Rettleiar for kommunar: Tilskot til utgreiing og prosjektering
Søknader om tilskot til utgreiing og prosjektering blir behandla av kommunane. Her får du som saksbehandlar i kommunen rettleiing i prosessen.
Søknader om tilskot til utgreiing og prosjektering blir behandla av kommunane. Her får du som saksbehandlar i kommunen rettleiing i prosessen.
Tilskot til utgreiing og prosjektering bidrar til å:
Rettleiar for saksbehandlar i kommunen: Tilskot til utgreiing og prosjektering - nynorsk (PDF)
Rettleiar for saksbehandlar i kommunen: Tilskot til utgreiing og prosjektering - bokmål (PDF)
Tilskot til utgreiing kan nyttast til å kartleggje følgjande forhold:
Tilskot til prosjektering kan vere til dekning av kostnader til fagleg bistand til prosjektering, det vil si honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.
Det er opp til kommunen å vurdere om tilskot skal givast og kor stor utmålinga av tilskotet skal vere.
Det er svært viktig at kommunane brukar handlingsrommet som finst i dei økonomiske verkemidla slik at sakene kan løysast på best mogeleg måte. Å søkje tilskot og lån, samt å gjennomføre ei tilpassing, kan for mange vere så krevjande at dei treng hjelp frå kommunen, annan fagperson eller pårørande. Det er avgjerande at brukar får god og riktig informasjon på eit tidleg tidspunkt.
Husbanken har laga eit enkelt søknadsskjema for tilskota. I dei tilfella kommunen skal innvilge tilskot til tilpassing til å gjennomføre sjølve tiltaket, kan kostnadene til utgreiing og/eller prosjektering «bakast inn» i sjølve tilpassingstilskotet. Tilskot til tilpassing behandlast i saksbehandlingsverktøyet Startskudd.
Last ned:
Søknadskjema for tilskot til utgreiing og prosjektering - bokmål (PDF)
Kommunane bør, gjennom sin kontakt med søkjar/brukar og sin kompetanse på bustadtilpassing, spele ei aktiv rolle i å avdekkje behov, gi råd om mogelege løysingar og gi mogeleg bistand til dei som treng hjelp og finansiering ved behov for tilrettelagt bustad.
Kommunen kan bruke stor grad av skjøn i saksbehandlinga og ved sine vedtak i søknadene. Kommunen kan likevel ikkje behandle søkjarar ulikt, avgjersla er omfatta av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om enkeltvedtak og høve til å klage.
Ei undersøking og prosjektering på førehand av mogelege løysingar i ein bustad vil kunne betre kvaliteten på den fysiske tilpassinga og auke effekten ved tilskot til tilpassing.Tilsegn er stadfesting på at tilskot er innvilga og skal innehalde tilskotsbeløp, kor lenge tilsegna er gyldig og føresetnadene for å få tilskotet utbetalt.
Avslag sendast der søknad ikkje blir imøtekomen. Avslag er enkeltvedtak som skal grunngjevast og kan klagast på, jfr. Forvaltningslova § 28.
Eksempel på tilsegnsbrev og avslag:
På kunnskapsbanken.net finn du meir informasjon frå NAV Hjelpemiddelsentral om tilrettelegging av bustader.