Husbankens historie
Husbanken vart oppretta i 1946 for å byggje opp igjen landet etter krigen, men vart raskt staten sin reiskap for å finansiere den allmenne bustadforsyninga. Husbanken vart eit av etterkrigstida sine store velferdsprosjekt.
Husbanken vart oppretta i 1946 for å byggje opp igjen landet etter krigen, men vart raskt staten sin reiskap for å finansiere den allmenne bustadforsyninga. Husbanken vart eit av etterkrigstida sine store velferdsprosjekt.
Fram mot årtusenskiftet var om lag halve bustadbygginga i Noreg lånefinansiert av Husbanken. Dei siste 20 åra har vi i gjennomsnitt gitt lån til 15 - 20 prosent av alle nybygde bustader. Vårt lånetilbod er no innretta som eit supplement til private bankar.
Sidan 1960-talet har Husbanken òg finansiert ein kontinuerleg utbygging og oppgradering av alders- og omsorgsbustader, studentbustader og sjukeheimar med lån og tilskot. Hovudoppgåva vår i dag er å hjelpe kommunane i arbeidet for at vanskelegstilte og eldre skal kunne skaffe seg og behalde ein trygg og god bustad. Personretta økonomiske verkemidlar som bustøtte, startlån og bustadtilskot er viktig i dette arbeidet. Mange års forsking og erfaring tilseier at vanskelegstilte på bustadmarknaden har behov for tverrfagleg hjelp. Vi set difor Regjeringa sin bustadsosiale politikk ut i livet i tett samarbeid med andre statlege velferdsetatar og kommunane. Her får du meir av Husbanken si historie:
![]() |
Gjenreisingshus i Billefjord, Finnmark |
Bustadsituasjonen rett etter krigen var prega av ein overveldande mangel på bustadar i område med store øydeleggingar. Husbanken bidrog til gjenreising for å auke bustadstandarden hos vanlege arbeidarar. Den første etterkrigstida var ein lågrenteperiode, i likskap med dagens situasjon.
Slutten av 1950-åra var ei nedgangstid for bustadbygginga. Husbanken kunne ikkje lenger gje lån til alle som søkte. Husbanken fekk bindande rammer for verksemda si i nasjonalbudsjettet, der det òg vart fastsett kor mange bustader låneramma skulle strekkje til for.
Bustadbygginga auka fram mot 1970, fordi det blei teke i bruk industrielle produksjonsmetodar, og fordi det blei investert meir til bustadføremål. Husbanken bidrog sterkt til framveksten av dei mange drabantbyane.
1970-åra var ekspansive, men motsettingsfylte. Høg inflasjon førte til betydeleg auke i byggje- og tomtekostnadane. Norsk bustadbygging nådde ein topp i 1973 med nær 45.000 fullførte bustader. Om lag 70 prosent blei finansiert gjennom Husbanken. Eigne lån til utbetring og miljøtiltak blei innførte rundt 1970-talet.
Bustadmarknaden blei liberalisert, blant anna gjennom forbod mot forkjøps- og prisregulerande avgjerder. Selektive verkemidlar – som eigenkapitallån (etableringslån) til unge i etableringsfasen – fekk større plass i bustadfinansieringa, og den generelle subsidieringa blei redusert. Husbanken vart òg sterkt engasjert i den planmessige byfornyinga.
1990-åra blei innleia med økonomiske nedgangstider, gjeldskrise og samanbrot i det private bankvesenet. Nokre år finansierte Husbanken nær all bustadbygging i landet. Husbanken gav behovsprøvde tilskot framfor generelle rentesubsidiar på lån frå midt på 1990-talet. Samtidig blei bustader med god tilgjengelegheit og livsløpsstandard premiert med auka låneutmåling.
Ved årtusenskiftet hadde folk flest god bustadstandard, og dei private kredittinstitusjonane fungerte normalt igjen. Kommunane fekk eit tydelegare ansvar for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden.
Husbanken utvikla rådgivingsprogram og støtta kompetansetiltak for å hjelpe kommunane i arbeidet. Nedbygginga av store institusjonar var komen langt, og Husbanken fekk rollen med å finansiere bygging av bustadar til menneskje med nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar, eldre og andre med særlege bustad- og omsorgsbehov. Husbanken gav òg betydelege tilskot til oppgradering av ordinære kommunale bustadar til vanskelegstilte i kommunane. Startlånet blei eit sentralt verkemiddel for å hjelpe unge og vanskelegstilte til å kjøpe sin eigen bustad. Arbeid med kompetansebygging innan universell utforming, miljø og energi og byggeskikk blei ein del av arbeidsfeltet.
Husbankens oppdrag vart spissa ytterlegare for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Regjeringa gir Husbanken i oppdrag å koordinera den bustadsosiale satsinga «Bustad for velferd». Ti års engasjement med områdeløft som del av Groruddalssatsinga vart trappa ned. Oppgåvene innan miljø, energi og byggeskikk blei overført til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK).
Digitalisering av tenestene tek fart. Den fyrste digitale tenesta for å søkje bustøtte vert lansert i 2014. Nye brukarvenlege løysingar for å søkje lån og tilskot følgjer raskt etter, og kommunane får tilbod om enklare og meir effektive saksbehandlarløysingar. «Veiviseren» vart lansert på nett i 2016 som ei digital verktøykasse for bustadsosialt arbeid innan velferdsområdet.
Som del av kommunereforma i 2020 blir fleire tilskot retta mot privatpersonar flytta frå Husbankens budsjett til kommunane. Husbanken held oppe den høge takta i finansieringa av bustader til prioriterte formål: kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar og studentbustader.
De tusen hjem - Husbanken 1946-1996 (nb.no)
Husbanken 60 år - et jubileumsskrift 1946-2006 (PDF)
Historien om den digitale Husbanken - 1946-2019 (PDF)
Husbanken og boligpolitikken 1996-2021
HB-blader fra Husbanken med historisk interesse
Forskrifter fra Husbanken med historisk interesse
Rundskrift fra Husbanken med historisk interesse