Rettleiar for tilskot til etablering

Tilskot til etablering skal bidra til at barnefamiliar og andre vanskelegstilte med låg og/eller usikker inntekt kan kjøpe bustad.

Startskudd er kommunen sitt saksbehandlingsverktøy for startlån og tilskot. Det forenklar saksbehandlinga, bidrar til å finne gode løysingar og til å sjå verkemidla, startlån og tilskot i samanheng.


Tilskot til etablering kan gjevast til:

  • Personar med låg inntekt, som ikkje klarer å betjene et tilstrekkeleg stort startlån.
  • Personar som står i fare for å miste bustaden gjennom tvangssal og der tilskot til refinansiering bidrar til at dei kan behalde bustaden.
  • Personar som har behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne. Personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.

Eksempel på aktuelle tilskotsmottakarar:

  • Barnefamiliar med behov for å stabilisere busituasjonen.
  • Flyktningar.
  • Personar med nedsett funksjonsevne, rusproblem og/eller psykiske problem.
  • Personar med varig låg inntekt i form av trygdeytingar.

Dette kan det gjevast tilskot til:

  • Etablering i eigen bustad.
  • Reetablering for vanskelegstilte som har behov for ein betre tilpassa bustad. 
  • Refinansiering som er nødvendig for å behalde bustaden.
  • Utbetring som er nødvendig for at bustaden framleis skal vere til å bu i og eigna for bebuar over tid, òg i samband med nyinnkjøpt bustad.

Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om tilskot skal ytast og kor stor utmålinga skal vere. Det kan bli gitt tilskot aleine, eller i samfinansiering med startlån. For å redusere tilskotsbehovet i kvar enkelt sak kan lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom for startlånet òg nyttast.

Søknad og saksgang

Under saksbehandlinga gjer kommunen ei individuell vurdering av behovet til husstanden for tilskot til etablering. Her finn du informasjon om Startskudd. som er saksbehandlingsverktøyet for startlån og tilskot.

Kommunen må stille pant i bustaden eller i heimelsdokumentet til bustaden. Pantet bør vere innanfor verdien til bustaden og er sikkerheit for eventuelt krav om tilbakebetaling av tilskot.  Pant for tilskotet vil innebere ein buffer mot utleggspant, som kan truge bustaden på eit seinere tidspunkt. Tilskot på inntil 40 000 kroner kan gjevast utan sikkerheit.

Kommunen må sjølv syte for nødvendig sikkerheit og kan velje andre reglar for sikkerheit.

Tilskotet kan utbetalast i samband med overtaking av bustaden eller når prosjektet er ferdigstilt.

For tilskot til utgreiing kan beløpet utbetalast når utgreiinga er gjennomført, etter at tilfredsstillande sikkerheit er etablert og søkjar har dokumentert at kostnadene er påkomne og fakturert.

Kommunen kan sjølv velje om delar eller heile tilskotet skal avskrivast direkte. Reglar for avskriving kan for eksempel vere å fastsetje ein fast årleg prosent til avskriving.

Tilskot kan krevjast tilbakebetalt heilt eller delvis dersom føresetnadene for tildelinga ikkje vert overheldt.

Dersom kommunen for eksempel vil sikre at ein bustad som er delvis finansiert med tilskot ikkje kan framleigast, må dette stå tydeleg i låneavtalen.

Blir bustaden overdradd til ny eigar i avskrivingsperioden til tilskotet, skal kommunen krevje attståande tilskot tilbakebetalt. Kommunen kan eventuelt velje å gjere det om til rente- og avdragspliktig lån. I særlige tilfelle, for eksempel ved sal av bustad som fører til tap, kan ein gå bort frå kravet om tilbakebetaling av tilskotet.

Kommunen kan sjølv velje andre reglar som gjeld tilbakebetaling.

Kommunen sitt  vedtak skal vere skriftleg og må innehalde opplysningar om mogelegheit til å klage. Søkjar kan klage på vedtak om tildeling, utmåling, avvist sak og avslag i samsvar med reglar i forvaltningslova. Klagen skal sendast kommunen.

Når saka er behandla vil vedtaket vere i ei av desse formene:

  • Finansieringsbevis, - blir som regel gitt der det skal brukast som toppfinansiering med startlån.
  • Tilsegn, - er stadfesting på at tilskot er innvilga, skal innehalde tilskotsbeløp, kor lenge tilsegna er gyldig og føresetnadene for å få tilskotet utbetalt.
  • Avslag, - er enkeltvedtak som skal grunngjevast og kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.