Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta

Korleis kan vi utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta? Det søker Husbanken og Distriktssenteret svar på i eit treårig prosjekt i samarbeid med 12 kommunar.  

" "

Andelen eldre kjem til å auke sterkt i åra fram mot 2030, særleg i dei mindre distriktskommunane. Bustadmassen i distriktskommunar er gjerne einsidig og spreidd. Den består ofte av gamle einebustader, som det ikkje eignar seg å bli gammal i. Denne utfordringa tar Husbanken og Distriktssenteret tak i via prosjektet.

Bu heime lengre

Bustad- og eldrebustadpolitikken har som mål at fleire skal bli buande heime så lenge som mogleg. Nye og/eller meir tilgjengelege bustader kan auke livskvaliteten for bebuarane, og kan lette presset på kommunen sin helse- og omsorgssektor. Men nybygging kan vere ulønnsamt i distrikta, og bustadkjøp blir forbunde med risiko for prisfall.

Prosjektet rettar seg mot kommunar med stagnerande og einsidige bustadmarknader, men satsar på å skape kunnskap med overføringsverdi også til andre kommunar.

Teste tiltak

I prosjektperioden 2020-2022 skal deltakarkommunane prøve ut tiltak i eigen kommune, dele erfaringar, gje innspel til utvikling av verkemiddel, og slik skape grunnlag for ein meir aldersvennleg bustadpolitikk i norske kommunar.

Desse kommunane er med: Sør-Varanger, Beiarn, Herøy i Nordland, Grong, Vanylven, Stryn, Ullensvang, Iveland, Vinje, Våler i Innlandet, Kongsvinger og Engerdal.

Meir informasjon finn du her: Prosjektmandat

Agenda Kaupang bistår prosjektet.

 

Birger Jensen
Prosjektleiar Birger Jensen

  • Birger Jensen, prosjektleiar, Husbanken
  • Sigbjørn Spurkeland, Husbanken
  • Johan Vaseli, Husbanken
  • Merete Sandnes Råen, Husbanken
  • Lillian Hatling, Distriktssenteret
  • Trude Risnes, Distriktssenteret
 

Lurer du på noko? Ring prosjektleiar på +47 980 60 962, eller kontakt Husbanken eller Distriktssenteret på e-post.

Finansiering

Nyheiter og artiklar

Nokre av kommunane som er med