Spenstig bustad- og sentrumsutvikling i Iveland

Iveland kommune har i ein periode på over 15 år utvikla eit nytt sentrum, beståande av leilegheiter og næringslokale på Birketveit. Staden har blitt eit nytt samlingspunkt for bebuarane i dei 26 klimavennlege bustadene og heile bygda med berre fem minutts gonge til alt kva Iveland sentrum har å by på.

Kommunenavn: Iveland
Kommunestørrelse: Liten
Birketveit sentrum sett fra lufta. Dronefoto.
Uteområde med lekeplass ved boligene på Åkletunet. Foto.
Boligene på Åkle har verandaer og utsikt mot vannet. Foto
Universelt utformet bade- og fiskeplass i sentrum. Foto.
Møteplass med benker ved vannet. Foto.
Park ved kirken med fontene og paviljong. Foto.

Foto: Iveland kommune

Bakgrunn

Iveland kommune ligg i Agder fylke mellom Kristiansand og Evje. Den tradisjonelle bukommunen langs fylkesveg 403 har tre tettstader og 60 prosent utpendling, hovudsakleg til Kristiansand. Busetnaden bestod berre av spreidde einebustader og småbruk, og eit næringsliv med småbedrifter og primærnæring på kvar si tue, i tillegg til offentleg sektor.

I samanheng med revisjon av kommuneplanen, starta Iveland kommune i 2005 arbeidet med å utvikle eit sentrum, i form av eit klimavennleg landsbykonsept på Birketveit. Utfordringane som blei skisserte opp var:

  • Ikkje noko definert sentrum.
  • Mange eldre flytta ut av kommunen, mens mange blei buande i bustader som ikkje var eigna til personar med nedsett funksjonsevne.
  • Einsame eldre i bustader langt frå folk. Heimetenestene brukte mykje tid i bil.
  • Mangel på uformelle møteplassar.
  • Ønske om å legge til rette for at eldre kunne bu heime lenger.
  • Ønske om å etablere eit butilbod i sentrum som appellerte til både unge og eldre.
  • Ønske om å legge til rette for kollektive transportløysingar.

Resultat

  • Nye Iveland sentrum har fått 26 moderne og universelt utforma leilegheiter sidan 2019. Fire av leilegheitene er utleigebustader med tilvisingsavtale.
  • Området, som har fått namnet Åkle, har blitt ein populær møtestad med daglegvareforretning, kafé, bibliotek, kulturarena og uteområde med leikeplass og badeplass.
  • Klimavennlege løysingar med massivtre, felles jordvarmeanlegg og garasjekjellar.
  • Det er fem minutts gonge til «alt» ein treng i kvardagen.
  • Sosial tilhøyrsle når fleire i ulik alder bur rundt same tun, mindre transportbehov og enklare for kommunen å hjelpe bebuarar ved behov.
  • Auka omsetning for lokalbutikken etter at han flytta inn i det første byggetrinnet.
  • Det har ikkje vore noko hærverk i området sidan bygginga starta. Kommunen meiner det er fordi heile bygda har vore aktivt involvert i prosjektet frå byrjinga av. 

Mål og målgruppe

Målet var å utvikle eit klimavennleg sentrum i kommunen, legge til rette for at fleire eldre kunne bu heime lenger i eigen bustad og skape eit butilbod som appellerte til både unge og eldre. Befolkningstalet i kommunen har vore stabilt sidan prosjektet blei realisert, og mange av dei andre måla og utfordringane har blitt innfridd med det nye sentrumsområdet Åkle i Birketveit.

Om prosessen

Kommuneleiinga i Iveland har stått samla gjennom mange år og fire ordførarperiodar om både utfordringane og løysingane om blant anna å utvikle Åkle på Birketveit.

Det heile starta med ei idéutvikling og moglegheitsstudie med brei medverking blant innbyggarane. Til denne innleiande prosessen fekk administrasjonen god bistand frå ulike fagressursar på stadsutvikling, deriblant Husbanken. Så gjaldt det å finne ein dyktig og engasjert arkitekt som kunne ta opp tråden frå innbyggarar og politikarar, slik at konseptet blei stadstilpassa og godt.

