Luranetunet - sjukeheim med tropisk hage

Ein stor tropisk hage inne i sjukeheimen har bidratt til at bebuarane kan oppleve natur og isfrie vandremoglegheiter heile året. Hagen blei etablert i samband med at den eksisterande sjukeheimen blei bygd om, og utvida.

Kommunenavn: Bjørnafjorden
Kommunestørrelse: Mellomstor

Luranetunet innendørs tropisk hage

Resultat

  • Nybygget har eit samla areal på 9300 kvadratmeter inkludert tropehagen og stod ferdig i november 2017.
  • Ein ny type rom som kan brukast til mange ulike aktivitetar og arrangement.
  • Lett tilgang til klimatisk uterom rett frå bugruppene i første etasje.
  • "Ei kjensle av å vere ein liten tur i Syden".
  • Tropehagen bind saman nytt og gammalt bygg.

Bakgrunn

Kommunen hadde behov for fleire sjukeheimsplassar og vurderte ulike tomter. Kommunen ønskte å samlokalisere fleire tilbod. Medverkingsprosessen førte til ideen om ein tropisk hage.

Mål og målgruppe

  • Tropehagen skal tilby vandremoglegheiter og vere lett tilgjengeleg for dei som treng det mest.
  • Hagen skal kunne brukast til fleire arrangement og bidra til aktivitetar.
  • Hagen skal bidra til å gjere det attraktivt å besøke anlegget og kafeen.
  • Visjonen er at sjukeheimen skal bli ein interessant stad å komme til.

Prosjektet

Den nye delen av Luranetunet har 96 bebuarrom (60 sjukeheimsplassar og 36 rom for personar med demens), alle i einerom på 28 kvadratmeter. Bebuarane er fordelte på seks avdelingar og i grupper på ti personar. Det er bygd ein stor ny tropisk hage inne i anlegget.

Einingsleiar ved Luranetunet fortel om nokre av erfaringane:

Dei som hadde mest utbytte av å gå ut, skulle bu i første etasje. Dette fungerer etter føremålet. Etter at bebuarane har ete frukost, så går dei rett ut her. Terrassedørene inn til tropehagen står opne frå tidleg morgon til seint på kveld.

Ein dag sat ei av damene med ei songbok og song. Bebuarane går òg rundt og ser på dei store fiskane i dammen. Det har mellom anna vore målekurs i hagen. I tillegg til kursdeltakarane, sat veldig mange rundt og såg på. Nokre sat og såg i vindauga, mens andre sat ute på terrassane sine og følgde med. Mange synest det er bra at det skjer noko.

Nokre gongar kan tropehagen vere eit lite kulturhus i seg sjølv. For eksempel når kulturskolen sine elevar skal ha framføringar. Då høyrer bebuarane at noko skjer, og plutseleg er det 20-30-40 stykke som høyrer på. Det er elles ein flott øvingsarena for elevane som vil trene på å framføre på ei scene. 

Vi har òg hatt eit arrangement i heile hagen med full bevertning, musikk og kulturinnslag for 130 personar. Hagen blir brukt jamleg til trim og trening.

 

Brukermedverknad

Kommunen styrte det meste av utviklingsprosessen sjølv. Kommunen sette saman ei arbeidsgruppe beståande av einingsleiarar, fem-seks avdelingsleiarar, verneombod og tillitsvalde. Mykje av romprogrammet og funksjonsbeskrivinga er henta frå denne gruppa. Arbeidsgruppa klarte å formulere draumen sin, noko prosjektleiar meiner var ein av suksessfaktorane i prosjektet.

Prosjektleiar fortel vidare at det var viktig med lang modningstid tidleg i prosessen, og dei gjekk medvitne ikkje for fort fram. På denne måten kunne alle delta og sette seg inn i oppgåva. Resultatet har blitt eit bygg som både kommunen som byggherre og brukarane er nøgde med. Kostnadene blei samtidig halde på eit lågt nivå. Tilsette fortel òg at pårørande seier dei er nøgde med bygget.

Finansiering

Prosjektet er finansiert gjennom investeringstilskot frå Husbanken. Storleiken på gruppene for personar med demens er over det Husbanken tilrår i rettleiaren for lokalisering og utforming av omsorgsbygg som gjeld i dag. 

Tips til andre

  • Bruk ein rutinert/profesjonell prosjektleiar.
  • Sjå til andre som har gjennomført liknande prosjekt og prosessar.
  • Engasjer Husbanken tidleg i prosessen.