Vanskelegstilte på bustadmarknaden
Med vanskeligstilte på boligmarkedet menes i denne loven personer som ikke kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, og derfor trenger bistand til å skaffe eller beholde en egnet bolig
(Lovens § 4)
Dette inneber føresegna for kommunen
Føresegna definerer kven som er «vanskelegstilte på bustadmarknaden» og dermed har krav på individuelt tilpassa bistand frå kommunen.
Kommunen må vurdere om personen er vanskelegstilt på bustadmarknaden i kvart enkelt tilfelle. Det avgjerande er om personen treng bistand for å skaffe eller behalde ein eigna bustad.
Vurderinga skal vere individuell og ta utgangspunkt i den samla situasjonen til den enkelte. Det er ikkje avgjerande kvifor personen har bustadutfordringar eller om situasjonen verkar «sjølvforskyldt». Årsakene kan vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold, manglande nettverk eller manglande kunnskap om bustadmarknaden, eller ein kombinasjon av fleire forhold.
Ein person kan òg vere vanskelegstilt om vedkomande
- har bustad, men står i fare for å miste han
- bur i ein ueigna bustad
- bur i eit ueigna bumiljø
Kommunen kan ikkje bruke faste kategoriar eller standardiserte kriterium åleine. Det må gjerast ei konkret vurdering av kva den enkelte personen er i stand til å meistre på bustadmarknaden utan bistand.
Kommunen kan heller ikkje stille krav om at personen
- er registrert i eit bestemt system
- har søkt om kommunal bustad
- har budd i kommunen i ein bestemt periode
Ein førespurnad til kommunen utløyser derfor ei plikt til å vurdere om personen er vanskelegstilt på bustadmarknaden og har rett til individuelt tilpassa bistand. Dette gjeld uavhengig av eventuelle krav kommunen har til butid for å kunne bli vurdert for kommunal bustad, startlån eller andre kommunale ordningar.
Følgande grupper kan typisk vere vanskelegstilte på bustadmarknaden:
- bustadlause
- personar som står i fare for å miste bustaden sin
- barnefamiliar med svak økonomi
- personar med rusproblem eller psykiske helseutfordringar
- flyktningar i busettingsperioden
- personar som blir lauslatne frå fengsel
- personar som blir skrivne ut frå institusjon for rusbehandling
- personar som blir skrivne ut frå barne- og ungdomsheimar
- personar med funksjonsnedsetting som har behov for tilpassa bustad, medrekna eldre
Lista er ikkje uttømmande. Også andre personar eller grupper kan vere vanskelegstilte etter ei konkret vurdering.
Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova
- Korleis vurderer kommunen om personen er vanskelegstilt på bustadmarknaden?
- Korleis tar vurderinga omsyn til den samla situasjonen til personen og husstanden?
- Korleis blir vurderinga av om personen er vanskelegstilt dokumentert i vedtaket og saksmappa?
- Kva rutinar har kommunen for å identifisere personar som kan vere vanskelegstilte, også dei som ikkje oppsøker kommunen for å få bistand sjølve?
- Korleis sikrar kommunen at medarbeidarane har kunnskapen dei treng for å vurdere om ein person er vanskelegstilt på bustadmarknaden?
Ofte stilte spørsmål
Med «vanskelegstilte på bustadmarknaden» meiner vi personar som ikkje kan vareta interessene sine på bustadmarknaden på eiga hand. Personen treng ikkje å vere utan bustad. Dersom personen står i fare for å miste bustaden sin, eller bur i ein ueigna bustad eller eit ueigna bumiljø, kan vedkomande etter omstenda også reknast som vanskelegstilt på bustadmarknaden. Omgrepet er meint å omfatte både markndaen for eigde bustadar og leigemarknaden.
For å avgjere om ein person skal reknast som «vanskelegstilt på bustadmarknaden» må det alltid bli gjerast ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, og det vil som regel vere relevant å sjå på den samla situasjonen til husstanden. I denne vurderinga er det behovet for bistand som er avgjerande, ikkje årsaka til behovet. Det har altså ikkje noko å seie om det er sjølvforskyldt. Årsaka kan vere økonomiske, sosiale, helse- og omsorgsmessige eller meir samansette problem. Eit kjenneteikn med desse personane er at dei ikkje har moglegheit til å skaffe seg eller oppretthalde ein tilfredsstillande busituasjon på eiga hand.
