Formålet til lova
Formålet med loven er å forebygge boligsosiale utfordringer og å bidra til at vanskeligstilte på boligmarkedet skal få bistand til å skaffe seg og beholde en egnet bolig.
(Lovens § 1)
Dette inneber føresegna for kommunen
Formålsføresegna har ikkje eit sjølvstendig innhald i den forstand at den isolert sett pålegg plikter eller gir privatpersonar rettar. Føresegna synleggjer likevel at kommunen har eit todelt ansvar:
- Systemansvar – kommunen skal førebygge bustadsosiale utfordringar gjennom ei kunnskapsbasert tilnærming til planlegging, organisering, samarbeid og samordning av tenester. Dette er eit kontinuerleg ansvar som gjeld uavhengig av om nokon har bede om bistand.
- Individansvar – kommunen skal gi individuelt tilpassa bistand til personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Dette ansvaret blir aktuelt når nokon vender seg til kommunen og skal følgast opp gjennom saksbehandling og enkeltvedtak.
Dei to formåla heng tett saman. Kommunen skal både arbeide langsiktig og systematisk for å førebygge bustadsosiale utfordringar, og gi individuelt tilpassa bistand til personar som treng hjelp.
Lova presiserer at bistanden skal bidra til at personar skal kunne skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Kommunen sitt ansvar tek derfor ikkje slutt når ein person har fått ein bustad. Kommunen skal også bidra til å førebygge at personar mistar bustaden.
Bustaden må vere eigna for den enkelte eller husstanden. Det er ikkje tilstrekkeleg å skaffe ein bustad dersom den ikkje er tilpassa personen sitt behov, til dømes når det gjeld størrelse, tilgjenge, nærleik til tenester eller behov for oppfølging.
Lova gir kommunen handlingsrom i val av organisering, verkemiddel og løysingar. Samstundes stiller den krav om at kommunen har tilstrekkeleg kompetanse, organisering og verkemiddel til å kunne gi individuelt tilpassa bistand og vurdere om bustaden er eigna for den enkelte.
Formålsføresegna er eit utgangspunkt for prioriteringane, planlegginga og utviklinga kommunen gjer i det bustadsosiale arbeidet.
Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova
- Korleis sikrar kommunen at leiarar og medarbeidarar i relevante tenester kjenner føremålet til lova og kommunen sine prioriteringar på området?
- Korleis er ansvar og myndigheit til å gjere vedtak etter lova avklart i kommunen?
- Korleis følgjer kommunen med på at oppgåvene etter lova blir ivaretatt?
- Korleis er ansvaret for oppgåvene etter bustadsosiallova fordelt mellom kommunen sine tenester?
- Korleis førebygger kommunen bustadsosiale utfordringar? Kva døme har kommunen på denne type arbeid?
- Korleis gir kommunen individuelt tilpassa bistand? Kva døme har kommunen på denne type bistand?
Ofte stilte spørsmål
Bustadsosiallova legg ansvaret og vedtaksmyndigheita etter lova til «kommunen». Dette er i tråd med prinsippet om at kvar kommune i størst mogleg grad skal ha fridom til å organisere si eiga verksemd.
Det er kommunestyret som er det øvste organet i kommunen, og som treff vedtak på vegner av kommunen dersom ikkje anna følgjer av lov, jf. kommunelova § 5-3. I utgangspunktet ligg dermed vedtakskompetanse etter bustadsosiallova til det enkelte kommunestyret.
Kommunestyret kan delegere myndigheita til å gjere vedtak etter lova til andre folkevalde organ, ordføraren eller kommunedirektøren (som igjen kan delegere vidare nedover i administrasjonen), innanfor rammene av gjeldande regelverk. Det vil dermed vere opp til den enkelte kommunen å avgjere kor vedtaksmyndigheita etter bustadsosiallova skal ligge. Bustadsosiallova set ingen særskilde avgrensingar på nivå for vedtaksmyndigheita.
Bustadsosiallova har ikkje eigne reglar for kommunen sin interne kontroll. Kommunen har likevel eigne og utfyllande reglar om internkontroll i kapittel 25. Kravet om internkontroll gjeld for alle lovpålagde plikter, medrekna kommunen sitt ansvar etter bustadsosiallova.
