Ekstraordinær betaling på lån

Ønskjer du å betale inn ekstraordinært utanom dei vanlege terminane?

Du kan kva tid som helst  betale inn ekstraordinært på lånet. Ver særskilt merksam på at dette kan utløyse over- eller underkurs i tillegg til det betalte beløpet dersom du har fast rente på lånet. Dersom du har flytande rente, utløysast ikkje kostnadar ved ekstraordinær betaling.

Ver og merksam på at Husbanken ikkje gjev tilbod om refinansiering av lån, og at det difor ikkje er mogleg å flytte innløyste lån tilbake til Husbanken.

Korleis?

Beløpet betalast til Husbanken, Forvaltningskontoret, Postboks  1404, 8002 Bodø, kontonummer 6345 05 03594.
Du må merke betalinga med saksnummer og "Ekstraordinær betaling".

Kva skjer med betalingsplanen og komande terminbeløp etter ei ekstraordinær betaling?

  • For serie- og annuitetslån endrast ikkje avtala løpetid. Terminbeløpa (renter og avdrag) blir lågare. Du kan søkje om å få behalde terminbeløpet uendra (korte løpetida). For lån med fast rente gjeld særlege avgrensingar, mellom anna må betalinga være 30 000 kroner eller meir.
  • For trappelån (lån gitt fram til 1994) kortast løpetida ned. Avdraga endrast ikkje, medan rentedelen av terminbeløpet blir mindre.
  • Dersom du har fast  rente på lånet, står rentesatsen ved lag på attståande del av lånet.

På Mitt kundeforhold kan kundar sjå korleis ekstraordinære betalingar påverkar betalingsplanen.