Avtalegiro

Husbankens terminar kan betalast med AvtaleGiro. AvtaleGiro er ei bankteneste for automatisk betaling av faste rekningar.

 


Om du ønskjer å bruke AvtaleGiro, vil Husbanken via Nets sende melding til banken din som så sørgar for kontobelastning på forfallsdagen.

Korleis kan du opprette AvtaleGiro?

Du må inngå avtale med den banken der du har kontoen som skal belastas. Banken må få opplysningar om Husbankens kontonummer og KID-nummer. Desse opplysningane finn du i det siste terminvarselet du har motteke frå oss.

Kva er KID-nummer?

Forkortinga KID står for kundeidentifikasjon. Talrekka i  terminvarselet syner:

*      forfallskode: 4 første siffer

*      saksnummer: Neste 8 siffer

*      kravløpenummer: Deretter neste 3 siffer

*      kontrollsiffer: Siste siffer

Frå kva for ein termin kan AvtaleGiro starte?

AvtaleGiro må vere registrera i Husbanken ca. 4 veker før forfallsdato.

Kva for krav kan ikkje betalast med AvtaleGiro?

Lån med gjeldsordning eller spesielle krav som til dømes oppgjerskrav ved overføring av lån og innfrielseskrav kan ikkje betalast via AvtaleGiro.

Kva skjer dersom det ikkje er dekning på konto?

Husbanken vil då ikkje motta betaling på forfallsdato. Enkelte bankar freistar ny kontobelastning inntil 4 dagar etter forfall. Dersom betalinga ikkje er motteke innan fristen for utsending av 2. gongs varsel (fyrste purring), vert varselet sendt deg per post. Det same gjeld dersom du har stoppa eit trekk utan å betale på anna måte.

Kan du stoppe enkelte trekk?

Du kan kva tid som helst avtale med banken din at terminen ikkje skal dekkast over AvtaleGiro. Du kan også sjølv stoppe betalinga før trekkdato, i nettbanken din.

Korleis kan du kontrollere beløp og trekkdato?

Minimum 8 dagar før forfallsdato vil du få eit varsel om kontobelastning. Husbanken varslar på standard giroblankett der tala i KID- og beløpsfeltet vert erstatta med XXX.  Du kan avtale med banken din eller registrere sjølv i nettbanken, at du ikkje ønskjer varsel før terminen trekkast frå kontoen din.

Kan AvtaleGiro seiast opp?

Du kan kva tid som helst seie opp avtala om AvtaleGiro med banken din. Husbanken vil då motta oppseiinga via Nets frå din bank. Oppseiingar skal ikkje rettast til Husbanken.

Kva kostar AvtaleGiro?

AvtaleGiro er ein rimeleg måte å betale rekningar på. Kostnadene med ei slik avtale kan variere mellom bankane. Du kan kontakte banken din for nærare opplysningar. Husbanken ikkje gebyr for AvtaleGiro, men termingebyr vert lagt til uansett betalingsmåte.

Kombinere AvtaleGiro med eFaktura?

AvtaleGiro kan kombinerast med eFaktura. Då vil du få rekningane ferdig utfylde direkte i nettbanken din, og du slepp å motta papirbasert post.