"Livskvalitet på blå resept" i Apotekargarden i Førde

Sunnfjord kommune kjøpte 14 omsorgsbustader i ein sentrumsnær bygard frå 1955 som har blitt transformert til bustad og næring. Leilegheitene i det blå bygget har høg standard og ligg i gangavstand til alt som bebuarane treng av butikkar, tenester, transport og natur. Apotekargarden opna sommaren 2022.

Fasade
Fellesstue
Fellesstue m kjøkken
Leilighet
Bad HC
Takterrasse åpning

Bakgrunn

Kommunen hadde behov for sentrumsnære omsorgsbustader for eldre i Førde. Årsaka var stadig fleire eldre med ulike hjelpebehov. I forkant av anbodskonkurransen hadde utbyggarar teke kontakt med ønske om å bygge leilegheiter i Førde sentrum for eldre. Kommunen var interessert i å samarbeide med private aktørar og kjøpe seg inn i eit utbyggingsprosjekt som innfridde kommunen og Husbanken sine krav.

Resultat

Ein eldre bygard i tre etasjar blei transformert til eit moderne bygg på 5400 kvadratmeter fordelt på seks etasjar med ei blanding av omsorgsbustader, sjølveigarleilegheiter og næringslokale.

Mål og målgruppe

Eldre med behov for helse- og omsorgstenester heile døgnet.

Beskriving av prosessen

Kommunen lyste ut behovet for bustadene i ein open anbodskonkurranse på Doffin. Årsakene var at det var fleire private utbyggarar i Førde som var interesserte i å samarbeide om eit slikt prosjekt, og at kommunen slapp å ta investeringskostnadene. Konkurransen inneheldt blant anna desse krava:

Av dei tre tilbydarane som deltok i konkurransen, var det arkitektfirmaet Xform som vann. Dei hadde kjøpt den gamle bygarden som tidlegare husa apoteket rett ved sida av hotellet. Denne ville dei totalrenovere til bustad og næring, og med kommunen på laget kunne dei utnytte potensialet til fulle med å bygge på tre etasjar ekstra.

– Det var innovativt av kommunen å lyse ut bustadbehovet på Doffin. Det klargjorde krava for utbyggarane. Med gode og gjennomtenkte krav og ei tydeleg beskriving blei grunnlaget lagt for at omsorgsbustadene med tilhøyrande areal i Apotekargarden har blitt eit forbilde, seier Frode Hovlandsdal i Husbanken.

I tillegg til miljøvinstane ved å gjenbruke og utnytte tomta og betongkonstruksjonane maksimalt, så er sjølve bygget TEK17 med energiklasse B (unntatt kjellaren). Ein av grunnane til dette er fjernvarme til både oppvarming og tappevatn.

Finansiering

Bustadene, personalbasen og fellesareala er delfinansierte av Husbanken med 18,6 millionar kroner i investeringstilskot. Dei totale prosjektkostnadene for dei same tre delane av bygget landa på 41 millionar kroner.

Brukarmedverknad

Eldrerådet, kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne og brukarutvalet for heimetenestene og sjukeheim har vore involvert gjennom heile prosessen.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå administrasjonen, tilsette og verneombod var involverte då planløysingane i omsorgsbustadene blei utarbeidde. Kommunen har òg hatt tett dialog med Husbanken og utbyggar for å innfri Husbanken sine krav til omsorgsbustader.

Etter innflytting viser tilbakemeldingar at bebuarane er fornøgde med dei lyse og fine leilegheitene, lokaliseringa i sentrum og naboskapet i blokka. Mange av dei har derimot hatt behov for hjelp til å bruke moderne installasjonar som koketopp, vaskemaskin, og å styre varme, lys og ventilasjon.

Utfordringar

Lenker

Apotekargarden (byggeindustrien.no)

Apotekargarden (xform.no)

Vidareføring

Apotekargarden er ei av fleire bustadblokker med heis og livslaupsstandard som har blitt bygde i Førde sentrum dei seinare åra. Bebuarane er stort sett 60+ som no bur aldersvennleg og kan bli buande heime lenge.

Ifølge den bustadsosiale handlingsplanen i kommunen skal dei bygge gjennomsnittleg 20 nye omsorgsbustader kvart femte år framover. I tillegg er dei i gang med å planlegge innhaldet i ein ny sjukeheim med 70 plassar som skal stå ferdig i 2030.

Det har gitt meirsmak for arkitektfirmaet Xform både å vere utbyggar og å samarbeide med kommunen om sentrumsnære omsorgsbustader med god standard. At kommunen kjøpte ein stor del av leilegheitene var avgjerande for at Apotekargarden kom i gang så raskt og kunne få finansiering. Dette har vore positivt for både kommunen og alle dei som har kjøpt vanlege leilegheiter. Når det er sagt, er det mindre komplekst og dermed rimelegare med nybygg enn gjenbruk. Blant anna er dokumentavgiftene lågare ved nybygg, noko som gir 2,5 prosent lågare prisar, slik regelverket er i 2024.