Stjørdal: Konferanse om bustadrådgjeving for eldre

  • Tid
    Start 30. oktober kl. 10.00 | Slutt 30. oktober kl. 15.00
  • Sted
    Radisson Blu hotel, Trondheim airport Værnes
  • Pris
    Gratis

Korleis kan kommunen møte behova til ei aldrande befolkning gjennom gode råd om val av bustad? Bli med på ei viktig regional samling om bustadrådgjeving for ei aldrande befolkning!

Konferansen er for kommunar i Trøndelag

Statsforvaltaren i Trøndelag, Aldersvenleg Noreg og Husbanken inviterer kommunane i fylket til samling på Stjørdal. Jobbar du med bustadrådgjeving, planlegging eller tenester for eldre i kommunen? Er du politikar, kommunal leiar eller fagperson? Då er du spesielt velkomen.

Meld deg på konferansen på Stjørdal

Program:

  • Helsing frå Jan Hjelle, administrerande direktør Husbanken
  • Kva er eldrebustadprogrammet, og kvifor skal vi satse på bustadrådgjeving?
    v/Birger Jensen, Husbanken
  • Bustadsosial lov - kva seier lova om plikt til individuell rådgjeving?
    v/Daniel Bergameli og Eilin Reinaas, statsforvaltaren
  • Frå paragrafar til menneskje - korleis gje tydelege og verknadsfulle bustadråd med innbyggjaren i sentrum?
    v/Karina Bjørkedal, Husbanken
  • Kva seier Husbanken sine undersøkingar om behovet for råd og rettleiing? Vi ser på Boligundersøkelsen 2025 og rapporten Boligrådgivning i kommunene
    v/Merete S. Råen, Husbanken
  • Aldersvenleg bustadutvikling - er omgjevnadene viktige for eit god val av bustad?
    v/Asle Gjermundrød, Senter for et aldersvennlig Norge
  • Verdal kommune: Vår erfaring med bustadrådgjeving
    v/Siw Tone Valstad, Verdal kommune
  • Lillesand kommune: Heilskapeleg plan for bustadrådgjeving, tverrfagleg samarbeid og brei involvering
    v/Annette Lauvås Haabesland, Lillesand kommune
  • Gruppearbeid: refleksjonsoppgåve og case
  • Avslutting, oppsummering og vel heim!

På konferansen får du

  • oversikt over kommunen sitt ansvar og handlingsrom knytt til bustadrådgjeving for eldre - kva seier lovverket, og kva verkemiddel finst?
  • innsikt fra andre kommunar - høyr gode døme frå praksis og del erfaringar
  • arbeide med konkrete case - diskuter problemstillingar og finn løysingar saman med andre
  • styrkt kompetanse på rådgjeving og tilpassing av bustader for eldre
  • større medvit om samanhengen mellom bustad, kvardagsmeistring og helse
  • eit regionalt nettverk nettverk for erfaringsdeling og samarbeid

Arrangementa er ein del av Eldrebustadprogrammet (2024–2028) og støttar opp under Bo trygt heime-reforma. Reforma skal bidra til at fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogeleg, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, førebygging og meir målretta tenester.