølging frå ein koordinator. Målgruppa for tilbodet er ungdomar som er i kontakt med barnevernet, Nav eller flyktningkontoret i kommunen.

#Bustadsosial metodikk #Utleigebustader

Byporten sør - sentrale leigebustadar for unge med funksjons­nedsettingar

Seks unge personar med nedsett funksjonsevne har fått kvar sin nye leigebustad, med omsorgsbustadstandard og personalbase, sentralt plassert i Brumunddal. I tillegg har Ringsaker kommune skaffa 13 leilegheiter med kommunal tilvisingsrett. Prosjektet er kome i stand gjennom eit offentleg-privat samarbeid, og er finansiert med dei tidlegare Husbankordningane, grunnlån og tilskot til utleigebustadar.

#Utleigebustader #Nedsett funksjonsevne

Ullensvang busette 68 ekstra flyktningar

I mars 2022 bad IMDi Ullensvang om å ta imot totalt 140 flyktningar. Takka vere privat framleige, oppussa kommunale bustader og eit tidlegare asylmottak, klarte kommunen å huse totalt 208 flyktningar i 2022 frå Ukraina og sju andre land.

#Utleigebustader #Flyktningar

Vanylven kartla ledige bustader digitalt

Vanylven hadde ikkje lenger ei aktiv flyktningteneste eller oversikt over tomme bustader i 2022. Då IMDi oppmoda kystkommunen på Sunnmøre om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina, valde dei å digitalisere registrering av ledige bustader.

#Startlån #Utleigebustader #Flyktningar #Distrikt

Rendalen buset flyktningar privat

I 2022 har den vesle kommunen Rendalen i Innlandet busett heile 110 flyktningar. Godt samarbeid med frivilligsentralen, private huseigarar og ei engasjert befolkning har vore viktig for å lukkast. Når kommunen vurderer bustadar, tenkjer dei heilt enkelt: Kunne mine eigne barn budd her?

#Utleigebustader #Flyktningar #Distrikt

Stor velvilje blant innbyggarane i Beiarn gav resultat

Den vesle kommunen Beiarn i Nordland tok imot 50 flyktningar i 2022 etter oppfordring frå IMDi. Med sine 1027 bustadar betyr det ei befolkningsauke på fem prosent. Jobben med å skaffe bustadar har kommunen heldt på med heile vegen, med ein engasjert ordførar i spissen.

#Utleigebustader #Flyktningar #Distrikt

Grimstad brukte startlån for å frigjere utleigebustadar

I tillegg til å leige bustadar på den private marknaden, brukte Grimstad kommune i 2022 startlån aktivt. Bebuarar i kommunale bustadar, som hadde økonomi til å kjøpe sine eigne bustadar, fekk bistand til dette. Dermed fekk kommunen frigjort fleire leigebustadar til dei 158 flyktningane som kommunen busette gjennom 2022.

#Startlån #Utleigebustader #Flyktningar

Hordasmibakken – rimelege bustader med enkle grep

Tidlegare Lindås kommune trong rimelege og gode bustader til unge barnefamiliar med låg inntekt som hadde vanskar med å kjøpe bustad i den opne marknaden. Løysinga blei eit offentleg-privat samarbeid.

#Startlån #Lån frå Husbanken

Samlokaliserte bustadar med døgnbemanning i Melhus kommune

Idrettsveien er eit bu- og tenestetilbod basert på recovery-tenking. Her kan bebuarar leve meiningsfulle, aktive og tilfredsstillande liv, sjølv om dei har helseutfordringar knytt til rus og psykiatri.

#Bustadsosial metodikk #Utleigebustader #Psykisk helse og rus

Barn bur bra i Bærum

Barn bur bra i Bærum er ein innsats for å få fleire barnefamiliar med svakt inntektsgrunnlag til å kjøpe eigen bustad. Målgruppa er familiar med barn under 18 år med minst ei stabil inntekt.

#Startlån #Bustadsosial metodikk

Leige til eige for unge i Lillebyen borettslag TOBB

Bustadbyggelaget TOBB har utvikla konseptet «leige-før-eige». Det skal bidra til at TOBB-medlemmar som manglar tilstrekkeleg eigenkapital, men elles har tilstrekkeleg inntekt til å handtere bustadkostnadar, skal kunne kjøpe seg bustad.