Kommunen fekk svar frå 12 interesserte arkitektkontor etter at dei lyste ut eit parallelloppdrag. Tre av arkitektane fekk i oppdrag å lage forslag til konsept som blei vurdert av ein lokal jury saman med eksterne fagfolk.

Kommunen ønskte primært å bruke lokale aktørar så langt det var mogleg. Når arkitekten var klar med prosjekteringa, fann administrasjonen etter kvart ein entreprenør som har bidrege veldig positivt på alle område i utviklinga av prosjektet. Alt byggeri er i massivtre. På det tidspunktet var det lite kunnskap om massivtre i Noreg, og entreprenøren måtte derfor tileigne seg denne kunnskapen på eiga hand.

Lov om offentlege anskaffingar har blitt følgt til punkt og prikke gjennom heile prosjektet. Alle konkurransar og utlysing av tomter, garasje og næringsbygg har, saman med prosjektets andre prosessar, vore tidkrevjande for ein liten administrasjon. Utbygginga har gått føre seg over fleire år og totalt fem byggetrinn. Det nest siste byggetrinnet stod ferdig i 2019. Førehandssalet av leilegheitene gjekk raskt i starten, men har flata ut etter kvart. Det er ikkje behov for fleire leilegheiter per 2023, men tomta er ferdig regulert for 12 nye bustader.

Kommunen har gjennomført to rundar med medverking frå innbyggarar. I første omgang knytt til arbeidet med kommuneplanen i 2005 og utviklinga av sentrum og området rundt. I andre omgang knytt til sjølve sentrumskjernen, kva funksjonar og kva løysingar som skulle planleggast på detaljnivå. Prosessane har vore både med ungdommar på sommarskule, eldre, arkitektar og bransjeaktørar. I tillegg har kommunen hatt opne folkemøte.

Finansiering

  • Kommunen har utvikla tomta og opparbeidd infrastrukturen med eigne midlar. Ifølge eit vedtak frå kommunestyret løyvde kommunen 4,5 millionar kroner til dette formålet.
  • Kommunen garanterte òg for å utvikle parkeringskjellaren til nytte både for bustadene og dei andre sentrumsfunksjonane. Kommunen har forskotert 11,5 millionar som leigetakarane og sameiget nedbetaler.
  • Kommunen fekk ein million kroner i BLEST-midlar frå Husbanken i 2006 knytt til arbeidet med mogelegheitsstudie, arkitektkonkurranse og medverkingsprosessar i innleiande del av prosjektet.
  • Kommunen fekk òg 875 000 kroner i signalprosjektmidlar til å planlegge, prosjektere og gjennomføre fysiske tiltak, som fonteneparken, fiskeplassen, badeplassen og etablere eit landemerke ved innkøyringa til sentrum.
  • Kommunen har òg inngått ein tilvisingsavtale på fire av bustadene finansiert med tilskot og lån til utleigebustader frå Husbanken. Dei aller fleste bebuarane har kjøpt leilegheit med lån til bustadkvalitet frå Husbanken. 

Vidareføring av arbeidet

I 2022 kommunen starta å vidareutvikla tomta i det siste og femte byggetrinnet. Det er gitt rammeløyve til å bygge 12 fleire leilegheiter på eit areal på fire mål. Sjå òg informasjon om kommunens andre bustadplanar i lenkesamlinga nedst på denne sida.

Utfordringar og tips til andre

  • Sørg for å forankre sentrumsutviklinga blant innbyggarane, politikarane og i administrasjonen. Bruk musklane i kommunen til fulle saman med lokalsamfunnet, næringsliv og eldsjeler.
  • Både arkitekten og entreprenøren bør vere offensive, fleksible, men òg realistiske.
  • Vêr tolmodige. Fest blikket på ein god prosess og formålet. Vêr førebudd på kritikk.
  • I ettertid ser kommunen at Åkle med fordel kunne vere organisert som eit burettslag. Då kunne låna frå Husbanken blitt vidareført ved sal av bustadene.
  • Med fallet i bustadprisar, spesielt i distrikta, så hadde det vore meir føreseieleg både for kommunen og bebuarane at fleire av bustadane var utleige i staden for sal. 

Meir informasjon

Ivelands bustadplan for dei tre tettstadene står i denne artikkelen

Byggmeisteren si eiga side om prosjektet på Facebook

Omtale med bilde frå Arkitektbedriftene