Rentekompensasjon

Stortinget har vedteken ei ny ordning for rentekompensasjon for skule. Forslaget til forskrift er no ute på høyring, og ordninga skal tre i kraft 1. juli 2024.

Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer, utstyr og inventar i skulane skal stimulere til meir praktisk og variert opplæring i skulen. Ordninga skal bidra til at elevar på 5.–10. trinn får gode læringsarenaer tilrettelagt for praktisk læring i ulike fag. Rentekompensasjonen skal administrerast av Husbanken.

Høyringsfristen for forslaget til ny forskrift er 24. mai 2024. Les meir om høyringa på regjeringa.no.

Forskrift, rettleiar og elektronisk søknadsløysing vil vere på plass innan 1. juli 2024.

Meir informasjon kjem på denne sida når forskrifta er vedteken.

Husbanken har tidlegare administrert fleire ordningar for rentekompensasjon. Vi betaler ut kompensasjon for tilsegn som er gitt tidlegare for desse ordningane:

  • Rentekompensasjon til kyrkjer og kyrkjeinventar: Husbanken har ikkje middel til investeringar i 2024.
  • Rentekompensasjon for skule og symjeanlegg 2009-2016: Ordninga vart avslutta 31.12.2016.
  • Rentekompensasjon for omsorgsbustader og sjukeheimar: Ordninga vart avslutta 31.12.2004.

Den årlege utbetalinga av rentekompensasjon skjer om lag i midten av desember kvart år.

Her er rentene som blir lagt til grunn for den årlege utbetalinga av rentekompensasjon.

For den nye ordninga for rentekompensasjon for skule er det renta fra  og med 1. juli 2024 som blir lagt til grunn.

Renter i 2024
Periode Rente
01.01.24 - 01.03.24 3,74 %
01.03.24 - 01.05.24 4,01 %
01.05.24 - 01.07.24 4,11 %
01.07.24 - 01.09.24
01.09.24 - 01.11.24
01.11.24 - 01.01.25
Renter i 2023
Periode Rente
01.01.23 - 01.03.23 1,91 %
01.03.23 - 01.05.23 2,28 %
01.05.23 - 01.07.23 2,47 %
01.07.23 - 01.09.23 2,61 %
01.09.23 - 01.11.23 2,90 %
01.11.23 - 01.01.24 3.38 %

Renta som blir lagt til grunn, er i samsvar med forskrift om lån fra Husbanken § 8-3.