Tilskot til bustadtiltak

Tilskotet skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet, gjennom testing av nye bustadtiltak. Det skal også stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon.

Regjeringa ønsker også å bidra til betre bustadpolitisk kompetanse og styrke utviklings- og innovasjonskapasiteten i distriktskommunar, slik at kommunane kan få auka tilgang på fleire eigna bustader. Dette for å møte framtidige utfordringar, som mangel på arbeidskraft og ei aldrande befolkning.

Målet med tilskotet er å støtte prosjekt som på ulike måtar bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden og bidreg til at alle kan skaffe seg, og behalde, ein god bustad, uansett kor i landet du bur.

Tilskotet støttar regjeringa sin strategi for den sosiale bustadpolitikken: Alle treng ein trygg heim (2021-2024).

Formålet med tilskotet til bustadsosiale tiltak er å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet i heile landet. Tilskotet skal òg stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon i møte med demografiske, økonomiske og sosiale utfordringar.

Husbanken har ei viktig rolle som fagleg støttespelar for kommunane. Dette inneber blant anna å vere ein pådrivar for nye forsøk, forbetring og innovasjon som bidreg til at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal bu godt og trygt i eigna bustader. Samfunnstrendar som urbanisering, større ulikskapar i befolkninga og fleire eldre gjer det viktigare å planlegge for bustader til alle i åra framover.

Høge bustadprisar i pressområda kan gjere det vanskeleg for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg, og det kan oppstå ei opphoping av dårlege levekår i andre område. Dette er uheldig for dei som ønsker å bu sentralt, og til hinder for å nå målet om ei sosialt berekraftig byutvikling, der det er rom for alle sosiale lag i befolkninga.

Husbanken ønsker særleg søknader som ser nærare på

  • nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet
  • nye bustadkonsept og måtar å jobba på som bidreg til at det blir enklare for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablera seg i eigna bustad
  • tiltak som styrkjer arbeidet i kommunane med å busetja flyktningar
  • tiltak som bidreg til at personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre, kan velja kvar og korleis dei vil bu
  • tiltak som bidreg til å skaffa eigna bustader for eldre i heile landet
  • tiltak som bidreg til trygge buforhold for leigetakarar og auka kunnskap om leigemarknaden

Det er særleg viktig at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta blir dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane.

Prosjekt som bidreg til nytenking, og har stor overføringsverdi til andre prosjekt, vil bli prioriterte.

Kven kan søke om tilskot til bustadtiltak?

Frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet, kan søke om tilskot til å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet. Dei kan òg søke om tilskot til kunnskapsutvikling og -formidling, informasjon til målgrupper og bustadsosiale utgreiingar.

Formålet med tilskot til bustadtiltak i distrikta er å auke tilgangen på eigna bustader i distriktskommunar, gjennom utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel.

Mange distriktskommunar har bustadmarknader som er små, lite varierte, har låg omsetning av bustader og lite eller inga nybygging. Dei har også få tilgjengelege og aldersvennlege bustader, få eigna utleigebustader til ordinær utleige og ofte mange tomme, men ikkje ledige fritidsbustader. Mange stader er marknadsverdien på bustadene lågare enn byggekostnadene.

Husbanken og Distriktssenteret ønsker særleg søknader om nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til

  • å auke bustadbygging
  • eit meir variert bustadtilbod
  • auka tilgang til fleire eigna bustader i distriktskommunar, til dømes gjennom:
    • ulike modellar for eige/dele/leige, risikoreduksjon/sikring mot tap ved sal av nye bustader i distriktskommunar
    • nye måtar å samarbeida med utbyggarar og andre aktørar på, for å styrke eige- og utleigemarknaden i distriktskommunar
    • interkommunale samarbeidsordningar om bustadutvikling
    • nye bustadkonsept og buformer som vil gi eit meir variert og framtidsretta bustadtilbod for ulike målgrupper, til dømes unge vaksne og unge eldre
    • prosjekt som gjennom transformasjon og gjenbruk av eksisterande kommunale og/eller andre bustader og bygg, bidreg til auka tilgang til eigna bustader

Det er viktig at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta blir dokumentert, formidla og delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane. Husbanken og Distriktssenteret vil følge opp kommunane som får tilskot og tilby kompetansestøtte og arenaer for erfaringsdeling.

Prosjekt som bidreg til nytenking og har stor overføringsverdi til andre prosjekt, vil bli prioritert.

Kven kan søke om tilskot til bustadtiltak i distrikta?

Berre kommunar i sentralitetsklasse 5 eller 6 i SSBs sentralitetsindeks kan søke om tilskot til bustadtiltak i distrikta.

Formålet med tilskot til leigebuarorganisasjonar er å vareta leigetakarar sine interesser.

I Husbankens vurdering av søknader til drift av leigebuarorganisasjonar blir det lagt vekt på

  • antal medlemmar på søknadstidspunktet
  • korleis organisasjonen varetek leigetakarar sine interesser og spreier kunnskap om leigemarknaden

Kven kan søke om tilskot til leigebuar­organisasjonar?

Leigebuarorganisasjonar kan søke om tilskot til drift av organisasjonen.

Søknadsfrist

Søknadsfristen var 1. april 2024.

Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene være samordna.

I vurderinga av søknadene vil følgjande kriterium bli vurderte:

  • den faglege relevansen for prosjektet og viktigheit
  • ambisjonsnivået for prosjektet og gjennomføringsevne (kompetanse og økonomi)
  • involvering av relevante aktørar, irekna brukarar
  • forankring av prosjektet (til dømes i kommunen)
  • plan for spreiing av prosjektresultat
  • overføringsverdi til andre liknande prosjekt

Mottakarar av tilskot til bustadsosiale tiltak eller tilskot til bustadtiltak i distrikta skal utarbeide ein rapport om prosessen og metodane for å nå resultatet, om resultata av tiltaket og ha ein rekneskap som viser korleis tilskotsmidla er nytta.

Resultata skal vera offentlege og må kunne presenterast og vidareformidlast offentleg. Rapporten skal vere universelt utforma og kunne publiserast på Husbanken si nettside.

Husbanken og Distriktssenteret vil følge opp kommunar som får tilskot til bustadtiltak i distrikta, og også bidra til at prosessen og resultata blir dokumenterte og formidla.

Leigetakarorganisasjonar skal levere ein rapport og ein rekneskap som viser korleis tilskotsmidla er nytta.

Søkar må fylle ut Husbankens søknadsskjema: 

Søknad om tilskot til bustadsosiale tiltak - bokmål (PDF)
Søknad om tilskot til bustadsosiale tiltak - nynorsk (PDF)

Søknad, og eventuelle vedlegg (til dømes utdjupande prosjektskildring eller dokumentasjon på samarbeid), skal sendast samla til post@husbanken.no

Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene vere samordna.

Rettleiar og regelverk