Endring i andre lover
Med virkning fra loven trer i kraft gjøres følgende endringer i andre lover:
1. I lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen skal § 15 lyde:
§ 15 Boliger til vanskeligstilte
Kommunen skal bistå vanskeligstilte på boligmarkedet etter reglene i lov [dato nr. xx] om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet. Kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen skal medvirke i kommunens boligsosiale arbeid.
2. I lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. oppheves: § 3-7. t
(Lovens § 12)
Dette inneber føresegna for kommunen
Føresegna fastsette at det blei gjort endringar i sosialtenestelova § 15, og at helse- og omsorgstenestelova § 3-7 blei oppheva samtidig med at bustadsosiallova tok til å gjelde. Endringane i desse lovene inneber først og fremst at ansvaret kommunen har for å gi bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden no er samla i bustadsosiallova.
Sosialtenestelova blei endra for å gjere det tydeleg at kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) framleis skal medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid. Nav har dermed ei lovpålagd rolle i det bustadsosiale arbeidet til kommunen etter sosialtenestelova, sjølv om hovudansvaret no følger av bustadsosiallova.
Helse- og omsorgstenestelova § 3-7 blei oppheva fordi plikta kommunen har til å medverke til å skaffe bustader til personar som ikkje sjølve kan vareta interessene sine på bustadmarknaden er vidareført og samla i bustadsosiallova.
Endringane inneber ikkje at ansvaret til kommunen er redusert. Formålet er å samle og tydeleggjere regelverket slik at pliktene til kommunen går fram av éi lov.
Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova
- Korleis sikrar kommunen at leiarar og medarbeidarar som er omfatta av endringane kjenner ansvarsfordelinga etter bustadsosiallova?
- Korleis er oppgåver og samarbeid mellom tenestene som gir bustadsosial bistand, Nav og helse- og omsorgstenestene avklarte?
- Kva rutinar og styringsdokument er oppdaterte etter at bustadsosiallova tok til å gjelde? Til dømes delegasjonsreglement, vedtaksmalar og samarbeidsrutinar.
Ofte stilte spørsmål
Bustadsosiallova vidarefører rettane som tidlegare blei regulerte i helse- og omsorgstenestelova (hol.) § 3-7. Bustadsosiallova § 6 fjerde ledd har same ordlyd som den oppheva føresegna i hol. § 3-7.
At § 3-7 i helse- og omsorgstenestelova er oppheva, inneber at denne føresegna ikkje lenger kan brukast til å vurdere, grunngi eller heimle vedtak om bustadsosial bistand. Der kommunen tidlegare ville ha brukt hol. § 3-7, skal bustadsosiallova brukast i dag.
Opphevinga av helse- og omsorgstenestelova § 3-7 er berre meint å vere av teknisk karakter, og inneber ikkje at rettar går tapt eller at ansvarsforhold blir flytta. Tvert imot skal bustadsosiallova bidra til å styrke situasjonen for dei som treng hjelp til å skaffe eigen bustad – uavhengig av årsak til behovet for bistand.
Dersom brukaren har behov for helse- og omsorgstenester, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-1 og helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6, er det krava til saksbehandling etter desse lovene som gjeld. Vi viser til spørsmål 7.8 og 9.2.
Sosialtenestelova § 17 slår fast at kommunen «skal gi opplysning, råd og veiledning» som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem. Dersom kommunen ikkje sjølv kan gi slik hjelp, skal han så langt som mogleg sørge for at andre gjer det. Plikta til å gi opplysning, råd og rettleiing er ei teneste som kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga skal gjere vedtak om, eller som skal inngå som del av eit vedtak.
Det bustadsosiale arbeidet hadde allereie ein sentral plass i sosialtenesta før bustadsosiallova tok til å gjelde. Bustadsosiallova bidreg likevel til at det bustadsosiale feltet blir mindre fragmentert, og at det blir tydelegare for kommunane kva ansvar dei har. Når det gjeld sosialtenestelova § 17 kan råd og rettleiing givast etter denne føresegna, men kommunen må framleis vurdere om ein person som ber om bistand er vanskelegstilt på bustadmarknaden og dermed gjere vedtak etter bustadsosiallova. Det er ikkje noko i vegen for at eit vedtak blir heimla i fleire regelverk, til dømes at råd og rettleiing om buforhold blir heimla både i sosialtenestelova § 17 og bustadsosiallova § 6.
Til nr. 1 Endringer i sosialtjenesteloven] Det foreslås å endre sosialtjenesteloven § 15 for å tilpasse paragrafen til den nye loven. Første punktum slår fast at det er kommunen som sådan som har ansvaret for å bistå vanskeligstilte på boligmarkedet, og at dette ansvaret reguleres i lov om kommunens ansvar på det boligsosiale feltet. Annet punktum viderefører gjeldende rett om at kommunen i arbeids- og velferdsforvaltningen skal medvirke i kommunens boligsosiale arbeid. Forslaget er nærmere omtalt i de generelle merknadene punkt 18.1.
[Til nr. 2 Endringer i helse- og omsorgstjenesteloven] Det foreslås å oppheve helse- og omsorgstjenesteloven § 3-7, da bestemmelsen videreføres i ny lov. Forslaget er nærmere omtalt i de generelle merknadene punkt 18.2.