Smibakken burettslag

Smibakken burettslag i Lindesnes kommune består av sju leilegheiter for unge personar med funksjonshemming. Alle bebuarane eig bustaden sjølv. Dei eig òg fellesrommet med kjøkken, trimrommet, utearealet og personalbasen. Bustaden er tilpassa kvar enkelt bebuar sitt funksjonsnivå og smak. Kommunen leiger personalbasen og yter omsorgstenestene kvar enkelt treng.

Sjå film om Smibakken burettslag her

Resultat

Bakgrunn

Ei foreldregruppe i Lindesnes kommune starta prosessen med å få bygd bustadar til barna deira som har spesielle behov. Foreldra meinte at dei trengte ein trygg stad å bu, kor dei kunne leve og bli gamle. Foreldra ville sørge for at ungdommane blei «herrar i eige hus». Sjølv om ungdommane hadde funksjonshemmingar, skulle dei altså få bestemme sjølve korleis og kor lenge dei skulle bu, og kven dei skulle bu saman med. Dei skulle ikkje vere vist til kommunale leigebustadar og risikere å bli flytta.

Foreldregruppa ville også legge til rette for at kommunen skulle kunne tilby sine omsorgstenester på eit passande nivå. Ungdommane har ulike funksjonsnivå, men dei kjente kvarandre frå før. Ifølgje foreldra ville dei ha glede av å leve saman.

Prosessen

Foreldra fann ei eigna tomt. Foreldregruppa gjekk så i dialog med kommunen som dei ønska skulle stå som byggherre, og la ungdommane kjøpe bustadane når dei var ferdige. Dette ville utløyse eit solid tilskot frå Husbanken og momsfritak på byggekostnaden. Kommunen var positiv, og nokre månader seinare var saken vedteke og byggeprosessen i gang. Personaldatabasen blei finansiert gjennom lån i privat bank og kommunen gjekk også inn med eit bidrag. Det tok åtte år frå foreldregruppa starta prosessen til ungdommane flytta inn i 2020.

Tomta er på 3421 m2. Smibakken bufellesskap består av:

Brukarmedverknad

Byggherre (kommunen) trakk inn konsulentselskap, arkitekt og bebuarar med foreldra i utforminga av bygget. Bueiningane er like i areal, men heilt forskjellig utforma. Kva enkelt bebuar fekk vere med på å finne løysingar og velge fargar etter eigne ønske, behov og funksjonsnivå. Arkitekten hadde eit eige møte med kvar bebuar og verge, for å sikre individuelle løysingar i kvar leilegheit.

Dersom nokon flyttar eller fell frå, skal styret til burettslaget godkjenne nye bebuarar etter ein statutt sett opp på førehand.

Finansiering

Total kostnad var på 32 millionar kroner. Kvar enkelt bebuar har betalt 2,1 millionar kroner (i snitt) for si bueining.

Kommunen har inngått ein avtale med burettslaget om å leige personalbasen i 30 år.

Tips til andre

Les meir

Personar med nedsett funksjonsevne skal kunne bu like godt som andre

Bustadar til utviklingshemma