Tilskot til utleigebustader
Tilskotet skal hjelpe kommunar med å etablere fleire utleigebustader for personar som ikkje har mogelegheit til å skaffe seg eller oppretthalde eit tilfredsstillande buforhold.
Tilskotet skal hjelpe kommunar med å etablere fleire utleigebustader for personar som ikkje har mogelegheit til å skaffe seg eller oppretthalde eit tilfredsstillande buforhold.
Kommunen kan kjøpe, byggje nytt eller byggje om eigedomsmasse. Det kan kommunen gjere i eigen regi, eller ved å inngå avtalar med private aktørar, der kommunen får rett til å tildele bustadene til sine leigetakarar.
I behandlinga av revidert nasjonalbudsjett reduserte Stortinget bevilgninga til tilskot til utleigebustader, slik at tilsagnsramma for tilskotet er redusert med ein milliard kroner. Det betyr i praksis at tilleggsbevilgninga til busetting av flyktningar frå Ukraina er reversert, og det ikkje er tilskotsmidlar igjen til utleigebustader i 2022 (gjeld også tilskot til forsøk med nye bustadmodellar).
Både auka tilskotsutmåling og tilskot til istandsetting, som var knytta til ekstrabevilgninga, fell bort.
Etter vedtaket i Stortinget er tilsagnsramma for tilskot til utleigebustader i 2022 på 154 millionar kroner. Husbanken har så langt i år motteke søknader om tilskot for langt meir enn tilsagnsramma. Når tilskotsmidla om kort tid er brukt opp, vil resterande søknader bli avslått.
Husbanken ber kommunane om å sende inn søknader om tilskot fortløpande. I 2022 blir søknader prioriterte ut fra søknadsdato og dato for igangsetjing.
Søknad om tilskot kan seinast sendast Husbanken eitt år etter at utleigebustadene er skaffa fram.
Tilskotet blir berekna per kvadratmeter. Kommunane er delt inn i geografiske grupper, slik at storleiken på tilskotet reflekterer dei lokale bustadprisane. Den maksimale tilskotsutmålinga tilsvarar ein bustad på 80 kvadratmeter.
Sjå oversikt over satsane lenger ned på denne sida.
Forskrifta skal sørge for einskild behandling av kommunar, og gjere ordninga meir kostnadseffektiv. Med faste satsar for kommunen kan ein nytte ein enkel utrekning for å sjå tilskotstorleik og tilskotsandel for bustader med ulik storleik og investeringskostnader.
Kommunegruppe | Tilskot per kvm P-ROM | Maksimal utmåling | |
---|---|---|---|
Oslo | 20 000 | 1 600 000 | |
Bærum | 16 000 | 1 280 000 | |
Asker, Bergen, Drammen, Frogn, Lørenskog, Nesodden, Rælingen, Lillestrøm, Nordre Follo, Tromsø, Trondheim, Ullensaker, Ås | 12 000 | 960 000 | |
Bodø, Gjerdrum, Lier, Lillehammer, Malvik, Moss, Nittedal, Sandnes, Sogndal, Sola, Stavanger, Sunnfjord, Tønsberg, Vestby | 11 000 | 880 000 | |
Alta, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidsvoll, Enebakk, Fredrikstad, Færder, Gjesdal, Gjøvik, Hamar, Hammerfest, Hole, Holmestrand, Horten, Hvaler, Hå, Indre Østfold, Kinn, Klepp, Kongsberg, Kristiansand, Melhus, Molde, Nannestad, Nes, Randaberg, Ringerike, Råde, Sandefjord, Skaun, Stjørdal, Stryn, Time, Øvre Eiker, Øygarden, Ålesund | 9 000 | 720 000 | |
Øvrige kommunar | 8 000 | 640 000 |
På veiviseren.no får du rettleiing i korleis kommunen kan skaffe og forvalte bustader, blant anna til utleigebustader:
Rettleiar for lokalisering og utforming av omsorgsbygg
Skaffe sjukeheimar og omsorgsbustader for eldre
Kjøp av kommunale utleigebustader
Private utleigebustader med rett til kommunal tilvising eller tildeling