Tilskot til utleigebustader

Tilskotet skal hjelpe kommunar med å etablere fleire utleigebustader for personar som ikkje har mogelegheit til å skaffe seg eller oppretthalde eit tilfredsstillande buforhold.

Kommunen kan kjøpe, byggje nytt eller byggje om eigedomsmasse. Det kan kommunen gjere i eigen regi, eller ved å inngå avtalar med private aktørar, der kommunen får rett til å tildele bustadene til sine leigetakarar.

Søknad og saksgang

Det er ingen søknadsfrist. Søknader kan sendast inn fortløpande. Programkommunane får eigen ramme. Denne ramma kan dei disponere fram til 1. oktober. Resterande midlar blir fordelt til andre kommunar som har behov. 

Etter at utleigebustader er skaffa fram er det satt ein frist på eitt år til å søke om tilskot i Husbanken.

Forlenga nedskrivingstid

Nedskrivingstida er forlengt frå 20 til 30 år. Tilskotet blir avskrive med 3,3 prosent per fullført år frå utbetalingsdato.

Utmåling av tilskot til utleigebustader

Tilskotet blir no berekna per kvadratmeter, og kommunane er delt inn i geografiske grupper slik at storleiken på tilskotet reflekterer dei lokale bustadprisane. Den maksimale tilskotsutmålinga tilsvarar ein bustad på 80 kvadratmeter. Frå 2019 er tilskotet for utleigebustader generelt auka med 15 prosent. Kommunane må no søkje digitalt, og det er ikkje nokon søknadsfrist. Nytt om tilskot til utleigebustader frå 2019"

Kalkulator – tilskot til utleigebustader
Den nye forskrifta skal sikre einskild behandling av kommunar, og gjere ordninga meir kostnadseffektiv. Med faste satsar for kommunen kan ein nytte ein enkel utrekning for å sjå tilskotstorleik og tilskotsandel for bustader med ulik storleik og investeringskostnadar.
Kalkulator for utrekning av tilskotsmidlar til utleigebustader
.

 

Kommunegruppe Tilskudd per kvm P-ROM Maksimal utmåling
Oslo 18 200 1 456 000
Bærum 14 800 1 184 000
Asker, Bergen, Drammen, Frogn, Lørenskog, Nesodden, Oppegård, Rælingen, Skedsmo, Ski, Tromsø, Trondheim, Ullensaker, Ås 11 200 896 000
Bodø, Fet, Førde, Gjerdrum, Lier, Lillehammer, Malvik, Moss, Nittedal, Røyken, Sandnes, Sogndal, Sola, Stavanger, Sørum, Tønsberg, Vestby
9 900 792 000
Alta, Askim, Askøy, Eidsvoll, Enebakk, Fjell, Flora, Fredrikstad, Færder, Gjesdal, Gjøvik, Hamar, Hammerfest, Hobøl, Hole, Holmestrand, Horten, Hurum, Hvaler, Hå, Klepp, Klæbu, Kongsberg, Kristiansand, Melhus, Molde, Nannestad, Nedre Eiker, Nes (Ak, Os (Ho), Randaberg, Ringerike, Rygge, Råde, Sande (V), Sandefjord, Skaun, Spydeberg, Stjørdal, Stryn, Time, Øvre Eiker, Ålesund
8 200 656 000
Øvrige kommuner 7 400 592 000