Bustadsosiale omsyn i planlegging

Å ta bustadsosiale omsyn når kommunen planlegg, betyr å sjå dei bustadsosiale oppgåvene i samanheng. Mål og strategiar for det bustadsosiale arbeidet er innlemma på alle plannivå, frå kommunal planstrategi, kommuneplanen sin samfunnsdel og ned til fag- og temaplanar.

I kommuneplanen sin arealdel er det sett av areal som er eigna for behova som planverket har identifisert. Det blir òg sett av tilstrekkeleg med midlar til å gjennomføre den bustadsosiale politikken i budsjett- og økonomiplanen med ein langsiktig horisont. Dette gjeld mellom anna startlån og tilskot til vanskelegstilte som skal kjøpe bustader, midlar til å skaffe og forvalte tilstrekkeleg med eigna bustader og ressursar til å yte naudsynte kommunale tenester.

Bustadsosiale omsyn på dei ulike plannivåa

I den kommunale planstrategien

Strategidokumentet er førande for arbeidet i kommunen. Her blir det gjort greie for behov og utfordringar framover. Dokumentet er grunnlaget for prioriteringane i den kommande perioden. Derfor er forankring i den kommunale planstrategien avgjerande for å gjennomføre den bustadsosiale politikken. Det betyr mellom anna at det bustadsosiale området må vere ein del av kunnskapsgrunnlaget og det skisserte utfordringsbiletet i planstrategien. Dersom kommunen skal utarbeide ein eigen fag-/temaplan knytt til det bustadsosiale arbeidet, bør bestillinga være forankra i planstrategien.

Planprosessen nynorsk

I kommuneplanen sin samfunnsdel

I kommuneplanen sin samfunnsdel blir utfordringsbiletet, strategiar og mål utdjupa. På dette nivået bør det bustadsosiale arbeidet være knytt til relevante strategiar, til dømes den generelle bustadpolitikken. Til strategiane der det er aktuelt, kan det utarbeidast eigne delmål relatert til det bustadsosiale området. Til dømes:

  • Flest mogleg av dei som ønsker, skal få eige eigen bustad
  • Leige skal vere eit godt alternativ
  • Eldre skal kunne bli buande heime lengst mogleg 

Når kommunen utarbeider ny samfunnsdel, vil det ofte også bli laga eit meir omfattande kunnskapsgrunnlag. Det vil derfor vere mogleg å gå meir i djupna i utfordringane på det bustadsosiale området.

Samfunnsdelen legg føringar for når kommunedelen sin arealdel skal reviderast. Eit godt grep vil derfor vere å gjennomføre ein samla kommuneplanprosess for begge delane. Når samfunnsdelen skal reviderast bør den innehalde ein langsiktig og overordna arealstrategi. Denne arealstrategien vil vere viktig når kommunen skal utarbeide ein ny arealdel og vil kople denne tettare til behov og utfordringar. 

I kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel er juridisk bindande og skal vise hovuddraga i arealdisponeringa og føresetnadene for arealbruken. Arealdelen skal legge til rette for å sette i verk strategiane og tiltaka som er blitt utarbeidde i andre kommunale planar, og at det er sett av nok areal for å gjennomføre desse.

I arealdelen må kommunen setje av tilstrekkeleg og eigna område for bustader til prioriterte målgrupper. Dette bør sjåast opp mot behovet i eit langsiktig perspektiv. Er det for eksempel behov for nye sjukeheimar og omsorgsbustader på grunn av demografiske endringar, må det settast av areal til offentleg eller privat tenesteyting over mange år (jamfør plan- og bygningslova §11-7). Eit anna døme er om kunnskapsgrunnlaget viser område med levekårsutfordringar. Då bør kommunen vurdere korleis dette kan påverke kva bustader som blir bygde i området og i kva grad kommunen skal etablere bustader der.

Arealdelen sine bestemmingar kan òg vere ein god plass å forankre bruken av utbyggingsavtalar (jamfør plan- og bygningslova §17-3). Gjennom ein utbyggingsavtale kan kommunen sikre forkjøpsrett til å kjøpe inntil ti prosent i eit nytt bustadprosjekt. Er bustadene organisert som eit burettslag, kan kommunen kjøpe ytterlegare 20 prosent om dette er vedtektsfesta (med heimel i lov om burettslag §4-2 og §4-3). 

Fag-/temaplan for det bustadsosiale arbeidet

Det å lage ein temaplan er ikkje ei lovpålagt oppgåve. Men for eit stort område av kommunen si verksemd vil det ofte vere behov for å systematisere og spesifisere både kunnskapsgrunnlag, tiltak og mål nærare. I staden for å trekke dette direkte inn i overordna planar, kan det i mange tilfelle vere mest føremålstenleg å utarbeide ein fag- eller temaplan som dekker det konkrete området.

