Tilrettelagd bustad for personar med nedsett funksjonsevne
Froland kommune hadde behov for fleire kommunale utleigeeiningar til unge menneske med funksjonsnedsettingar. For bebuarane var det viktig med personalbasen i direkte nærleik, og det å kunne søke tryggleik innomhus.
Resultat
- Seks kommunale utleigeeiningar i klimavennleg bygg av massivtre.
- Innandørs «gate» med tydeleg innramming i inngangspartiet prega av fargane til kvar leilegheit.
- Val av tak, golv og belysning både i «gata» og fellesrom har bidrege til å skape heim og trivelege buforhold.
- Personalbasen, felles kjøkken og felles stue er lett tilgjengeleg.
- Tett samarbeid mellom fagfelta byggteknikk og habilitering, i tillegg til brukarar og pårørande i heile prosessen.
Bakgrunn
Froland kommune hadde i 2017-2018 behov for fleire butilbod til unge menneske med nedsett funksjonsevne, der dei kunne bu sjølvstendig og samstundes få bistand og oppfølging til å meistre kvardagen. Eit eldre bufellesskap frå reforma i 1991 og eit nyare butilbod frå 2016 var begge opptekne i stor grad. Det var naudsynt å tenkje på eit nytt bygg for innbyggarar som både trengte tett oppfølging i kvardagen sin innan habiliteringsfeltet, og som ikkje hadde ønske om å kjøpe sin eigen bustad.
Mål og målgruppe
- Bygge gode heimar til unge menneske med funksjonsnedsettingar
- Tilpasse bustadane til deira behov, skape ein god arbeidsplass og ein god stad å vere, både for dei som bur der, jobbar der og dei som kjem på kortare og lengre besøk.
- Skape berekraftig og energieffektive bygg med redusert klimaavtrykk og gode miljøvenleg forhold
Skildring av prosessen
Steg 1: Avklare behova som blei meldt inn, i første omgang med familiane og den øvste politiske og administrative leiinga.
Steg 2: Etablere ei brei prosjektgruppe og prosjektleiar for arbeidet.
Steg 3: Gjennomføre prosjektering, avklare klimasatsing, politisk behandling, prosjektgruppemøte, arbeidsmøter, befaringar, innhente råd, tips og rettleiing frå andre kommunar og organisasjonar, gjennomføre anbodsrunde og inngå avtale om totalentreprise som.
Prosjektgruppa blei etablert hausten 2018, og bygget blei teke i bruk sommaren 2021.
Brukarmedverknad
- Pårørande var aktivt deltakande i prosjektgruppa. Det blei gjennomført om lag 15 fysiske prosjektgruppemøte, i tillegg til tre digitale møter i sluttfasen av prosjektet, der også brukarane deltok i noko grad.
- Det blei gjennomført befaringar for alle involverte under byggeprosessen.
- Lokale representantar frå Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) og frå Rådet for personer med funksjonsnedsettelser deltok i prosjektgruppa.
- Alternative val for interiør, kjøkken, bad, golv og måling blei sendte elektronisk med tydlege fristar.
- Pårørandekurset «Hjelp, nå flytter de ut!» blei gjennomført saman med psykolog i forkant av flytteprosessen. Dei tre uformelle kurskveldane blei gjennomført ved hjelp av midlar frå Helsedirektoratet sitt tilskot til habilitering og rehabilitering.
Finansiering
Froland kommune kontakta statsforvaltaren i Agder og Husbanken tidleg i prosessen. Dette for å avklare behov, legge fram skisser og faggrunnlag for val, i tillegg til å søke råd om moglege økonomiske verkemiddel som tilskotsordningar og momskompensasjon. Husbanken hjalp til med med rettleiing og innspel i søknadsprosessen.
Froland kommune søkte Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet, ein omfattande prosess for å redusere bygget sitt CO2-avtrykk. Både passivhusstandard, energibrønnar og bruk av massivtre var viktige element, i tillegg til leverandørane sitt fokus på kjeldesortering og redusert CO2-utslepp i byggefasen.
Suksessfaktorar
- Tett samarbeid med pårørande og framtidige bebuarar.
- Tett samarbeid mellom fagfelta og byggfag/leiing og administrasjon og kommunale tenesteutøvarar.
- Framtidige leigetakarar møtte byggeansvarlege fleire gonger, til stor glede for alle partar.
- Teamleiar kom på banen så tidleg i prosessen at mange detaljar blei gjennomarbeidd før innflytting.
- Det var takhøgde for spørsmål, undring, innspel, mykje humor, latter og meiningar og drøftingar gjennom heile prosessen.
- Å sørge for at gruppa av tilsette har ei balansert samansetning av alder og kjønn, tverrfagleg og med god kompetanse.
Utfordringar undervegs
- Både kommunal prosjektleiar og fagansvarlege for tenesta kan ikkje vere tett nok på prosessar som dette. Det må jobbast intenst for å halde tritt med alle byggetrinn frå skisse til innflytting!
- Alle involverte byggtekniske fag må forstå kven dei bygger for.
- Forventningar må vere avklart både i forkant, undervegs og ved innflytting gjennom hyppig og god kommunikasjon.
- Det at bebuarar fekk påverke utforming og utrustning gir kommunen mindre handlingsrom, dersom dei må omdisponere leilegheitene til andre med større behov.
- Per 2023: Byggteknisk fungerer bustadane veldig bra. Det har vore nokre utfordringar knytt til design og ansvarsfordeling mellom kommunen og leigetakarane. Til dømes kven som skal fjerne snø dersom ein vel å legge fast tak på pergolaer over terrassane. Det manglar også overbygg over inngangsparti, noko som fører til snøføyke i gang, og snø som blokkerer for at dørene får lukka seg. Dette skal utbetrast.
- Personalbasen kunne nok vore meir midtstilt og i senter for alle leilegheitene. Det har vore vanskeleg å tildele dei to leilegheitene lengst unna basen til brukarar som har eit stort behov for trygging og nærleik til personalet.
Tips til andre
- Ver nøyaktig i prosjekteringa ut frå kunnskap om brukarane sine behov. Til dømes utomhus, solstudiar, lyd-/tilrettelegging ved bruk av massivtre, plassering og tilgjengelegheit til bygg (tilkomst, alternative inngangar med meir).
- Totalentreprise fungerte godt i dette prosjektet.
- Lag klare fristar for når alt må vere bestemt både frå fagsida og brukarane, slik at alle vurderingar er gjort før entreprenør kjem inn.
- Søk klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet.
- Søk godt motiverte medarbeidarar som verkeleg ønskjer å bidra til å etablere gode heimar og godt tilpassa tenestetilbod med meistring i fokus.
- I Froland fekk vi bistand frå ein god hobbyfotograf som dokumenterte heile prosessen i bilete, frå tomterydding til opning av bygget. Dette var først og fremst viktig for historia til brukarane som skal disponere bustadane, men òg som teknisk dokumentasjon av byggeprosessen.
- Skap eit forhold direkte mellom brukarar og entreprenør saman med kommunen. sine involverte. Omtal kvar leilegheit med namn på dei som skal bu der. Dette skapar ein heilt eigen motivasjon og forståing frå begge partar.