Husbanken og berekraftsmåla
FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Husbanken si samla verksemd bidreg spesielt til å nå sju av desse måla.
Husbanken arbeider for at sosial berekraft skal vere ein føresetnad for bustadbygging og områdeutvikling, på lik linje med miljømessig og økonomisk berekraft. Det gjer vi ved blant anna å gi vanskelegstilte husstandar høve til å eige bustaden sin, og bidra til fleire bustader som bruker lite energi og er universelt utforma.
Regjeringa sin handlingsplan Mål med meining, er grunnlaget for Husbankens arbeid med berekraftsmåla.
Slik jobbar Husbanken med berekraftsmåla
Bustøtte og kommunale utleigebustader bidreg til bustader for husstandar med låg inntekt, eller for dei som står heilt utan bustadtilbod. Startlån bidreg til å hindre at fattigdom går i arv.
Låne- og tilskotsordningar til bustader og omsorgsbygg støttar opp under kommunane sine sosial- og omsorgstenester.
Startlån kan bidra til å redusere ulikskap, ved at fleire får moglegheit til å eige sin eigen bustad. Å refinansiere eksisterande, dyre lån med startlån, bidreg til at fleire blir buande i bustaden sin og hindrar uønskt flytting. Bustøtte bidreg til å jamne ut skilnader i buutgifter for husstandar med låg inntekt.
Husbanken samarbeider med kommunane, byggjebransjen og interesseorganisasjonar for å skaffe fleire eigna bustader i trygge bumiljø for alle aldersgrupper. Satsing gjennom bygdevekstavtalane og Husbanken si støtte til kommunane sitt planarbeid støttar opp under arbeidet.
Husbanken lånefinansierer bygging og oppgradering av bustader og omsorgsbygg med lågt energibehov og miljøvenlege byggjeprosessar. Eit eige tilskot stimulerer kommunane til å spare energi i kommunale bustader og omsorgsbygg.
Husbanken gjev eit tilpassa tilbod til alle kommunar og har etablerte kontaktflater mot dei viktigaste lånekundane og interesseorganisasjonane. Husbanken legg til rette for omfattande kunnskapsformidling, erfaringsutveksling og samarbeid på regionale og nasjonale arenaer, og deltek aktivt i internasjonale forum. Berekraft er ein vesentleg og underliggjande premiss for samarbeidet.