Tilskot til energitiltak i kommunale bustader

Tilskotet skal gå til tiltak som minskar behov for energi i kommunale utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.

Tilskotet er ei vidareføring av Enova si støtteordning til energitiltak i kommunale bustader. Målet med tilskotet er at dei som leiger bustad av kommunen skal få lågare utgifter til kjøpt energi og ei permanent forbetring av bygget dei bur i.

  • Det er kommunane som søker tilskot og gjennomfører tiltak.
  • Dei kommunane som får tilskot, må gjennomføre tiltaka i løpet av 2023.
  • Det kan bli gitt tilskot til energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar som kommunen eig.

Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behov for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi.

Kommunen kan få tilskot til desse tiltaka:

  • Etterisolering av ytterveggar
  • Etterisolering av yttertak/kaldt loft
  • Utskifting av vindauge
  • Termisk isolering av røyr og deler i varmesentral
  • Varmepumpe væske-vatn
  • Varmepumpe luft-vatn
  • Solvarmekollektor
  • Solceller
  • Biokjel for fast brensel

  • Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka.
  • Tilskotet for kvart prosjekt skal ikkje overstige fem millionar kroner.
  • Det er mogleg å søkje om tilskot til fleire prosjekt.

Her kan du utforske kva kommunen kan få i tilskot i 2023 (Excel). Kalkulatoren gir ei førebels utrekning som kan brukast i budsjettprosessen til kommunen.

  • Kommunen søker om tilskot på vanleg måte via Husbankens e-søknadsløysing og ID-porten. Det er kommunen sjølv som tildeler rolle for å kunne søke. Tilgangen som kommunen gir må knyttas mot «Lån og tilskotstenester i Husbanken».

  • Det er ingen søknadsfrist for tilskotet, Husbanken behandlar søknadene fortløpande så lenge tilskotsmidla rekk.
  • Tilskotet blir utbetalt når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført.
  • Tiltaka som får tilskot må ferdigstillast og søkast utbetalt innan 1.12.2023.
  • Kommunen skal rapportere på kva tiltak som er gjennomført, kva slags bustader det er gjort tiltak i, og forventa redusert energibehov.
  • Dersom heile tilskotsramma blir fordelt i løpet av 2023, vil nye søknader bli avslått.