Energisparande leilegheiter rett ved nærbutikken i Stod

Arbeidet med å styrke nærbutikken og behovet for eit leilegheitstilbod blei starten på eit lokalt utviklingsprosjekt i bygda Stod i Steinkjer, der det å utvikle Stod som attraktivt stad å bu var formålet.

Kommunenavn: Steinkjer
Kommunestørrelse: Stor
Leilighetsbygg i to etasjer med fasade i mørkt tre. Foto.
Burettslaget Vassinghaugen i Stod med ti leilegheiter. Foto: Enova

Bakgrunn

Stod er ei bygd i Steinkjer kommune, med om lag 1200 innbyggarar og ein sterk lokal identitet og dugnadsånd. Tettstaden og omland består hovudsakleg av einebustader og gardsbruk.

Det var lenge sidan det var bygd nye bustader i bygda. Nærbutikken i Stod hadde omsetningsnedgang og mange var redde for at han skulle bli nedlagt. Noko måtte gjerast. Slik blei Vassinghaugen burettslag til.

Resultat

Vassinghaugen burettslag består av ti leilegheiter og er bygd for å produsere og ta vare på varme og straum gjennom fjellvarme, batteri og solcellepanel. Dette er gjort ved å integrere kjende teknologiar med nye.

Bygget er oppført etter ein høgare standard enn krava i TEK17, blant anna med eit styringssystem med automatikk for optimalt energi- og effektbehov. Den gjennomtenkte løysinga for å optimalisere energiforbruket gir låge felleskostnader for bebuarane. Nokre av løysingane som er valt er

  • leilegheiter med energimerke Lysegrøn A 
  • energibrønnar som hentar varme frå fjellet 
  • vassboren varme i golv kjøkken, stue og bad 
  • sentral varmtvasstank med sirkulasjonsleidning 
  • energimålarar for både romvarme og tappevatn i kvar leilegheit 
  • solceller på taket som forsyner bygget med fornybar energi 
  • batteriløysingar i teknisk rom for lagring og sal av straum 
  • batteri gir bygget straum (UPS) ved straumstans 
  • kjøp av straum konsentrert til periodar på døgnet med låge straumprisar 
  • moglegheit for sal av straum i periodar av døgnet med høge straumprisar

Mål og målgruppe

Utbyggaren hadde som mål om å skape eit bustadtilbod for eldre som ønsket å bli buande i bygda, framfor å flytte til leilegheit i Steinkjer sentrum. I burettslaget er dei fleste bebuarane eldre, men kven som helst kan kjøpe seg inn i.

Om prosessen

Frivilligsentralen tok kontakt med Steinkjer kommune sin plan- og utviklingsstab, som skreddarsydde eit bulyst-team med fagfolk som hjelpte lokalsamfunnet i arbeidet.

Ein lokal entreprenør tok tak i utfordringa saman med ein driftig og optimistisk butikkdrivar, og inviterte innbyggarar og næringsliv til samarbeid. Gjennom heile prosjektet har det vore eit nært samarbeid mellom entreprenøren, arkitekt, kjøpmannen og ei gruppe innbyggar, som inkluderte mogelege kjøparar.

Informasjon om dei nye leilegheitene blei delt i møte der heile bygda var invitert. Eit sterkt engasjement hos både lokal byggmeister og lokalbutikken som eigde tomta, var viktig for realiseringa av bustadprosjektet.

Finansiering

Fellesgjelda til burettslaget er finansiert med lån til bustadkvalitet frå Husbanken. Innskotet på einingane var frå 880 000 til 1 200 000 kroner. Dette inneber ein relativ låg inngangssum til bustadene, mens mesteparten av verdiane er forankra i burettslaget si fellesgjeld.

Vidareføring av arbeidet

No er bygda i gang med eit nytt prosjekt: Å ta i bruk ein tidlegare kommunal sjukeheim til tryggleiksbustader i kombinasjon med lokale for skulen og frivilligheita.

Meir informasjon

Omtale av Vassinghaugen burettslag på enova.no