Det krevst noko meir enn at ein er i ein fase i livet der ein har det trongt økonomisk for å vere «vanskelegstilt». Den som på noko sikt kan opparbeide seg kapital til å kjøpe seg eigen bustad, vil ikkje vere omfatta av definisjonen. Det er normalt ikkje tilstrekkeleg at ein ikkje har råd til å kjøpe eigen bustad, så lenge ein på eiga hand kan skaffe seg ein eigna leigebustad.
Ein person som allereie har startlån blir ikkje automatisk rekna som «vanskelegstilt på bustadmarknaden» etter § 4. Dersom ein startlåntakar vender seg til saksbehandlar på startlån, er det i utgangspunktet ikkje naudsynt for kommunen å gjere vedtak om tilpassa bistand etter bustadsosiallova. Kommunen kan då hjelpe etter forskrift om lån frå Husbanken § 8-8.
Sjå rettleiaren for startlån og verkemiddel ved betalingsutfordringar.
Men dersom det er forhold ved førespurnaden som tyder på at vedkomande har behov for bistand utover handtering av startlånet, må kommunen vurdere om vedkomande oppfyller vilkåra for individuelt tilpassa bistand etter § 6 i lova.
Begrepet «vanskeligstilte på boligmarkedet» brukes i lovens § 1 og i § 6 første ledd. Definisjonen bygger på de tilsvarende bestemmelsene i dagens sosialtjenestelov § 15 og dagens helse- og omsorgstjenestelov § 3-7.
Begrepet «boligmarkedet» omfatter både markedet for eide boliger og leiemarkedet.
Vanskeligstilte på boligmarkedet er personer som ikke kan ivareta sine interesser på boligmarkedet. Årsaken til at personene ikke kan ivareta sine interesser på boligmarkedet kan være økonomiske, sosiale, helse- og omsorgsmessige eller mer sammensatt. Et kjennetegn ved disse personene, er at de ikke har mulighet til å skaffe seg eller opprettholde en tilfredsstillende bosituasjon på egen hånd.
At en person er vanskeligstilt på boligmarkedet, trenger ikke å bety at personen står uten bolig og er bostedsløs. Også den som står i fare for å miste boligen sin eller bor i en uegnet bolig eller et uegnet bomiljø, kan omfattes av definisjonen.
Det er behovet for bistand til å skaffe eller beholde en egnet bolig som er avgjørende for om man faller innenfor eller utenfor definisjonen. Også dersom problemene kan anses selvforskyldte, vil behovet for bistand medføre at en person kan vurderes å være vanskeligstilt på bolig markedet.
Hvorvidt en person ikke selv klarer å ivareta sine interesser på boligmarkedet og derfor har behov for bistand, må alltid avgjøres konkret. I vurderingen av om en person er vanskeligstilt på boligmarkedet skal kommunen for eksempel ta hensyn til helse- og omsorgsmessige og sosiale behov, muligheter for privat- og familieliv, behovet for å beholde eller skaffe arbeid og den enkeltes muligheter for å delta i aktiviteter.
Den som på noe sikt kan opparbeide seg kapital til å kjøpe seg en egen bolig, vil ikke omfattes av definisjonen. Det er normalt heller ikke til strekkelig at man ikke har råd til å kjøpe en egen bolig, såfremt man på egen hånd kan leie en egnet bolig.
Definisjonen omfatter ikke studenter eller unge i etableringsfasen som ikke har opparbeidet seg tilstrekkelig kapital til å komme seg inn i eier markedet, men må forvente å leie i en kortere eller lengre periode.
Det er i utgangspunktet ikke et krav at utfordringene har vart en viss tid. Dersom en person eksempelvis mister jobben og står i fare for å miste sin bolig dersom vedkommende ikke får bistand, vil vedkommende etter en konkret vurdering kunne anses som vanskeligstilt på boligmarkedet. Hvorvidt situasjonen har vart over tid vil likevel kunne være et moment i helhetsvurderingen av om personen er å anse som vanskeligstilt på boligmarkedet.
Når kommunen skal vurdere om noen er vanskeligstilt på boligmarkedet, vil det som regel være relevant å se hen til husstandens samlede situasjon. Se nærmere omtale i de generelle merknadene punkt 9.3.2 og 9.3.3.
For mer inngående om botid se prop L132 kap. 8.3.7 (PDF)