Internkontrollen gjeld administrasjonen si verksemd, og skal sikre at lovar og forskrifter blir følgde. Det er kommunedirektøren som er ansvarleg for internkontrollen, og skal minst éin gong i året rapportere til kommunestyret om internkontrollen. Vidare har kommunestyret det øvste ansvaret for å kontrollere verksemda til kommunen, og kan krevje at kvar enkelt sak leggast fram for kommunestyret til orientering eller avgjersle, jf. kommunelova § 22-1. Alle kommunar skal ha eit kontrollutval som fører løpande kontroll på kommunestyret sine vegner, jf. kommunelova kapittel 23. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at det blir gjennomført rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon. Kontrollutvalet skal rapportere resultata av sitt arbeid til kommunestyret.
Kommunen avgjer sjølv korleis han organiserer det bustadsosiale arbeidet. Så lenge kommunen bidreg til å oppfylle ansvaret han har etter bustadsosiallova, er det ingen føringar for korleis arbeidet blir organisert. Dei kommunane som allereie har eit bustadsosialt tilbod, slik som bustadkontor, kan legge kompetansen til å gjere vedtak og følgje opp arbeidet med vedtaka hit. Det er samstundes ikkje noko i vegen for at Nav eller andre instansar i kommunen fattar vedtak etter bustadsosiallova, medan andre instansar har ansvaret for å følgje opp vedtaka.
Det sentrale er at kommunen uansett må sørge for at samarbeid på tvers av sektorar og samordning av tenestene sine på det bustadsosiale feltet, jf. § 5 i lova.
Etter Grunnlova § 104 andre ledd og barnekonvensjonen artikkel 3 skal barnets beste bli vektlagt i alle handlingar eller avgjerder som har betydning for barn. Det inneber at barnas beste må vegast opp mot andre omsyn. Det vil ikkje alltid vere avgjerande, men det skal ha stor vekt. Det følgjer også av Grunnlova § 104 første ledd og barnekonvensjonen artikkel 12 at barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve.
Sjølv om det ikkje går direkte fram av bustadsosiallova, skal kommunen også her vareta barnets beste og retten barnet har til å uttale seg i saksbehandlinga. Kommunen skal altså vurdere om vedtak han gjer etter bustadsosiallova kan få betydning for barn. Dersom eit barn er omfatta av ei sak, skal kommunen sørge for at barnet – så langt det er mogleg ut frå alder, modnad og tilgjenge – får høve til å gi uttrykk for meininga si, og at denne inngår i vurderinga. Kva som vil vere til det enkelte barn sitt beste, vil avhenge av ei individuell og konkret vurdering. Kommunen må i grunngivinga for vedtaket vise korleis barnets interesser er vurdert.
Nav har ein rettleiar om barnets beste-vurderingar (PDF) som kan vere nyttig og har overføringsverdi til kommunane sitt arbeid med bustadsosiallova.
Paragrafen gir uttrykk for formålet med loven, og har ikke et selvstendig innhold i den forstand at den isolert sett pålegger kommunene plikter eller gir privatpersoner rettigheter.
Den slår for det første fast at loven skal forebygge boligsosiale utfordringer. Dette er for å tydeliggjøre det helhetlige forebyggingsperspektivet som kommunen skal ha på det boligsosiale feltet. Denne delen av bestemmelsen er ment å gjenspeile hovedinnholdet i kommunenes ansvar etter § 5.
For det andre slår paragrafen fast at vanskeligstilte på boligmarkedet skal få bistand til å skaffe seg og beholde en egnet bolig. Begrepet vanskeligstilte på boligmarkedet er definert i § 4. Denne delen av bestemmelsen er ment å gjenspeile hovedinnholdet i kommunenes ansvar etter § 6. Paragrafen bruker kriteriet «egnet» som definisjon på boligens egenskaper. I kriteriet ligger det visse krav til boligen og nærmiljøet.
Se prop. 132 L kapittel 7 for nærmere omtale.