Verkeområde
Loven gjelder for alle som oppholder seg i riket, med unntak av:
a. personer som ikke har lovlig opphold i riket
b. personer som har søkt om beskyttelse, og som har eller kan få statlig innkvartering;
c. personer som ikke er norske statsborgere, og som ikke har tilknytning til riket, med mindre annet følger av en folkerettslig avtale.
(Lovens § 2)
Dette inneber føresegna for kommunen
Dersom ein person vender seg til kommunen for å få bistand, må kommunen først vurdere om personen er omfatta av verkeområdet til lova.
Hovudregelen er at lova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg, og det er ikkje krav om å vere norsk statsborgar. Føresegna stiller likevel opp fleire unntak frå dette utgangspunktet som kommunen må vurdere i kvart enkelt tilfelle. I praksis er det unntaka som avgjer om lova gjeld for den som ber om bistand.
Kommunen må gjere konkrete vurderingar når det er tvil om
- personen har lovleg opphald
- personen har søkt om asyl
- personen har tilstrekkeleg tilknyting til Noreg
- andre unntak i lova får verknad
Kommunen bør ha rutinar for korleis slike vurderingar skal gjennomførast og kven som har ansvar for å gjere vurderingane.
Spørsmål kommunen kan stille seg i arbeidet med lova:
- Kven eller kva teneste har ansvar for å vurdere om ein person er omfatta av lova?
- Kva rutinar har kommunen for å vurdere tilknyting til riket?
- Korleis avklarer kommunen tvil om ein person er omfatta av lova, og kvar kan medarbeidarane få støtte i vurderinga?
Ofte stilte spørsmål
Hovudregelen etter bustadsosiallova er at ho gjeld for alle som oppheld seg i riket. Med dette er det meint at alle som faktisk oppheld seg i Noreg. Lova gjeld ikkje på Svalbard.
Det er i utgangspunktet ikkje eit krav om å vere norsk statsborgar eller at opphaldet har ei viss varigheit eller samanheng med arbeid eller utdanning i Noreg. Denne hovudregelen må likevel sjåast i samanheng med unntaka som er fastsette i § 2 bokstav a til c.
Dette vil først og fremst vere personar som har kome til Noreg ulovleg, eller personar som held fram med å opphalde seg i Noreg etter at opphaldsløyvet har gått ut eller ved endeleg avslag på søknad om opphaldsløyve.
Ein må vurdere konkret om personar med såkalla «tolt opphald» er omfatta av lova.
Det gjeld personar som ikkje har varig løyve til opphald i Noreg, men der opphaldet likevel ikkje er ulovleg etter utlendingslova. Det kan til dømes vere ein person som har søkt om fornying av opphaldsløyvet etter den førre gjekk ut, eller personen har fått ein utreisefrist som enno ikkje er gått ut. Kommunen må i vurderinga særleg legge vekt på om personen har fått ein frist for å reise ut av landet, eller om opphaldet er på ubestemt tid.
Dette vil i hovudsak vere asylsøkarar som har, eller har rett til, plass i mottak eller andre former for statleg innkvartering under behandling av asylsøknaden, medrekna under eventuell behandling av ei klage på vedtak om sak om asyl. Føresegna omfattar òg personar som er i alternativ mottaksplassering, som inneber at ein kommune, etter ein førespurnad frå UDI, godtek å ta på seg ansvaret for å gi eit butilbod til og følgje opp personar som har søkt om alternativ mottaksplass.
For å vurdere om ein person har tilknyting til riket, må kommunen gjere ei heilskapsvurdering av tilknytinga personen har til Noreg. Kommunen skal legge vekt på fleire moment, mellom anna om personen er folkeregistrert i Noreg, har ektefelle eller barn i Noreg, er medlem i folketrygda og har skattemessige plikter i Noreg. Jo lenger ein person har opphalde seg i Noreg, desto større er sannsynet for at tilknytinga er sterk nok til at personen er omfatta av verkeområdet til lova.
Bustadsosiallova gjeld ikkje direkte for busetting av flyktningar. Flyktningar kan likevel ha rett til bistand etter lova dersom dei er omfatta av verkeområdet etter § 2 og blir rekna som «vanskelegstilte på bustadmarknaden» etter § 4.
Det er presisert i bustadsosiallova § 3 tredje ledd at ein «person som er busett i ein kommune som får integreringstilskot for vedkomande, har rett til bistand i denne kommunen. Dersom ein person som nemnt i første punktum flyttar til ein annan kommune, har vedkomande rett til bistand der, dersom flyttinga er avtalt mellom dei to kommunane.» Dersom ein kommune får integreringstilskot for ein flyktning, vil i utgangspunktet vedkomande berre kunne få bistand i den kommunen som får tilskotet frå staten. Grunngivinga for dette er at busettingskommunen skal få moglegheit til å lage gode opplegg for opplæring og integrering for den enkelte, slik at moglegheitene til sjølvforsørging aukar. Føresegna opnar samstundes for at flyktningar kan flytte til ein annan kommune og få bistand der, men berre dersom flyttinga er avtalt mellom kommunane.
Paragrafen omhandler lovens personelle og stedlige virkeområde, det vil si hvem som omfattes av loven og hvor loven gjelder. Loven gjelder ikke på Svalbard. Se nærmere omtale i punkt 8.3.2.
Hovedregelen er at loven gjelder for alle som faktisk oppholder seg i riket. Det innebærer at det i utgangspunktet ikke er krav om å være norsk statsborger, at oppholdet har en viss varighet eller har sammenheng med arbeid eller utdanning i Norge. Se nærmere omtale i punkt 8.3.3.
Loven gjelder ikke for personer som omfattes av et eller flere av unntakene i bokstav a til c. Det betyr at disse personene ikke har rett til individuelt tilpasset bistand etter § 6.
Bokstav a fastslår at loven ikke gjelder for personer som oppholder seg ulovlig i Norge. Dette vil i hovedsak gjelde personer som har kommet ulovlig til landet, eller personer som fortsetter å oppholde seg i Norge ved utløpt oppholdstillatelse eller ved endelig avslag på søknad om oppholdstillatelse. Hvorvidt personer med såkalt «tålt opphold» skal anses for å oppholde seg ulovlig i Norge, må vurderes konkret. Kommunen må i vurderingen særlig se hen til om personen har fått en frist for å reise ut av landet, eller om oppholdet er på ubestemt tid.
Bokstav b innebærer at loven heller ikke gjelder for personer som har søkt om beskyttelse, og som har eller kan få statlig innkvartering. Dette vil i hovedsak være asylsøkere som har, eller har rett til, plass i mottak eller andre former for statlig innkvartering under behandling av asylsøknaden, herunder under eventuell behandling av en klage på vedtak i sak om asyl. Dette omfatter også personer som er i alternativ mottaksplassering.
Bokstav c slår fast at personer som ikke er norske statsborgere heller ikke omfattes av loven, med mindre personen likevel anses for å ha en sterk tilknytning til Norge. Kommunen må foreta en helhetsvurdering av personens tilknytning. I helhetsvurderingen skal kommunen legge vekt på flere momenter, blant annet om personen er folkeregistrert i Norge, har ektefelle eller barn i Norge, er medlem i folketrygden og har skattemessige forpliktelser i Norge. Jo lenger en person har oppholdt seg i Norge, jo større er sannsynligheten for at tilknytningen er sterk nok til å omfattes av lovens virkeområde. Se nærmere omtale i punkt 8.3.3. Om en person ikke anses å ha tilstrekkelig tilknytning til Norge og heller ikke er norsk stats borger, fremgår det videre av bokstav c at en person likevel omfattes av loven dersom dette følger av en folkerettslig avtale.
Angående EØS-borgere, se lovfortolkning til boligsosial lov § 2 TUDEP 2023-6198.