Eige først for barnefamiliar i Kongsvinger

Kongsvinger kommune har over fleire år testa ut «eige først» for familiane som ikkje oppfyller vanlege kriterium for å få startlån. Familiar som er delvis avhengig av sosialhjelp til bustadutgifter, men som har eit inntektspotensial til å bli økonomisk sjølvhjelpte på sikt, får moglegheit til å kjøpe bustad ved hjelp av startlån.

Startlånet er avdragsfritt så lenge familien er avhengig av sosialhjelp. Sintef har følgt prosjektet over tid og har dokumentert resultat så langt.

Resultat

Bakgrunn

Økonomisk vanskelegstilte barnefamiliar bur ofte trongt og ueigna, og busituasjonen kan vere eit hinder for foreldra sin overgang til arbeid/aktivitet. Å bu trongt kan føre til sosial ekskludering og påverke skulegangen til barna negativt. Oppseielege leigekontraktar bidreg til ustabilitet, manglande moglegheit for å påverke bustaden og manglande kontroll over framtidig busituasjon.

Mål

Målsettinga var ein betre busituasjon og moglegheit for at foreldre og barn kan utnytte potensialet sitt.

Beskrivelse av prosessen

Steg 1: Snakke med familiane, forklare konseptet «eige først» og få aksept for at dei forstår og er interessert i modellen.

Steg 2: Avklare potensial for framtidig inntekt og yrkesdeltaking.

Steg 3: Avklare med sosialeininga at dei ville supplere renter på startlånet dei månadane det er naudsynt.

Steg 4: Innvilge startlån og tilskot til etablering for å kunne kjøpe bustad og tilpasse han til familien sine behov.

Steg 5: Familien går på visningar og vel ut bustaden. Kommunen samtykker i val av bustad.

Steg 6: Signere opsjon på tilbakekjøp dersom familien ikkje er økonomisk sjølvhjelpt innan ein avtalt periode. Tinglyse urådigheit på bustaden slik at familien ikkje kan selje bustaden utan samtykke frå kommunen.

Brukarmedverknad

Familiane vel sjølv ut bustadane dei ønskjer å kjøpe.

Finansiering

Startlån til å finansiere bustadkjøpet og naudsynt utbetring. Eventuelt tilskot til etablering frå kommunen sitt eige rammetilskot til formålet.

Utfordringar undervegs

Det har vore utfordringar knytt til språk og det å forstå kva forpliktingar bustadlån og eigen bustad inneberer. Oppfølging i etterkant krev også mykje ressursar.

Tips til andre

Vidareføring av arbeidet

Dei førebelse resultata frå «eige først»- prosjektet er gode. Kommunen har difor vedtatt å vidareføre metodikken som eit alternativ for dei barnefamiliane som det ikkje finst andre gode løysingar for. «Eige først» er krevjande for både deltakarar og kommunen, og det er difor avgrensa kor mange barnefamiliar kommunen kan tilby metodikken til.

«Eige først»-arbeidet har bidrege til å auke fokuset på vanskelegstilte barnefamiliar i kommunen og busituasjonen deira. Bustaden si betyding har kome høgare på dagsordenen. Mange av dei familiane som blei søkt inn til prosjektet, men ikkje kom med, har fått endra busituasjonen sin til det betre. Nokre familiar er tildelt startlån på ordinært vis, mens andre har fått langtidsleige i eigna kommunal bustad.