Stor velvilje blant innbyggarane i Beiarn gav resultat

Den vesle kommunen Beiarn i Nordland tok imot 50 flyktningar i 2022 etter oppfordring frå IMDi. Med sine 1027 bustadar betyr det ei befolkningsauke på fem prosent. Jobben med å skaffe bustadar har kommunen heldt på med heile vegen, med ein engasjert ordførar i spissen.

Familie sitter ved spisebord. Far er på pc. Mor mater barn. Foto.
Illustrasjonsfoto: Getty Images

Det kom mange familiar mot slutten av 2022, unge par med eller utan små barn. Den yngste var to år, medan den eldste var 89 år. Alle flyktningane har ulik bakgrunn og behov, så kommunen og innbyggarane har stilt opp og forsøkt å tilpasse seg behova ut får dei ressursane som er tilgjengeleg.

Gjekk breitt ut i bustadjakta

Til å begynne med brukte dei kommunale bustadar og små private hus med kommunal tilvisingsrett som stod ledig. Beiarn kommune har seld ut mykje av sin kommunale bustadmasse, så dei hadde ikkje så tilgjenge på så mange kommunale bustadar. Dermed måtte dei fri til private bustadeigarar og tenke kreativt.

Det er få bustadar til sals og leige i Beiarn. Og bustadprisane har auka som følgje av knappleiken. Kommunen søkte difor etter innbyggarar var villige til å leige ut. Dei brukte kommunen si heimeside og annonserte etter ledige bustadar.

I ein liten kommune som Beiarn er det god oversikt over bustadsituasjonen. Difor tok kommunen også direkte kontakt med innbyggarar som hadde bustadar ledige på kort eller lang sikt. Nokre hadde einebustadar med leilegheit som vanlegvis leigast ut til laksefiskarar, men som no er teke i bruk til å gi eit midlertidig butilbod til flyktningane.

Responsen var god. Resultatet blei at kommunen klarte å busette alle 50 i løpet av 2022. Leigeavtalane som er inngåt varierer i innhald, men flyktningane kan disponere bustadane så lenge dei har behov for det. Kommunen har brukt standard leigekontraktar med makspris på husleige, slik at flyktningane kan klare å forsørge seg sjølve økonomisk.

Fritidsbustadar er ikkje tekne i bruk enno

I 2022 gjorde regjeringa ei rekkje midlertidige endringar i lover, forskrifter og anna regelverk, mellom anna i plan- og bygningslova, for å gjere det enklare for kommunen å skaffe bustadar til flyktningar.

Beiarn har kartlagt alle fritidsbustadar, kven av dei som hadde innlagd vatn og straum og om dei eignar seg  som primærbustad midlertidig. Fritidsbustadane i kommunen er ofte einebustadar som brukast av utflytta beiarværingar og slekt som har arva bustadane. Fordi Beiarn klarte å skaffe ordinære bustadar til heile gruppa, var det ikkje naudsynt å ta i bruk fritidsbustadar med midlertidig regulering i 2022.

Kommunen deler ut informasjon om bustøtte på ukrainsk, og dei er behjelpelege for flyktningane som ønsker å søke om bustøtte.

Store avstandar gir transportutfordringar

Transport er ei stor utfordring i distrikta med lange avstandar. Fylkeskommunen har gitt flyktningane gratis buss, slik at dei kan kome seg inn til Bodø. Dei nytter denne moglegheita ofte.

Beiarn kommune er utstrekt i areal, så eigne bilar har vore heilt naudsynt. Difor har kommunen hjelpt nokre av flyktningane med lån frå kommunen, slik at dei kan kjøpe seg ein bil. Dette er rentefrie lån som blir betalt tilbake frå introduksjonsstønad eller eigne midlar ut frå den enkelte si betalingsevne. Andre hadde med seg eigne bilar då dei kom.

Husbanken har ei eiga side med info og rettleiing til bustadar for flyktningar