Ullensvang busette 68 ekstra flyktningar

I mars 2022 bad IMDi Ullensvang om å ta imot totalt 140 flyktningar. Takka vere privat framleige, oppussa kommunale bustader og eit tidlegare asylmottak, klarte kommunen å huse totalt 208 flyktningar i 2022 frå Ukraina og sju andre land.

Kommunenavn: Ullensvang
Kommunestørrelse: Mellomstor

Allereie ei dryg veke etter oppmodinga, var 120 flyktningar komme til Hardangerkommunen. Dei hadde komme med dei kvite bussane via Polen. Hardangerpark kansellerte dermed alle turistbestillingane til det tidlegare asylmottaket, slik at flyktningane kunne innlosjerast der mellombels.

Blei tekne på senga

Ullensvang kommune, med sine 11 000 innbyggarar, har teke imot flyktningar kvart år sidan 80-talet. Men omfanget denne gongen gjorde at dei måtte bemanne opp. - Vi blei tekne litt på senga av at det kom så mange så fort. Heldigvis fekk vi kjøpt oss tid ved at kommunen leigde alle romma på Hardangerpark som ei naudløysing, seier Ingvild Sperrevik, leiar for inkludering i Ullensvang kommune.

Framleige, privat innlosjering og oppussing

Befolkninga har stilt opp for å hjelpe til med busettinga. Folk med ledige bustader melde seg ved å fylle ut eit skjema på kommunen si heimeside. Kommunen leiger bustaden frå eigaren, og leiger den deretter vidare til flyktningen. På denne måten held eigaren seg til kommunen som ein stabil og trygg leigetakar. Fruktbønder innlosjerte ukrainske sesongarbeidarar som flykta på eiga hand til gardane der dei har jobba tidlegare.

Berre to-tre fritidsbustader er så langt nytta som primærbustad ved hjelp av den nye forskrifta. Det kjem kommunen til å nytte seg meir av dersom busettingsbehovet varer ved.

Flyktningar hjelper flyktningar

Flyktningtenesta har tilsett ein tømrar til å sette i stand kommunale utleigebustader. Med seg på jobb har han fleire flyktningar som går i tømrarlære eller ønsker å gå i den retninga. Desse lærlingane får både språk- og arbeidstrening på jobb. Tømraren vil òg kunne fungere som referanse for dei seinare, slik at dei lettare kan komme seg i jobb.

Husbanken har ei eiga side med info og rettleiing til bustader for flyktningar