#Utleigebustader #Bustadsosial metodikk

Kirkeparken omsorgssenter midt i byen

Hammerfest kommune bygde eit sentrumsnært omsorgssenter i 2015 med sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar, dagtilbod og vanlege bustadar. Ideen var å samle omsorgstenester på ulike nivå, og samstundes opne opp for fleirbruk og besøk på tvers av alder og funksjon.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre

Kvernstua burettslag

Nittedal kommune har ein strategi om at den enkelte skal kunne eige bustaden sin. Dei tilbyr difor innbyggarar med nedsett funksjonsevne som tar imot tenester frå kommunen andelar i burettslag. Kommunen initierer prosessar og styrer arbeidet saman med dei som ønskjer å eige eigen bustad.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Lån frå Husbanken #Nedsett funksjonsevne

Eige først for barnefamiliar i Kongsvinger

Kongsvinger kommune har over fleire år testa ut «eige først» for familiane som ikkje oppfyller vanlege kriterium for å få startlån. Familiar som er delvis avhengig av sosialhjelp til bustadutgifter, men som har eit inntektspotensial til å bli økonomisk sjølvhjelpte på sikt, får moglegheit til å kjøpe bustad ved hjelp av startlån.

#Startlån #Bustadsosial metodikk

Leige før eige i Gjøvik

Gjøvik kommune jobbar for at barnefamiliar utan eigenkapital skal lukkast med å kjøpe sine eigne bustadar. Familiane får tilbod om å leige bustad i fem år med fast månadleg sparing. Mot slutten får dei moglegheit til å kjøpe bustaden til fastsett pris. Gjøvik boligstiftelse, Gjøvik kommune og Nav Gjøvik har etablert dette tilbodet.

#Bustadsosial metodikk #Utleigebustader

Bergerløkka sameige for unge med nedsett funksjonsevne

Åtte unge vaksne med nedsett funksjonsevne flytta inn i kvar sin bustad i november 2020. Dei nye bustadeigarane får dermed eit butilbod som er organisert som eit sameige etter at dei flytta ut av foreldreheimen.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Startlån #Nedsett funksjonsevne

Burettslags­bustadar med lågare innskot i Verdal

Bustadbyggelaget Midt har i samarbeid med Stiklestad Eiendom AS utvikla konseptet HJØLPIN, som gir lågare innskotspris på burettslagsleilegheiter. HJØLPIN gjer det mogleg for personar utan mykje oppspart eigenkapital å kjøpe sin eigen burettslagsbustad og bli sjølvhjelpne på bustadmarknaden.

#Startlån

Luranetunet - sjukeheim med tropisk hage

Ein stor tropisk hage inne i sjukeheimen har gjort at bebuarane kan oppleve natur og isfrie vandremoglegheiter heile året. Hagen blei etablert i samband med at den eksisterande sjukeheimen blei bygd om, og utvida.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Eldre

Tilrettelagd bustad for personar med nedsett funksjonsevne

Froland kommune hadde behov for fleire kommunale utleigeeiningar til unge menneske med funksjonsnedsettingar. For bebuarane var det viktig med personalbasen i direkte nærleik, og det å kunne søke tryggleik innomhus.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Nedsett funksjonsevne

Montenegro bu- og lågterskelsenter

Det døgnbemanna senteret har fem omsorgsbustader og ei overgangsleilegheit for personar med utfordingar innan rus og psykiatri. Senteret har også eit lågterskeltilbod som inntil 15 personar med liknande problem kan nytte seg av.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Utleigebustader #Psykisk helse og rus

Barna først i Kragerø

Barnas beste skal vege aller tyngst i vurdering av beste løysing for familien. I Kragerø kommune set dei barna først, som ei erkjenning av at bustadpolitikken har eit ansvar for at alle barn skal bu godt og trygt.

#Startlån #Bustadsosial metodikk

Smibakken burettslag

Smibakken burettslag i Lindesnes kommune består av sju leilegheiter for unge personar med funksjonshemming. Alle bebuarane eig bustaden sjølv. Dei eig òg fellesrommet med kjøkken, trimrommet, utearealet og personalbasen. Bustaden er tilpassa kvar enkelt bebuar sitt funksjonsnivå og smak. Kommunen leiger personalbasen og yter omsorgstenestene kvar enkelt treng.

#Sjukeheim og omsorgsbustader #Startlån #Nedsett funksjonsevne