Rettleiar for bustadsosiallova

Om rettleiaren for bustadsosiallova

Om denne rettleiaren

Bustadsosiallova, lov 20. desember 2022, nr. 121 om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet, tok til å gjelde 1. juli 2023. Denne rettleiaren forklarer kva føresegnene i lova vil seie for kommunane.

Kven er rettleiaren for?

Rettleiaren er for deg som

  • arbeider med bustadsosiale oppgåver, medrekna saksbehandlarar ved bustadkontor, Nav, helse- og omsorgstenester og planfunksjonar
  • er kommunedirektør eller leiar med ansvar for bustad og velferd
  • har behov for kunnskap om kommunane sitt ansvar etter bustadsosiallova

Slik er rettleiaren bygd opp

Kvart kapittel tek føre seg éi føresegn i lova. Kapitla har denne strukturen:

  • Lovteksten
  • Dette inneber føresegna for kommunen
  • Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova
  • Ofte stilte spørsmål og svar
  • Særmerknaden til føresegna frå forarbeida

Rettleiaren vil supplerast med fleire spørsmål og svar, typiske problemstillingar og meir rettleiing om korleis kommunane kan bruke handlingsrommet sitt i arbeidet med lova.

På landingssida finn du lenker til sentrale kjelder og nyttige ressursar du kan nytte deg av i arbeidet.