Byporten sør - sentrale leigebustadar for unge med funksjons­nedsettingar

Seks unge personar med nedsett funksjonsevne har fått kvar sin nye leigebustad, med omsorgsbustadstandard og personalbase, sentralt plassert i Brumunddal. I tillegg har Ringsaker kommune skaffa 13 leilegheiter med kommunal tilvisingsrett. Prosjektet er kome i stand gjennom eit offentleg-privat samarbeid, og er finansiert med dei tidlegare Husbankordningane, grunnlån og tilskot til utleigebustadar.

Sjå film om prosjektet her

Ringsaker kommune har etablert eit eige tilbod for ungdom med nedsett funksjonsevne og stort tenestebehov i eit vanleg sentralt plassert bustadområde.

Bustadane har ei utforming som ligg tett opp til omsorgsbustadstandard. Det er uvanleg å framskaffe bustadar av ein slik kvalitet for denne målgruppa i privat regi, utan bruk av investeringstilskot.

Private aktørar har ikkje tilgang til investeringstilskot. Kommunen løyste dette ved hjelp av to tidlegare Husbankordningar, grunnlån og tilskot til utleigebustadar.

Tilskot til utleigebustadar blei avvikla får 2023, men dømet får ny relevans om det kjem liknande tilskotsordningar i framtida.

Prosjektet er uansett eit godt døme på offentleg og privat samarbeid for å framskaffe gode bustadar. Bustadane er oppført til ein veldig gunstig pris.

Resultat

Frå 2022 har Husbanken sett ei øvre grense på kor mange bustadar kommunen kan tilvise eller tildele til vanskelegstilte i kombinasjonsprosjekt som Byporten sør. Denne andelen er 40 prosent.

Bakgrunn

Idéen til prosjektet oppstod då kommunen deltok i Husbanken sitt kommuneprogram. Deltakinga gav kommunen og private utbyggjarar tilgang til Husbanken sin økonomiske verkemiddel og tilvisingsavtalar.

Ringsaker kommune ønskte å auke antal utleigebustadar til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Overordna kommunale føringar for dette låg i budsjettet for 2015.

Dei unge med funksjonsnedsettingar budde i hovudsak i foreldra deira sin bustad på ulike stadar i kommunen. Dette var ikkje ideelt, korkje for bebuarane eller familiane, og det var kostnadskrevjande og upraktisk med tanke på kommunen sine tenester. Dei unge ønska å bu i sentrum.

Mål

Skildring av prosessen

Ringsaker kommune har etablert eit godt samarbeid med fleire private profesjonelle utleigarar. Ein av desse, Høyen Eigedom AS, ønskte å tilby kommunen utleigebustadar for unge med funksjonsnedsettingar. Selskapet etablerte bustadane i tilknyting til ei daglegvareforretning og utleigebustadane med tilvisingsavtale. Bustadane er utforma i tett samarbeid med kommunen.

Prosjektet tilbyr tilpassa bustadar med ein integrert personalbase sentralt i Brumunddal. Prosjektet er teikna av STUDIO NSW.

Løysingane gir moglegheit for seng i pleiestilling med himling, klargjort for takskinne. Norsk standard for universell utforming NS 11001 - del 2 Boliger er lagt til grunn for prosjekteringa.

Les mer om tilvisningsavtaler

Tidslinje for prosjektet

2015/2016

Ringsaker kommune skaffa seg ei oversikt over unge menneske med utviklingshemming som innan ei femårsperiode ville ha behov for å etablere seg i eigen bustad. Ringsaker kommune erfarte at dei ville få eit udekt behov på dette området. Det blei kartlagt at det var 74 personar som ville ha eit behov for tilrettelagt bustad.

Hausten 2016

Ringsaker kommune kalla inn til informasjonsmøte med brukarar og pårørande eller verjene. Husbanken var til stades. Aktuelle leigetakarar kunne i møte eller i etterkant av møtet skildre nærmare kva ønsker og behov dei hadde framover.

