Samfunnsoppdrag og mål

Regjeringa vil at alle skal ha mogelegheit til å skaffe seg og behalde ein eigna bustad, og vere ein del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn. Husbanken set i verk regjeringa sin bustadsosiale politikk.

Husbankens samfunnsoppdrag er å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Tildelingsbrevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gir kvart år mål og økonomiske rammer for Husbankens verksemd. I tillegg får Husbanken, gjennom eigne tildelingsbrev, oppdrag frå andre departement. 

Tildelingsbrevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2020 gir Husbanken følgande overordna prioriteringar for arbeidet i åra framover:

  • Barn og unge er ei prioritert målgruppe
  • Nasjonal kunnskapsrolle innanfor sosial bustadpolitikk
  • Effektivisere verksemda og auke produktiviteten

Stortingsmelding om bustadsosial politikk

Forrige melding til Stortinget om bustadpolitikken blei lagt fram i 2013. Sidan den gong har både utfordringane og virkemidla endra seg, og det er behov for ei ny vurdering av mål, virkemiddel og roller. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding om den bustadsosiale politikken for Stortinget i løpet av 2020. Husbanken skal hjelpe departementet i arbeidet.

Bolig for velferd

Den nasjonale strategien Bolig for velferd (2014–2020) gir retninga for arbeidet med bustader og oppfølgjingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden til og med 2020. Strategien skal bidra til at kommunane møter en samordna stat og får betre rammevilkår i arbeidet. Husbanken koordinerer direktorata sitt arbeid i Bolig for velferd, og samarbeider med fylkesmannsembeta om å implementere strategien i kommunane.

Digitalisering for betre velferd

Digitalisering av tenester er høgt prioritert i Husbanken, fordi det gir ein betre kvardag for alle som er avhengige av tenestene våre. Høge og målretta investeringar i nye, digitaliserte løysingar gir brukarvennlege elektroniske søknader, saksbehandlingssystem og tenester. I tillegg bidrar det til auka kvalitet og redusert ressursbruk i saksbehandlinga. Husbanken utviklar ein samfunnsbank for framtida.