Ansvarleg kommune
Kommunens ansvar for å gi individuelt tilpasset bistand etter § 6 gjelder alle som oppholder seg i kommunen. For den som oppholder seg i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester, skal individuelt tilpasset bistand likevel gis av den kommunen som var oppholdskommune forut for inntaket.
En person som er bosatt i en kommune som mottar integreringstilskudd for vedkommende, har rett til bistand i denne kommunen. Hvis en person som nevnt i første punktum flytter til en annen kommune, har vedkommende rett til bistand der, dersom flyttingen er avtalt mellom de to kommunene.
(Lovens § 3)
Dette inneber føresegna for kommunen
Føresegna regulerer kva kommune som har ansvar for å gi individuelt tilpassa bistand etter § 6. Ho regulerer ikkje om personen har rett til bistand eller kva bistand som skal bli gitt. Dette må vurderast etter §§ 2, 4 og 6.
Hovudregelen er at det er den kommunen personen oppheld seg i, som har ansvar for å gi bistand. Det er den faktiske opphaldskommunen som er avgjerande, ikkje nødvendigvis kommunen der personen er folkeregistrert. Kommunen kan derfor ikkje avslå eller avvise ein førespurnad fordi personen
- er folkeregistrert i ein annan kommune
- nyleg har flytta til kommunen
- ikkje har budd i kommunen over ei viss tid
Lova stiller ikkje krav om butid eller folkeregistrering. Særs kortvarige opphald fell likevel utanfor føresegna. Personar som er på gjennomreise, på besøk eller av andre grunnar oppheld seg heilt kortvarig i kommunen, blir normalt ikkje rekna for å opphalde seg i kommunen etter § 3.
Unntak ved institusjonsopphald og heildøgns omsorgstenester
For personar som oppheld seg i institusjon eller bustad med heildøgns omsorgstenester gjeld eit unntak frå hovudregelen. I desse tilfella er det kommunen personen oppheldt seg i før inntaket som har ansvar for å gi bistand.
Ansvaret gjeld òg i samband med utskriving og etablering etter opphaldet. Føresegna skal bidra til at personar som blir skrivne ut frå institusjon ikkje blir ståande utan nødvendig bistand som følgje av uklar ansvarsfordeling mellom kommunar.
Unntak av busetting av flyktningar
For personar som er busette i ein kommune som får integreringstilskot, er det busettingskommunen som har ansvar for å gi bistand.
Dersom personen ønsker å flytte til ein annan kommune, er utgangspunktet at busettingskommunen framleis har ansvaret. Den nye kommunen tek først over ansvaret dersom flyttinga er avtalt mellom kommunane.
Avklaring av ansvar
Ansvarsfordelinga mellom kommunar kan i enkelte tilfelle vere krevjande. Kommunen bør derfor avklare ansvarsforhold så tidleg som mogleg og samarbeide med andre kommunar saka gjeld når det er tvil om kva kommune som har ansvaret.
Ein person som har behov for bistand kan ikkje bli ståande utan oppfølging fordi kommunane er ueinige om ansvarsforholdet. Kommunen kan ikkje avvise ein førespurnad med grunngivinga at personen «høyrer til» ein annan kommune utan først å ha vurdert om eit av unntaka i § 3 kjem til bruk.
Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova
- Kva rutinar har kommunen for å avklare kva kommune som har ansvaret?
- Korleis er ansvaret ved institusjonsopphald og busetting av flyktningar avklart i kommunen?
- Kven handterer saker der ansvarsforholdet er uklart, og korleis blir desse sakene handterte?
- Korleis sikrar kommunen at personar ikkje blir ståande utan bistand medan kommunane avklarer ansvaret?
Ofte stilte spørsmål
Kva som er «institusjon eller bustad med heildøgns omsorgstenester» er avhengig av om buforma omfattar kost og losji, har bemanning heile døgnet og tilbyr ulike former for behandling, pleie eller omsorg.
Rundskriv til sosialtenestelova R35-00 pkt. 2.3.1 kan gi rettleiing om korleis omgrepa skal forståast, også i bustadsosiallova.
I forarbeida blir det nemnt fleire døme på slike institusjonar og bustader. Det kan vere institusjonar for rusbehandling, sjukeheimar, bustader for barn og unge under 18 år, privat forpleiing, helseinstitusjonar med spesialistfunksjonar, sjukehus, psykiatriske institusjonar, barne- og ungdomsheimar, senter for foreldre og barn, buformer med heildøgns omsorgs- og pleietenester og fengsel. Det har ikkje noko å seie om institusjonen er offentleg eller privat. Skular og internatskular, krisesenter, fosterheimar og hybelhus fell utanfor. Opplistinga er ikkje uttømmande.