Januar 2017

Ringsaker kommune starta dialog med utbyggar og arkitektane deira for å avklare om dette kunne mogleggjerast. Kommunen ønskte å tilpasse sju leilegheiter, samlokaliserte, kor ei av desse skulle leigast av kommunane sjølv og nyttast som ei base for tenesteytande personell. Dei andre seks skulle tildelast brukarar etter deira ønske og i dialog med dei.

Det blei etablert ei eiga prosjektgruppe som skulle jobbe tett opp mot utbyggar og ulike verksemder i kommunen. Det blei samarbeidet for å kome fram til ulike plan- og romløysingar og byggtekniske tilpassingar for å imøtekome leigetakarane sine behov. Parallelt med dette gjorde tenesteytande einingar i kommunen vurdering av tenestebehovet til dei aktuelle brukarane og etablerte turnusar i bemanningsplanar.

November 2017

Husbanken gav tilsegn om lån til utleigebustadar til 20 bustadar:

Byggetida blei rekna ut til å vare i cirka 1,5 år, inkludert planarbeid og riving av eksisterande bygningsmasse.

Tilpassingar blei gjort på sju leilegheiter i 2. etasje i bygget. Kommunen leiger ei av desse som blir nytta som personalbase og fellesareal. Dei andre seks tilpassa leilegheitene leigast av brukarane sjølv frå utbyggjaren Høyen Eigedom AS. Fem bustadar er på 70 m2, og to bustadar er på 81 m2.

Leigeprisar per månad ved innflytting er høvesvis 8500 kroner og 9000 kroner eksklusiv kostnadar til straum/oppvarming, vatn, og eventuelt breiband.

Mars 2019

Alle dei sekstildelingsleilegheitene er fordelt. Bebuarane er flytta inn, og dei er i aldersgruppa 19-24 år. Bebuarane er førstegangsetablerarar og har alle budd i foreldreheimen fram til innflytting. Kjønnsfordelinga er fire gutar og to jenter. Dei har eit varierande tenestebehov, men dei fleste av dei har behov for stor grad av oppfølging og eller tilsyn.

Nytt fra 2022

I samband med ny forskrift om lån frå Husbanken er det innført ei øvre grense/andel på 40 % vanskelegstilte i prosjekt som har ein kombinasjon av utleigebustadar med tilvising- og tildelingsavtalar.

Det er framleis mogleg å realisere kombinasjonsprosjekt, men det krev at det også er ein andel bustadar for sal. Bustadane seljast på den opne marknaden. Også desse bustadane kan finansierast med lån frå Husbanken. Kommunen kan også ta i bruk startlån til kjøp av desse.

Brukarmedverknad

Kommunen hadde tre møter med pårørande i forkant som gav uttrykk for at dei først og fremst ønskte gode og trygge tenester for sine barn. Tenestene måtte også gi moglegheit for eit sosialt fellesskap og forebygge eit liv i einsemd. Om dei skulle eige eller leige bustaden var av mindre interesse, Men dei ønskte bistand frå kommunen for å kome i kontakt med dei andre som dei kunne bu saman med, eller i nærleiken av barna deira.

Ringsaker kommune følgde opp med éin-til-éin møter for dei som ønsker dette i ettertid. Kommunen enda opp med konkrete ønsker frå 5-6 aktuelle bebuarar i målgruppa.

Finansiering

Utfordringar undervegs

Byggefeil: Terskelhøgde på 6 cm måtte utbetrast av entreprenør.

Tips til andre

Lenker 

Les meir om utleigebustadar med tilvisngsavtalar

Videreføring av arbeidet

Mange element frå dette prosjektet vidareførast i eit større sentrumsprosjekt i Brumunddal som heiter Midtbyen palé. I dette prosjektet har Husbanken godkjent 40 bustadar, fordelt på tre formål.

Løysinga gjer det mogleg for kommunen å tildele/tilvise vanskelegstilte til 16 av 40 bustadar.