Bustadpolitikken i kommunen er avhengig av mange aktørar både internt og eksternt. Ei heilskapleg tilnærming til området er ein viktig premiss for å lykkast. For å få ein heilskapleg bustadpolitikk kan ein temaplan vere eit godt grep. Temaplanen bør sjå politikken for den ordinære bustadmarknaden og det bustadsosiale arbeidet i samanheng og ikkje som to separate område.

Kunnskap for rett handling

Det er òg mogleg å utvide kunnskapsgrunnlaget i ein slik temaplan. Dette er ekstra naudsynt når bustadpolitikken ikkje har blitt teke tilstrekkeleg omsyn til i dei overordna planane. Område som eit kunnskapsgrunnlag bør kartlegge er følgande:

  • Dei bustadsosiale oppgåvene i kommunen og kven som har ansvaret for dei 
  • Føringar som legg premissar for planen
  • Ressursar som er tilgjengelege på bustad- og velferdsområdet (blant anna økonomiske verkemidlar og ressursar for tenesteyting)
  • Befolkningssamansetting- og utvikling, bustadmassen og bustadmarknaden 
  • Bustader og tenestebehov for prioriterte målgrupper, for eksempel busetting av flyktningar, bustader til unge uføre og personar med mellombelse butilbod 

Forankre planen for å sørge for gjennomføring

Ein eventuell plan for bustadområdet er verken juridisk bindande eller ei lovpålagt oppgåve for kommunen. Plan- og bygningslova stiller heller ingen prosesskrav. Derfor er det viktig at denne er forankra i det andre planverket og hos administrativ og politisk leiing. Ein god måte å sikre dette på, er å få det som ei konkret bestilling når planstrategien blir rullert. Om planen blir politisk behandla og vedteken av kommunestyret, vil det òg styrke forankringa.

I reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er ein meir detaljert arealplan for eit avgrensa område. Planen er juridisk bindande og er avgjerande for utviklinga av eit areal. I ein reguleringsplan kan kommunen gi bestemmingar knytt til bustadforhold. Dette er til dømes universell utforming av uteområde, talet på bustader, storleik på desse og tilgjenge i bustadene. Kva bestemmingar som kan leggast til grunn er heimla i plan- og bygningslova §12-7.

I økonomiplanen

Skal dei bustadsosiale planane bli gjennomførte, må det settast av midlar til dette i årsbudsjettet og i økonomiplanen. Kommunen vil då kunne løyve ressursar til å gjennomføre dei foreslåtte tiltaka i dei vedtekne planane. Dette gjeld òg kostnader til å skaffe bustader og til å finansiere relevante tenester som skal bidra til at folk blir buande i bustaden. Løyvinga kan forankrast i økonomiplanen gjennom:

  • å vedta planen for bustadområdet
  • å fatte vedtak i enkeltsaker som får økonomiske konsekvensar
  • å vedta heile samfunnsdelen med tilhøyrande handlingsprogram
  • at administrasjonen foreslår konkrete tiltak inn i økonomiplanen 
     

Kvifor treng kommunen å ta omsyn til vanskelegstilte i planarbeidet?

Kommunen skal fremje folkehelse gjennom planarbeidet. Det betyr at alle avgjerder som til sjuande og sist blir teke inn i planane i kommunen skal ha positive gevinstar for innbyggarane si folkehelse. I tillegg til helse handlar dette om trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, førebygge psykisk og somatisk sjukdom og jamne ut sosiale helseforskjellar.

Ein trygg og eigna bustad er utgangspunktet for kvar enkelt innbyggar sin moglegheit til å leve eit verdig liv og delta i samfunnet. Mange vanskelegstilte er avhengig av bistanden i kommunen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad eller behalde den dei har. Derfor er bustad eit heilt sentralt punkt i relevante kommuneplanar saman med oversikt over helseutfordringar og tilhøyrande bustadbehov for ulike grupper i samfunnet (Kilde: Folkehelseloven §§ 2.4 og 2.5).

Lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet

Frå 1. juli 2023 gjeld lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet (lovdata.no). Formålet med lova er å få eit klarare og meir samla regelverk på det bustadsosiale feltet, som igjen kan gi høgare måloppnåing i det bustadsosiale arbeidet.

Lova inneber blant anna skjerpa krav til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga. Kommunane må ha oversikt over behovet for både ordinære og tilpassa bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Denne oversikta skal inngå som grunnlag for arbeidet med planstrategien i kommunen.

Ønsker du ei innføring? Les meir og sjå webinar om lova

Les meir om kommunal planlegging på regjeringa si heimeside