Ikkje alle kommunar har institusjonar eller bustader med heildøgns omsorgstenester. Det vil seie at nokre personar må flyttast til ein annan kommune («institusjonskommunen») for å få slike tenester. I utgangspunktet inneber det at denne kommunen òg blir den nye opphaldskommunen, og etter hovudregelen dermed er ansvarleg for å gi bistand. Det er likevel gjort unntak i lova for desse tilfella, slik at det er kommunen som var opphaldskommune før personen fekk plass på institusjon eller i bustad med heildøgns omsorgstenester som er ansvarleg for å gi bistand.
Dette gjeld både før utskriving og i samband med utskriving og etablering. Grunngivinga for dette unntaket er at det ville påført kommunane som har slike tilbod ei urimeleg belastning dersom dei hadde ansvar for alle som oppheld seg i institusjonar og liknande i kommunen.
Sjølv om personen ønsker å bli verande i «institusjonskommunen» etter opphaldet, vil det i utgangspunktet framleis vere kommunen der personen oppheldt seg før institusjonsopphaldet, som har ansvar for å gi bistand så lenge vedkomande framleis oppheld seg på institusjonen. Det vil likevel ofte vere mest praktisk at «institusjonskommunen» tek over ansvaret for å gi individuelt tilpassa bistand. Dette kan avtalast mellom kommunane. Dersom personen flyttar til institusjonskommunen når vedkomande blir skriven ut, vil denne kommunen uansett bli den nye «opphaldskommunen» og dermed ha ansvar for å gi bistand, jf. hovudregelen i første ledd.
Dersom ein person ønsker å flytte til ein «tredje» kommune etter avslutta opphald, vil det òg i desse tilfella vere kommunen der personen oppheldt seg før inntaket som har ansvaret. Når personen flyttar til den tredje kommunen (og dermed oppheld seg der), vil den tredje kommunen etter kvart bli den nye opphaldskommunen og derfor òg ha ansvar for å gi bistand etter hovudregelen i § 3 første ledd. Også i desse tilfella er det viktig at kommunane samarbeider for å gi best mogleg bistand til vedkomande. Kommunane kan også avtale ei anna fordeling dersom det er mest hensiktsmessig at den nye (tredje) kommunen gir bistand.
For nærare utgreiing av denne problemstillinga, sjå tolkingsfråsegna frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Paragrafen regulerer hvilken kommune som er ansvarlig for å gi individuelt tilpasset bistand etter loven.
Hovedregelen etter første ledd gir uttrykk for det såkalte «oppholdsprinsippet», og tilsvarer sosialtjenesteloven § 3 og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1. Oppholdskommunen er den kommunen vedkommende til enhver tid oppholder seg i, enten han eller hun bor der (bosteds kommunen) eller oppholder seg der mer midlertidig. Kommunen kan ikke kreve at den som ber om bistand har bodd en viss tid i kommunen. Det må imidlertid avgrenses mot personer som har svært kort opphold i kommunen, for eksempel fordi de er på gjennomreise eller på besøk eller lignende. Se nærmere omtale i de generelle merknadene punkt 8.3.4 til 8.3.6.
Etter annet ledd gjøres det unntak fra prinsippet om oppholdskommunens ansvar når en person oppholder seg i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester. I disse tilfellene er det oppholdskommunen forut for inntaket i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester som skal gi bistanden. Ansvaret for å gi bistand gjelder også før utskriving, i forbindelse med utskriving og etablering. Dersom den som oppholder seg i institusjon eller lignende ønsker å bli værende i «institusjonskommunen» etter oppholdet, vil det i utgangspunktet fortsatt være oppholdskommunen forut for inntaket som skal gi bistand. I slike tilfeller vil det likevel ofte være mest praktisk at den nye kommunen («institusjonskommunen») overtar ansvaret for å gi individuelt tilpasset bistand. Dette kan avtales mellom kommunene.
Hvis personen som skrives ut melder flytting til institusjonskommunen fra utskrivningstidspunktet, vil institusjonskommunen uansett bli den nye oppholdskommunen.
Hva som anses som institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester avhenger av om boformen omfatter kost og losji, har døgnbemanning og tilbyr ulike former for behandling, pleie eller omsorg, se også rundskriv til sosialtjenesteloven R35-00 punkt 2.3.1. Dette kan være institusjoner for rusbehandling, sykehjem, boliger for barn og unge under 18 år, privat forpleining, helseinstitusjoner med spesialist funksjoner, sykehus, psykiatriske institusjoner, barne- og ungdomshjem, senter for foreldre og barn, boform med heldøgns omsorgs- og pleietjenester og fengsler. Om institusjonen er offentlig eller privat, har ikke betydning. Skoler og internatskoler, krisesentre, fosterhjem og hybelhus faller utenfor. Se nærmere omtale i punkt 8.3.5.
Etter tredje ledd første punktum kan personer som kommunen mottar integreringstilskudd for, for eksempel personer som har fått vern med flyktningstatus eller oppholdstillatelse på humanitært grunnlag, bare få bistand i den kommunen som mottar tilskuddet. Annet punktum åpner for at disse kan flytte til en annen kommune og få bistand der hvis flyttingen er avtalt mellom kommunene. Se nærmere omtale i punkt 8.3.6.