Burettslagsbustadar med lågare innskot i Verdal
Bustadbyggelaget Midt har i samarbeid med Stiklestad Eiendom AS utvikla konseptet HJØLPIN, som gir lågare innskotspris på burettslagsleilegheiter. HJØLPIN gjer det mogleg for personar utan mykje oppspart eigenkapital å kjøpe sin eigen burettslagsbustad og bli sjølvhjelpne på bustadmarknaden.
Resultat
- I prosjektet «Kvislaparken» i Verdal blei det lagt ut til Hjølpin-bustadar i byggetrinn 1, og ni Hjølpin-bustadar til for sal i byggetrinn 2 (hausten 2021).
- I byggetrinn 1 blei tre leilegheiter finansiert med startlån.
- Innskotet på Hjølpin-bustadane hamna mellom 700.000 og 900.000 kroner, slik at dei fleste klarte å betale innskotet sjølv, eventuelt med litt hjelp frå familie og vener.
- Godt sal førte til tidleg byggestart.
- Verdal fekk eit betre tilbod av rimelege bustadar som også var tilgjengelege for vanskelegstilte på bustadmarknaden.
- Verdal har fleire leilegheiter som kan kjøpast av innbyggarar som av ein eller anna grunn strever med å spare opp nok eigenkapital.
Bakgrunn
Mange unge i Verdal har ei stabil inntekt, men manglar tilstrekkeleg eigenkapital til å kjøpe eigen bustad. Med stigande bustadprisar og krav om 15 prosent eigenkapital ved bustadkjøp, blir det stadig vanskelegare for denne gruppa å kome seg inn på bustadmarknaden.
Samstundes aukar klasseskiljet mellom dei som har råd til å kjøpe bustad og dei som ikkje har det. Ved å la personar utan oppspart eller arva eigenkapital få tilgang på å kjøpe eigen bustad kan dette klasseskiljet reduserast.
Mål og målgruppe
Mange unge i Verdal har ei stabil inntekt, men manglar tilstrekkeleg eigenkapital til å kjøpe eigen bustad. Med stigande bustadprisar og krav om 15 prosent eigenkapital ved bustadkjøp, blir det stadig vanskelegare for denne gruppa å kome seg inn på bustadmarknaden.
Samstundes aukar klasseskiljet mellom dei som har råd til å kjøpe bustad og dei som ikkje har det. Ved å la personar utan oppspart eller arva eigenkapital få tilgang på å kjøpe eigen bustad kan dette klasseskiljet reduserast.
Skildring av prosessen
Utvalde bustadar i ordinære bustadprosjekt seljast til «Hjølpin-pris» som er cirka ti prosent lågare enn ordinær salspris. Prisreduksjonen/rabatten reknast som eigenkapital ved opptak av lån.
Kommunen finansierte nokre av kjøpa med startlån, men bustadane blei også lagt ut for sal på den ordinære marknaden.
For å kunne kjøpe bustad til Hjølpin-pris må kjøparen vere medlem av bustadbyggelaget Midt. Medlemmane kan finne aktuelle prosjekt på bustadbyggelaget sine nettsider og melde interessa si der. Dersom det er fleire kjøparar enn det er Hjølpin-bustadar tilgjengeleg, er det ansiennitet som BBL-medlem som avgjer kven som får kjøpe.
Medlemmar som får tilbod om ei Hjølpin-leilegheit må bestemme seg for å velje denne modellen når kontrakten blir signert. Etter signering kan kjøpar ombestemme seg og velje ordinært kjøp i staden for Hjølpin. I desse tilfella signerer kjøpar ein ny kjøpekontrakt. Det er ikkje mogleg å endre frå ordinært kjøp til Hjølpin-avtale etter at kontrakten er signert.
Kjøparen og bustadbyggelaget inngår ein avtale som gir bustadbyggelaget tinglyst rett til å kjøpe leilegheita tilbake ved eit eventuelt sal.
Dersom den nye bustadeigaren seinare skal selje bustaden og bustadbyggjelaget vel å nytte kjøpsretten, får kjøparen tilbake den opphavlege salsprisen, regulert i samsvar med Eiendom Noregs bustadprisindeks for Midt-Noreg. På denne måten vil seljaren få glede av ei eventuell verdiauke.Bustadbyggelaget kan velje å ikkje nytte forkjøpsretten. I så fall slettast heftinga som gir forkjøpsrett, og bustadeigaren kan selje bustaden fritt på den ordinære marknaden.
Brukarmedverknad
I prosessen med å utvikle konseptet var BBL Midt i dialog med bustadsosialt team i kommunen. Bustadbyggelaget har rundt 50 års erfaring med bustadsosialt arbeid og forvaltning av kommunale bustader gjennom ein administrativ avtale med det kommunale bustadselskapet. Den samla erfaringa frå kommunen og bustadbyggelaget blei nytta for å lage eit konsept som gir bustadløysingar.
Finansiering
- Verdal kommune har gitt startlån til fleire av bebuarane.
- Lokale bankar er positive til å gi lån til innskot, fordi reduksjonen i innskot blir rekna som eigenkapital.
Tips til andre
- Subsidierte bustadar må inngå som ein del av eit ordinært bustadprosjekt med andre leilegheiter som seljast til ordinær pris.
- Gjennom godt samarbeid mellom kommune og bustadbyggelag, kan kommunen få gode bustadar og bumiljø som dekkjer kommunen og innbyggjarane sine behov.
- Bustadbyggelag og kommune må innleie samarbeid tidleg i prosjektet.
- Når kommunen inngår utbyggingsavtalar bør kommunen nytte moglegheita til å krevje at eit visst antal leilegheiter må seljast til subsidiert pris (som i Hjølpin eller liknande modellar).
- Kommunen bør tilby tomteareal der utbyggjarar kan få bygge denne typen bustader.
- Bustadene som blir skaffa, bør ha god tilgjenge både i sjølve bustaden og i bumiljøet, slik at bustadeigaren ikkje treng å flytte ved ei eventuell framtidig funksjonsnedsetjing.
Lenke
Bustadbyggelaget Midt: Hjølpin-modellen
Vidareføring av arbeidet
Per mars 2023 er Hjølpin-modellen vidareført i Kvislaparken Byggetrinn 4 i Verdal kommune.