Kreativ og løysingsorientert bustadinnsats i Heim

Heim er ein distriktskommune i Trøndelag som har teke kraftfulle grep for å møte utfordringane i bustadmarknaden. Gjennom solid forankring i leiinga, eit nytt bustadfond og overordna planverk, har kommunen sett seg høge ambisjonar for bustadarbeidet. Her kan du lese om kva tiltak den heilskaplege bustadsosiale innsatsen har resultert i så langt.

Bakgrunn og utvikling

Heim kommune er ein fjord- og kystkommune sørvest i Trøndelag og vart oppretta 1. januar 2020 gjennom samanslåing av kommunane Halsa, Hemne og ein del av Snillfjord. 41 prosent av innbyggarane bur i dag på administrasjonssenteret Kyrksæterøra.

Folketalet i heile området til den nye kommunen var på sitt høgaste på 1980-talet med 6700 innbyggarar, men har sidan gått ned. Etter samanslåinga byrja kommunen å arbeide målretta for å auke tilflyttinga ved å satse på bustadmarknaden. Kommunen valde altså å gå inn i ein bustadmarknad der bransjen opplever risiko.

Konkrete tiltak gir resultat

Med eit lite og effektivt team i kommunen har Heim fått bygd i underkant av 70 nye bustader i ulike storleikar og med ulike konsept i perioden 2022–2024.

Dei fire bustadkonsepta kommunen har utvikla, er UngHeim, G-hus, GammelHeim og LitjHeim. Kommunen stiller med gratis tomt og prosjektleiar, og sel bustadene til innkjøpspris, som ligg mellom 1,6 og 2,8 millionar kroner. Per august 2024 har 24 unge vaksne under 28 år bestilt ein bustad i konseptet UngHeim.

Heim kommune har inngått ein lokal avtale med Trøndelag sparebank, som gir ungdom bustadlån utan krav om eigenkapital, i tillegg til avtalar med eit lokalt byggevarefirma, det lokale kraftselskapet og eit breibandsselskap. Kommunen nyttar startlån i dei sakene der private bankar seier nei til finansiering.

Her kan du lese meir om bustadkonsepta (distriktssenteret.no)

På Liabø, det tidlegare kommunesenteret i Halsa kommune lengst vest i Heim, har kommunen bygd ein seksmannsbustad for flyktningar. Tomta ligg sentralt mellom skule og vaksenopplæring. Kommunen fekk tilsagn om 3,4 millionar kroner i tilskot til utleigebustader, og flyktningane flytta inn sommaren 2024. I tillegg skaffar kommunen no bustader både for unge (UngHeim) og eldre (GammelHeim) på Liabø.

Ved Skeiet planlegg kommunen ti til tolv nye og rimelege leilegheiter for utleige på ei kommunal tomt. Fire av leilegheitene er med tilvisingsavtale, og målgruppene er førstegongsetablerarar og barnefamiliar som treng hjelp frå kommunen og startlån for å komme inn på bustadmarknaden.

Heim fekk 300 000 kroner i tilskot til bustadtiltak i 2023. Midlane gjekk til eit forprosjekt der ein arkitekt utvikla eit konsept med småhus for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Målet var at bebuarane skal bu sentralt og med god tilgjenge, nær tenester og sosiale møteplassar.

Ein lokal utbyggar skal bygge leilegheiter, rekkehus og einebustader på Wesselkra i kommunesenteret Kyrksæterøra. Husbanken har gitt tilsegn om lån til bustadkvalitet på 122 millionar kroner. Steg ein er bustader med miljøkvalitetar, medan steg to er leilegheiter med livsløpsstandard. Målgruppene er i hovudsak eldre og barnefamiliar, og kommunen kjøper to av leilegheitene for å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige.

Heim deltek òg i prosjektet «Lys i gamle hus» i regi av Fortidsminneforeininga. Her har prosjektleiaren fått kartlagt nesten 200 tomme hus, og i skrivande stund har fire personar flytta til eit nedlagt gardsbruk som dei held på å sette i stand.

Kommunen vann Boligprisen 2025 (ntb.no) for sin innovative og heilskaplege innsats på bustadmarkanden.

Mål og målgruppe

Heim kommune sitt samansette bustadprogram omfattar mange ulike målgrupper, med hovudvekt på unge, flyktningar og eldre.

