Nettmøte vest: Bustadutvikling med søkelyst på distrikt

  • Tid
    Start 29. september kl. 08.30 | Slutt 29. september kl. 09.30
  • Sted
    Digitalt
  • Pris
    Gratis
  • Påmelding Påmeldingsfrist er 28. september kl. 13.00

Bustader er avgjerande for busetjing, rekruttering og lokal utvikling. Men kva skjer når det ikkje blir bygd nok, eller når bustadene ikkje møter behova i kommunen?

Nettmøtet er primært retta mot tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland.

På dette nettmøtet skal vi tematisere bustadutvikling i distriktskommunar, og vi skal få høyre Distriktssenteret og eit par distriktskommunar reflektere rundt bustadpolitikk og distriktsutvikling. Bli med når vi løfter fram utfordringar, dilemma og moglegheiter knytte til bustadutvikling i distrikta, og få innblikk i korleis kommunar arbeider med desse spørsmåla.

Program:

  • Velkomen og innleiing Husbanken
  • Kvifor er bustadpolitikken viktig for distriktsutviklinga? ved Trude Risnes, seniorrådgjevar i Distriktssenteret.
  • Erfaringar frå to distriktskommunar
  • Kva kan Husbanken bidra med? ved Lene Nyheim, seniorrådgjevar i Husbanken.
  • Spørsmål og samtale

Møtet er ein del av den månadlege nettmøteserien til Husbanken vest om aktuelle bustadsosiale tema for kommunane.

Vi sender ut deltakarlenke til påmeldte i forkant av arrangementet.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@husbanken.no.