Bustadlaus

Ingen skal vere bustadlause i Noreg. Dette har skiftande regjeringar vore einige om dei siste tiåra. Langvarig nasjonal og kommunal innsats har gitt gode resultat. Likevel har vi framleis over 3000 bustadlause i landet, ifølge tal frå 2020, så vi er ikkje i mål.

Definisjon

Denne definisjonen blir nytta både i dei nasjonale kartleggingane våre og i nabolanda våre: 

Ein bustadlaus er ein person utan tilgang på fast bustad som er i følgande situasjonar:

  • er tilvist til tilfeldige/mellombelse butilbod
  • oppheld seg mellombels hos nær slektning, venner eller kjende
  • er under behandling eller soning og skal skrivast ut/lauslatast innan to månader utan å ha eigen bustad
  • søv ute/har ikkje ein stad å sove

Personar som bur varig hos nære pårørande eller i framleigd bustad blir ikkje rekna som bustadlause.

Fakta om bustadlause

Sidan 1996 har Husbanken fått kartlagt talet på bustadlause personar i Noreg kvart fjerde år. I 1996 var det 6200 bustadlause. Talet har sokke sakte men sikkert sidan den gongen, og ved siste teljing var talet omtrent halvert. I november 2020 var 3325 personar utan ein fast stad å bu i Noreg.

Kartlegginga tel berre personar som er i kontakt med tenesteapparatet, så det kan vere mørketal.

Les heile rapporten frå NIBR: Bostedsløse i Norge 2020 - en kartlegging

Kven er den bustadlause?

Ein gjennomsnittleg bustadlaus er ein mann i midten eller slutten av 30-åra. Han er einsleg, fødd i Noreg og har vore bustadlaus lenge. Han er avhengig av rusmiddel og tek imot sosialstønad eller uføretrygd.

Dette biletet blir likevel nyansert i dei siste kartleggingane. Kartleggingane viser at talet på bustadlause over 54 år aukar, og dermed aukar òg helseutfordringane dei har. Andelen fødd utanfor Noreg aukar òg, akkurat som andelen kvinnelege bustadlause.

Få søv ute

Ifølge den siste kartlegginga er det nesten ingen som søv på gata. Dei fleste oppheld seg i mellombelse butilbod eller overnattar på sofaer og i ledige rom hos familie og venner.
  • 31 prosent av dei bustadlause oppheldt seg i mellombelse butilbod.
  • 30 prosent overnatta hos venner, kjenningar og slektningar.
  • 18 prosent mangla bustad då dei kom ut av institusjon/fengsel.
  • 4 prosent var i krisesenter.
  • 2 prosent stod heilt utan nokon stad å overnatte.

Bustadlause barnefamiliar

Ein av fire bustadlause har mindreårige barn, men berre få av desse har omsorg for barna.

Siste kartlegging i 2020 slår fast at 142 barn lever saman med bustadlause foreldre. I 2012 var det 679 bustadlause barn, så talet har gått kraftig ned.

Rus- og psykiatrilidingar

Ein av fire bustadlause har lidingar relatert til både rus og psykiatri samtidig (ROP-lidingar).

Personar med ROP-lidingar har ofte behov for tenester, men oppsøker ikkje alltid hjelpeapparatet og kan vere motvillige til å ta imot hjelp. Oppsøkande verksemd i ambulante team (ACT-modellen) har vist seg nyttig overfor denne gruppa.

Meir om ACT-modellen finn du på helsedirektoratet.no.

Langvarig innsats nyttar

I dei fleste andre land aukar bustadløysa. Berre Finland kan vise til tilsvarande reduksjon som Noreg. Årsaka til at talet på bustadlause går ned frå 2012 til 2020 blir tilskrive langsiktig og vedvarande bustadsosial innsats og kompetanseutvikling i norske kommunar.

NIBR og Oslo Economics si evaluering av den nasjonale strategien «Bolig for velferd 2014–2020» bekreftar at brei og langvarig innsats nyttar. Det gjer òg NIBR-rapporten Færre bostedsløse - hva er forklaringen?

Kva gjer Husbanken?

Husbanken forvaltar økonomiske ordningar som kommunane kan bruke til å kjempe mot bustadløyse.

Her finn du informasjon om bustøtte og lån og tilskot for kommunar

Husbanken stimulerer òg utvikling av kunnskap om verksame bustadsosiale tiltak og skaper arenaer for kompetansedeling. 

Gjennom samarbeid med Husbanken har mange kommunar fått auka bustadsosial kunnskap, skaffa fleire bustader og sett i gang førebyggande tiltak av typen Housing First (napha.no) og Foyer-modellar (fhi.no).

Les meir om Husbanken sitt bustadsosiale arbeid