Tilskot til bustadtiltak
Dette tilskotet skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal bidra til ny kunnskap, nytenking og innovasjon. I tillegg skal det støtte opp om arbeid som tek vare på leigetakarar i bustadmarknaden.
Ordninga omfattar
- tilskot til bustadsosiale tiltak
- tilskot til bustadtiltak i distrikta
- tilskot til leigebuarorganisasjonar
Tilskota går til tiltak som på ulike måtar bidreg til å førebyggje at folk vert vanskelegstilte på bustadmarknaden, og å bidra til at alle kan skaffe seg og behalde ein god bustad, uansett kvar i landet dei bur. Målet er å drive fram nye forsøk, forbetring og innovasjon på bustadområdet.
Prosjekt som har fått tilskot i 2025
Husbanken si pressemelding om tildelinga
Søkar | Namn på prosjektet | Beløp |
---|---|---|
Berlevåg kommune | Studio Bygdevekst Vestre Varanger. Kurs ved NTNU: Steds- og boligutvikling i Vestre Varanger | 10,5 |
Bindal kommune | Bo trygt og nært i Bindal kommune | 7 |
Bømlo kommune | Eit generasjonsvenleg samfunn ved kysten med gode bumiljø og høg livskvalitet | 5,5 |
Dyrøy kommune | Bo i Dyrøy - Utvikling av fleksible boformer i distriktskommuner | 4 |
Gjemnes kommune | Boliger til tvers og interkommunalt samarbeid | 6 |
Grue kommune | Offentlig og privat samarbeid for boligutvikling i Grue | 8,4 |
Hamarøy kommune | Revitalisering av kommunal boligmasse i Hamarøy kommune | 9,8 |
Hemsedal kommune | Fra skole til prioriterte boligformål i Hemsedal | 10 |
Holtålen kommune | Riktig samhandling for aktiv boligutvikling i Holtålen | 6,4 |
Hyllestad kommune | Bu i Hyllestad | 9 |
Høylandet kommune | Boligsosialt forprosjekt i Miljøarbeidertjenesten | 10,5 |
Kautokeino kommune | Ruoktu mu vaimmus (boligtiltak som ivaretar samisk kultur, identitet og språk) | 11,5 |
Lom kommune | Omstilling - frå ord til handling | 4,1 |
Luster kommune | Samarbeid om boligutvikling i Luster kommune | 8,4 |
Meløy kommune | Smarte boliger for aldersvennlig boligutvikling i Meløy | 13,1 |
Nordreisa kommune | Identifisering av eksisterende bygg med potensial for transformasjon i Nord-Troms | 12 |
Rindal kommune | Framtidsrettet boligutvikling for eldre | 6 |
Røyrvik kommune | Røyrvik fjellandsby - nye boformer og bygdevekst i Indre Namdal | 10 |
Smøla Nærings- og kultursenter | Innbyggere i sentrum - Smøla & Aure | 9 |
Solund kommune | Modell for forbedret kommunalt utviklingsarbeid på boligfeltet i mindre distriktskommuner | 8,3 |
Sunnfjord kommune | Viksdalstunet | 3 |
Sør-Varanger kommune | Fra Silo til samspill-bolig som felles løft | 9,1 |
Vang kommune | Bustadutvikling i Vang sentrum i kombinasjon med 13-15 nye omsorgsbustader | 7 |
Vegårshei kommune | Slik vil jeg bo - Steg for steg mot egen bolig | 5,3 |
Åseral kommune | Nytt sentrumsbygg i sentrum | 10 |
Åsnes kommune | Utvikling av Flisa Sentrum: Offentlig og privat samarbeid for framtidens boliger | 6,2 |
Les Husbanken si pressemelding om tildelinga
Søkar | Namn på prosjekt | Beløp |
---|---|---|
Arkitektfirma Helen og Hard | Sosiale boformer som verktøy for å løse samfunnsutfordring | 3,6 |
Asker kommune | På lik linje - botrening for unge med nedsatt funksjonsevne | 8 |
Bergen kommune | Mestring og livskvalitet i eid bolig for personer som er i målgruppe for kommunalt bemannet botilbud | 8,5 |
Bjerkreim kommune | Mulighetsstudie "Gamle omsorgssenteret" | 2,5 |
Bygdeliv As | Klyngetunet - Forundersøkelse | 5,7 |
Frelsesarmeens rusomsorg | Forebyggende oppfølging i et helhetsperspektiv | 9 |
Gjøvik kommune | Bo lenger hjemme – informasjonskampanje for boligtilpasning i Gjøvik | 6,1 |
Kirkens bymisjon øst - Rettshjelp øst | Boligsosial rettssikkerhet | 8 |
Lillesand kommune | Dovre – demografisk og fremtidsrettet veivalg på kommunal tomt | 5 |
Natural state | Formidling av prosjektet Boliger i funksjonstømte bygg i distriktene og hvordan gå videre med realisering | 2,3 |
Norges arktiske universitet | Aldersvennlige lokalsamfunn i et vinterklima - fase 2 | 7,7 |
Norgeshus | Norgeshus SmartBO | 4 |
Oslo kommune - Bydel St Hanshaugen | Ambulant tverrfaglig turnusteam | 5,8 |
Oslo kommune - Velferdsetaten | Modell Markveien - boligberedskap | 7,5 |
Oslo Met | Pilot Leieboer-Monitor | 7 |
Oslo Røde Kors | Fra innsatt til bosatt | 5 |
Sandnes kommune | Resultater av Housing First i Sandnes | 9 |
Skaun kommune | Videreutvikle Øvebo tidlig innsats (Redusere sårbare overganger til ungdom med nedsatt funksjonsevne) | 5 |
Stiftelsen Kirkens Bymisjon | Ung I Bolig Fase 3 Utvikling og overførbarhet | 8 |
Sykkylven kommune | Ombruk av Aure skule til bustader – prosjektgreiing og ombygging | 7 |
Trondheim kommune | Et enklere NAV – Boforhold og boligsituasjonen for unge i utenforskap i Trondheim | 5 |
Trondheim kommune | "Barn i by. Barnevennlig nabolag på Møllenberg" – Fase 2, kvartalspilot | 7 |
Tysvær kommune | Mulighetsstudie fra institusjonsplasser til bokollektiv til HDO boliger | 5 |
Vansjø Boligbyggelag | Prosjekt – Samarbeid mellom Moss kommune og Vansjø boligbyggelag | 6 |
Prioriteringar
Formålet med tilskotet til bustadsosiale tiltak er å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet i heile landet. Tilskotet skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon i møte med demografiske, økonomiske og sosiale utfordringar.
