Med startlån blei Ingrid sjef i eigen heim

Då Ingrid Alnes Johannessen skulle flytte heimanfrå, ønskte ho ikkje å bu i eit bufellesskap. Ingrid ville kjøpe eiga leilegheit og vere sjef i eigen heim. Med god hjelp frå familien og Ålesund kommune fekk Ingrid oppfylt draumen sin.

Kommunenavn: Ålesund
Kommunestørrelse: Stor

Ingrid eig sin eigen bustad, og har gjort det lenge. For snart 10 år sidan kjøpte ho leilegheit i Blindheim Park i Ålesund.

Ingrid står på balkong med nabolag i bakgrunnen. Foto.

Leilegheita er på 60 kvadratmeter og har alt på eit plan. Ho ligg i andre etasje, har to soverom, romsleg bad, opa kjøkkenløysing og innvendig bu. Ingrid brukar det eine soverommet som kontor. I tillegg er det ei utvendig bu og ein carport. Der står bilen til Ingrid, som assistentane hennar køyrer. Rett utanfor leilegheita ligg ein fin liten park.

Ingrid er den einaste med utviklingshemming (nedsett funksjonsevne) i sameiget og området rundt.

Husbanken fekk komme heim til Ingrid og snakke med henne og pappa Svein-Rune Johannessen om prosessen rundt bustadkjøpet og korleis ho synest det er å eige bustad.

Ønskte å flytte i eigen heim

Ingrid fortel at ho ønskte å flytte for seg sjølv då ho var rundt tjue år. Då hadde ho ein individuell plan som var utarbeidd i samarbeid med Ålesund kommune. Ønsket om å flytte for seg sjølv var beskrive i planen.

Ingrid var klar på at ho ønskte seg ei eiga leilegheit der det var ho som var sjefen. Det skulle ikkje vere ei leilegheit i eit burettslag med felles tenestebase. Familien begynte derfor å sjå etter ein bustad i nærleiken av foreldra sin heim, men fann ikkje akkurat det Ingrid ønskte seg.

Så dukka det nye bustadprosjektet «Blindheim Park» opp i nærområdet deira. Ingrid skreiv under ein kjøpekontrakt for ei av leilegheitene, og venta i spenning mens byggearbeidet gjekk føre seg.

– Det var veldig greitt å kjøpe på eit tidleg tidspunkt. Vi kunne til ei viss grad påverke prosjektet og få det akkurat sånn det passa best for Ingrid, forklarer pappa Svein-Rune.

Ingrid fortel at dei følgde bygginga på nært hald. – Eg fekk komme inn i leilegheita før ho var heilt ferdig og det var veldig spennande å følge med mens dei bygde, fortel Ingrid.

Godt samarbeid med kommunen

Ingrid sin far kjende godt til moglegheitene dei hadde, både når det gjaldt buform og finansiering frå kommunen.

Då dei bestemde seg for leilegheita i Blindheim park, var Ålesund kommune med på laget. Ingrid stod fritt til å velje den bustaden ho ønskte, og fekk finansieringa ho trong.

Ingrid betalte 2 485 000 kroner for leilegheita si. Den blei betalt med startlån og tilskot til etablering frå Ålesund kommune, samt litt eigenkapital.

Ingrid får avgjerdsstøtte av foreldra, men er sjølvstendig. Ho har eigen BankID, er ansvarleg for eige lån og har sjølv skrive under på låne- og tilskotsavtalen med kommunen.

– Vi er veldig nøgde med Ålesund kommune. Ingrid sin prosess med å flytte heimanfrå og å lausrive seg frå oss, har vore vellukka. Alle aktørane har vore koordinerte, positive og løysingsorienterte. Det er avgjerande å jobbe saman for å få til den beste løysinga, seier Svein-Rune.

Nærleik til familien var viktig

Ingrid ønskte å finne ein bustad i nærleiken av foreldra. Dei er gode støttespelarar. – Det å bu nær mamma og pappa er veldig viktig for meg. Dei er heltane mine og hjelper meg masse, seier Ingrid.

I tillegg var nærleik til jobben, treningssenteret og butikkar viktig. Dei første 8 åra tok Ingrid bussen til jobben hos Vekst Ålesund. I dag er jobben i nærleiken og ho kan gå dit.

Ingrid fortel at det gjekk fint å flytte inn i eiga leilegheit. Den første natta sov pappa på gjesterommet, men etter det har ho klart seg sjølv. Ho kjenner seg trygg heime.

I byrjinga blei det litt for lett å ete for mykje når ho var åleine. No har ho meir orden på kosthaldet. Det er viktig for Ingrid å halde vekta. Derfor har ho eit mål om å gå 10 000 skritt om dagen, i tillegg til dei faste treningsrutinane.

Ei aktiv og sjølvstendig dame

Ingrid sitter i en sofa og strikker. Foto.Ingrid er ei reisevan, sprudlande, aktiv dame med mange jern i elden. Ho jobbar både i barnehage og på vaskeri. På fritida svømmer ho og trener på treningsstudio fleire gongar i veka.

I tillegg liker Ingrid å måle, strikke, sykle og å vere med venner. Ho elskar Kaptein Sabeltann og har vore i Dyreparken i Kristiansand 28 gonger. – Eg likar å invitere vennar på taco-fest om fredagen, då er eg dronninga av festen, fortel ho.

Ingrid har brukarstyrt personleg assistanse (BPA) 38 timar i veka. Ho får hjelp to timar kvar morgon før ho går på jobb, og fem timar etter jobben. I tillegg har ho assistanse annakvar helg på dagtid.

Ingrid har faste rutinar med vaskedag måndag og handledag torsdag. Ho er ikkje så god venn med komfyren eller brødkniven, men med mikrobølgeomnen går det fint.

– Eg er ei sjølvstendig dame og eg har det veldig bra. Men det er viktig med hjelp og støtte, både frå assistentane mine og familien, avsluttar Ingrid.

Les meir

Om bustader til personar med utviklingshemming

Rettleiing om bustad for personar med utviklingshemming og pårørande