Språk/Language

Forsking, analyser og kunnskapsutvikling

Husbanken har ei nasjonal kunnskapsrolle i bustadpolitikken. Vi skal utvikle og formidle kunnskap som gir kommunane og staten eit godt grunnlag for å ta bustadpolitiske avgjerder.

Vi hentar inn, systematiserer og analyserer kunnskap om bustadmarknaden, bustadbehov og korleis dei bustadpolitiske verkemidla verkar. Kunnskapen skal bidra til å utvikle bustadpolitikken og Husbanken sine verkemiddel og tenester, og gi kommunane betre støtte i det bustadpolitiske arbeidet.

Husbanken bestiller forskings-, utgreiings- og evalueringsoppdrag frå eksterne fagmiljø og gjennomfører analysar basert på eigne data. Vi skal mellom anna utvikle meir kunnskap om lokale bustadmarknader, leigemarknaden, bustadbehov og bustadbygging.

Forskingsoppdraga våre blir lyste ut fortløpande og kunngjorde i Doffin.

Nedanfor finn du rapportar, analysar, statistikk og anna kunnskap frå Husbanken: