Personvernerklæring for statistikk, rapportering og analyse

Behandlingsformål

Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan som blir finansiert over statsbudsjettet. Opplysningane som vi hentar inn bidrar til å synleggjere måla som er oppnådd for KMD. Statistikk på dei økonomiske ordningane vert presentert internt og på husbanken.no, i form av rapporter, datasett som kan lastast ned og ved visuell framstilling.

Husbanken handterer persondata på søkjarar av bustøtte, startlån, lån eller tilskot for å kunne utarbeide statistikkar, rapportere på eksterne og interne mål for verksemda og gjennomføre analyser.

I tillegg behandlar vi data slik at dei kan nyttast til å gjennomføre ulike effektanalyser av dei økonomiske verkemidla. Husbanken leverer òg ut data til forsking. Oppdragsgivar kan vere både Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Husbanken.

Behandlingsgrunnlag

Husbanken har heimel i Husbankloven og bustøttelova til å behandle persondata.
Kva for system/applikasjon/teneste opplysningane behandlast i (ev. av)?
Husbanken hentar opplysningar frå systema som handterer bustøtte, startlån og grunnlån.

Kva for personopplysningar blir henta inn til statistikk og analyse og forsking:

Forklart under punkta: 

Vurderingar
Saksbehandlar i kommunen vurderer om hushaldet er i målgruppa for ordninga, etter den til ei kvar tid gjeldande forskrift. 

Opplysningar om saksbehandlar i kommunane
E-post opplysningar, rolle og dato for aktivering av konto, samt om kontoen er aktiv eller avslutta i saksbehandlingssystema.

Grunnlån: https://www.husbanken.no/grunnlaan/personvern/
https://www.husbanken.no/grunnlaan/personvern-personliglanetaker/

Opplysningstype grunnlån
Sum og tidspunkt for innbetaling.

Blir opplysningane utlevert (inkl. til databehandlar) eller overført ut av EU/EØS?

Husbanken utleverer data til forskingsinstitusjonar i forbindelse med forskingsoppdrag som skal bidra til å utvikle kunnskap om Husbankens mål, metodar og resultat innanfor Husbankens saksområde. Husbanken utleverer på jamleg basis persondata på bustøtte og startlån til SSB for statistiske formål.

Kor lenge opplysningane blir lagra

Husbanken forvaltar dei bustadpolitiske verkemidla og har register som viser korleis offentlege midlar har blitt nytta innanfor politikkområdet. Lagring er derfor nødvendig for å ivareta forskingsformål eller statistiske formål, og i eit historisk perspektiv.

Tiltak som gjeld sikkerheit

Eksternt presentasjonslag, tilgjengeleg for publikum har prikking av observasjonar færre enn 4 observasjonar.
Datavarehuset som handterer opplysningane som nyttast til statistikk og analyse er tilgangsstyrt.