Prosessen

Ordførar og kommunedirektør stod saman med eit engasjert kommunestyre i spissen for eit bustadprogram som bygde på fleire ulike prinsipp, mellom anna at

Kommunen etablerte tre bustadteam:

Frå 2022 byrja tilflyttinga å auke igjen. Heim kommune hadde 5880 innbyggarar ved utgangen av 2022, 6093 ved utgangen av 2023 og 6134 ved utgangen av 2024. Auken kjem både av flyktningar og andre tilflyttarar.

Midtvegs i 2024 hadde Heim bygd opp eit bustadfond på 17 millionar kroner, takka vere ein økonomisk omstillingsprosess over fleire år. Fondet gir kommuneadministrasjonen høve til å ta ei aktiv rolle i bustadmarknaden, i samarbeid med byggebransjen, noko kommunen meiner er god samfunnsøkonomi.

– Det er utruleg moro å samarbeide med Heim kommune. Der er det høgt engasjement, utviklingsvilje og gode løysingar. Kommunen brukar Husbanken sine verkemiddel der marknaden ikkje kan levere, og er kreative med nye bustadmodellar. Vi opplever Heim som ein ja-kommune, der problem er utfordringar som kan løysast, seier Tor Ingar Verstad, kommunekontakt i Husbanken Midt-Noreg.

Brukarmedverknad

Heim kommune valde tidleg å involvere innbyggarane tett i prosessen med konseptutvikling. Særleg når det gjaldt GammelHeim vart innbyggarane tekne med på råd, gjennom ei innbyggarundersøking som omfatta alle over 60 år i kommunen. Over 420 personar svara og bidrog til å gi kommunen eit godt datagrunnlag, slik at ein kunne vere trygg på at løysinga var noko innbyggarane faktisk ønskte. Undersøkinga vart gjennomført av kommunen sjølv, med bruk av tilgjengelege dataverktøy og noko manuelt arbeid med papirskjema for dei som ønskte det.

Finansiering

I tett samarbeid med Husbanken har kommunen nytta fleire ulike økonomiske verkemiddel:

Utfordringar undervegs

Lov om offentlege anskaffingar gjer det vanskeleg å samarbeide med entreprenørar om utvikling av nye bustadkonsept. Kommunen ønskjer seg eit unntak frå regelverket, noko som ville gjort dialogen enklare ved at entreprenørar som bidreg tidleg i prosessen, kan sikre seg oppdrag som dekker kostnader knytte til konseptutvikling.

I tillegg gjer stadig fleire offentlege krav til grunnundersøkingar, rassikring og endra krav til tidlegare regulerte tomter, arbeidet meir usikkert. Dette gjeld særleg i tilfelle der ein er avhengig av rask gjennomføring, til dømes ved busetting av flyktningar og etablering av hybelhus for skuleelevar.

Tips til andre

Lenker

Interessant sluttrapport for konseptet GammelHeim 2024

Heim kommune sitt ungboprosjekt UngHeim (heim.kommune.no)

Distriktssenteret si omtale av Heim sitt heilskaplege bustadarbeid (distriktssenteret.no)

Heim kommune vann Boligprisen 2025 (ntb.no)

Vidareføring av arbeidet

Heim har utarbeidd eit nytt konsept i 2025. ToHeim er ein tomannsbustad med 2 × 2 soverom som blir bygd i utkantområda i kommunen for å bidra til busetting av småbarnsfamiliar også der. ToHeim blir bygd ved skular og barnehagar som er noko utsette og treng tilflytting.

Kommunen har førebels vedteke å bygge 6 × 2 einingar, som gir tolv nye bueiningar i område som elles kunne oppleve skule- og barnehagenedlegging. Dette er rimelege bustader, primært for barnefamiliar under 35 år. Bustadene blir selde anten rett etter ferdigstilling for om lag 2,8 millionar kroner, eller gjennom ei ordning med «leige til eige».

Heim kommune arbeider samstundes med eit nytt kombinasjonskonsept for eldre og unge i fellesskap, kalla TryggHeim. Tanken er at eldre og yngre bur i små leilegheiter med fellesareal, felles måltid og bemanning på dagtid. Tilbodet er retta mot personar med noko omsorgsbehov, med mål om å utsette behovet for sjukeheimsplass og andre tunge buformer. Planen er å starte bygginga i 2026.