Tilskot til bustadsosiale tiltak
Tilskotet skal stimulere til kunnskapsutvikling, innovasjon og nytenking om bustadsosialt arbeid og bustadsosial politikk.
Tilskotet skal bidra til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at dei kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad.
Husbanken prioriterer prosjekt og tiltak som utviklar nye metodar, konsept og løysingar som kan takast i bruk av fleire.
I 2021 vil Husbanken særleg vurdere søknader som viser
- forsøk med nye butilbod for bustadslause
- samordning på bustad- og tenesteområdet
- nye konsept for bustadrådgjeving som fører til at fleire vanskelegstilte får eige bustad
- nye former for brukarmedverknad i utviklinga av bustad- og tenesteområdet
I tillegg vil Husbanken vurdere søknader om midlar til utvikling av digitale løysingar som utnyttar data og tenester fra prosjektet Kobo (digitalt system for kommunale utleigebustader). Meir informasjon om prosjekt Kobo
Husbanken vil ikkje prioritere reine FoU-prosjekt.
Frist for å søkje er 8. januar 2021.
Vi tek atterhald om Stortingets budsjettvedtak.