Om Husbanken

Husbanken er regjeringas viktigaste organ for gjennomføring av bustadpolitikken. Gjennom verkemiddel som bustøtte, lån, tilskot, kompetansebyggjing og kunnskapsutvikling støttar vi kommunane fagleg og økonomisk i deira arbeid med å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Andre sentrale samarbeidspartnarar er byggjenæringa, kunnskapsmiljø og velferdsaktørar.