Ny storstove med sjukeheim i Åfjord

Julie Næss-tunet på Roan i Åfjord kommune er ein sjukeheim samlokalisert med bibliotek, legekontor, servicekontor og arbeidsfellesskap. Den nye storstova i kommunen opna hausten 2021 og er på totalt 3000 kvadratmeter i sentrum av Åfjord. På den sertifiserte Livsgledeheimen bur det 17 fornøgde bebuarar.

Kommunenavn: Åfjord
Kommunestørrelse: Liten
Fasadebilde av det rødmalte bygget med gule vindusrammer og pulttak. Foto.
Enhetsleder avbildet i fellesrom med stoler, bord, gamle bilder, en rokk og et piano. Foto.
Biblioteket i andre etasje med god plass mellom reolene og lesestoler. Foto.
Kokken med hvit jakke og blå lue avbildet på kjøkkenet. Foto.
God plass og lyse farger i resepsjonen. Foto.
Sosial sone med blå sofaer, lyse trevegger og rød kontrastvegg . Foto.

Bakgrunn

Roan gamleheim frå 1951 med 15 plassar var i generelt dårleg forfatning, med blant anna setningsskadar i grunnen. Sjølv om bygget var modent for å rivast, fekk inventar, møbel, hjelpemiddel og diverse forbruksmateriell nytt liv i Litauen og Latvia gjennom foreininga Baltikums venner. 1. januar 2020 blei Roan innlemma i Åfjord kommune, og behovet for sjukeheimsplassar på nye Roan sjukeheim blei endra.

Resultat

  • 17 pasientrom fordelt på to avdelingar i første etasje med daglegstove, etesal og sansehage
  • Legekontor, helsestasjon, fysioterapi, bibliotek, NAV (mellombels) og servicefunksjonar i andre etasje
  • Samlokaliseringa med heimetenesta og sjukeheimen gjer at kommunen kan yte tenestene sine meir effektivt og fleksibelt
  • Den lyse innreiinga blir prega av ei varm stemning med varierte fargar, mykje treverk, gamle bilde og god plass
  • Komfortabelt inneklima med balansert ventilasjon og golvvarme, levert med fornybar energi frå bergvarmepumpe og energibrønnar

Mål og målgruppe

Kommunen hadde behov for å erstatte gamleheimen med ein ny sjukeheim og samtidig samle ulike helsetenester saman med enkelte servicefunksjonar for innbyggarane i kommunen. Den primære målgruppa for sjukeheimen var pleietrengande eldre fordelt på 15 langtidsplassar og to korttidsplassar.

Beskriving av prosessen

Prosessen gjekk i det store og heile «etter boka», i samarbeid med Husbanken og dei andre aktørane. Gamle Roan kommune sette i gong før kommunesamanslåinga. Eit framleis godt sjukeheimstilbod i nye lokale i Roan var ein viktig premiss for at Roan skulle gå inn ein ny og større kommune. Etter at Roan starta opp prosjektet i eigen regi, blei prosjektet overteke og fullført av den samanslåtte kommunen. Prosjektstyringa gjekk føre seg gjennom ein felles byggekomité med representantar frå kommunane Roan og Åfjord.

Brukarmedverknad

Leiarar, tillitsvalde, tilsette ved sjukeheimen, fysioterapeut og lege har vore involvert i prosessen undervegs, for å gjere bygget funksjonelt og i tråd med lover og forskrifter.

Finansiering

Kostnadene for sjukeheimsplassane på totalt 133 millionar kroner blei finansiert med 31 millionar kroner i investeringstilskot fra Husbanken. Dette utgjer over 1,8 millionar per sjukeheimsplass. Resten blei finansiert med lån.

Tips til andre 

  • Tenk langsiktig i val av løysingar.
  • Bruk god tid i planlegginga, det gir kortare byggetid.
  • Brukarinvolvering, forankring og eigarskap er avgjerande uansett fase.
  • Det kan aldri informerast nok, verken i planlegging eller i byggefasen.

Lenker

Har du tilgang til lokalavisa Fosna-folket? Då kan du lese den fyldige omtalen av senteret publisert i februar 2021.