Overføring av lån

Det er begrensa høve til å overføre husbanklån til ny eigar..

Overføring av lån

Det er begrensa høve til å overføre husbanklån til ny eigar.

Hovudregelen er at husbanklån ikkje kan overførast. Lån kan jamvel overførast ved samlivsbrot, overføring av bustaden til husstandsmedlem i nær familie, uskifte/skifte og når spesielle omsyn tilseier det. Slike omsyn kan vere at det ikkje finnast alternativ til Husbankfinansiering, til dømes ved sal av bustader i fråflyttingsområde.  At ein endra livssituasjon med orsak i arbeid, sjukdom, økonomi eller anna, gjer at låntakar må selge eigedomen med tap, vil ikkje i seg sjølv vere nok til å få overført lånet til ny eigar/kjøpar.

Korleis søke?

Om ektefelle skal sitje i uskifte eller overta buet og gjeldsansvaret, kan lånet overførast på gjeldande vilkår ved oversending av uskifte-/skifteattest. Det er ikkje naudsynt å bruke søknadsskjema. Det blir heller ikkje gjort ei kredittvurdering.

Ved alle andre overføringar må den som skal overta bustaden sende inn søknad til Husbanken.

Søkjar må dokumentere at ho/han har økonomi til å betale lånet.

Saksbehandlinga går raskare om alle naudsynte opplysningar og vedlegg vert sendt inn saman med søknadsskjema