Husbanken ønskjer særleg søknader som ser nærare på:
- Nye bustadkonsept og måtar å arbeide på som bidreg til at det blir enklare for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg i eigna bustad.
- Tiltak som støttar arbeidet med å busetje flyktningar.
- Tiltak som bidreg til at personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre kan velje kvar og korleis dei vil bu.
- Tiltak som bidreg til å skaffe eigna bustader for eldre i heile landet.
- Tiltak som bidreg til trygge buforhold for leigetakarar.
- Tiltak som støttar målsetjinga om at ingen skal vere bustadlause.
Det er særleg viktig at kunnskapen som vert utvikla i prosjekta, vert dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane. Prosjekt som bidreg til nytenking og har stor overføringsverdi til andre, vil bli prioriterte.
Kven kan søkje om tilskot til bustadsosiale tiltak?
Frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet kan søkje om tilskot til å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet.
Formålet med tilskot til bustadtiltak i distrikta er å auke tilgangen til eigna bustader i distriktskommunar gjennom utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel.
Tilskotet skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon i møte med demografiske, økonomiske og sosiale utfordringar.
Husbanken og Distriktssenteret ønskjer særleg søknader om:
Nye samarbeidsformer, forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til auka bustadbygging, eit meir variert bustadtilbod og tilgang til fleire eigna bustader for ulike grupper i distriktskommunar, til dømes gjennom:
Ulike modellar for eiging/deling/leige, risikoreduksjon/sikring mot tap ved sal av nye bustader i distriktskommunar.
Nye måtar å samarbeide med utbyggjarar og andre aktørar for å styrkje eigar- og utleigemarknaden i distriktskommunar.
Interkommunale samarbeidsordningar om bustadutvikling.
Konsept som bidreg til sosiale buformer, inkluderande og fleirfunksjonelle bumiljø.
Prosjekt som gjennom transformasjon og gjenbruk av eksisterande kommunale og/eller andre bustader og bygg bidreg til auka tilgang til eigna bustader.
Prosjekt for å auke kunnskapen om effektar og gevinstar av bustadsatsingar i distriktskommunar.
Det er viktig at kunnskapen som vert utvikla i prosjekta, vert dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane. Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunane som får tilskot og tilby kompetansestøtte og arenaer for erfaringsdeling. Prosjekt som bidreg til nytenking og har stor overføringsverdi til andre, vil bli prioriterte.
Kven kan søkje om tilskot til bustadtiltak i distrikta?
Berre kommunar i sentralitetsklasse 5 eller 6 i SSBs sentralitetsindeks kan søkje om tilskot til bustadtiltak i distrikta.
Formålet med tilskot til leigebuarorganisasjonar er å vareta leigetakarar sine interesser.
I Husbanken si vurdering av søknader til drift av leigebuarorganisasjonar blir det lagt vekt på
- antal medlemmar på søknadstidspunktet
- korleis organisasjonen varetek leigetakarar sine interesser og spreier kunnskap om leigemarknaden
Kven kan søke om tilskot til leigebuarorganisasjonar?
Leigebuarorganisasjonar kan søke om tilskot til drift av organisasjonen.
Søknadsskjema og vilkår
Søknadsfristen for 2025 var 1. april.
Søkar må fylle ut Husbankens søknadsskjema:
Søknad om tilskot til bustadtiltak - bokmål (PDF)
Søknad om tilskot til bustadtiltak - nynorsk (PDF)
Søknad, og eventuelle vedlegg (til dømes utdjupande prosjektskildring eller dokumentasjon på samarbeid), skal sendast samla til post@husbanken.no.
Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene vere samordna.
Mottakarar av tilskot til bustadsosiale tiltak eller tilskot til bustadtiltak i distrikta skal utarbeide ein sluttrapport som oppsummerer erfaringar og dokumenterer prosjektet. Sluttrapporten skal innehalde ei skildring av arbeidet som er gjort, oppnådde resultat og ei skildring av erfaringar og læringspunkt frå prosjektarbeidet. Sluttrapporten vil bli publisert på husbanken.no.
Husbanken og Distriktssenteret vil følgje opp kommunar som mottar tilskot til bustadtiltak i distrikta, og òg bidra til at prosessen og resultata vert dokumenterte og formidla.
Leigebuarorganisasjonar skal levere ein rapport og eit rekneskap som viser korleis tilskotsmidlane er nytta.