Bergen: Bu trygt heime-konferanse

  • Tid
    Start 24. september kl. 10.30 | Slutt 25. september kl. 15.00
  • Sted
    Hotel Scandic Flesland Airport, Lønningsvegen 9, 5258 Blomsterdalen
  • Pris
    Sjå meir under praktisk informasjon
  • Påmelding Påmeldingsfrist er 10. september kl. 00.00

Korleis kan kommunane legge til rette for at fleire kan bu trygt heime – lenger og betre? Velkommen til konferanse om folkehelse, bustad, planlegging og tenester, og kva dette krev av kommunal omstilling og samarbeid på tvers av sektorar.

Konferansen er for deg som jobbar med bustad, folkehelse og aldersvenleg samfunnsplanlegging.

Det overordna temaet for konferansen er «Tryggleik, livskvalitet og bustad», og vi byr på eit variert program med både faglege refleksjonar og gode døme frå kommunar. Gjennom faglege innlegg, verktøy og konkrete eksempel får de innsikt i kva som verkar, og kva som må til for å gå frå plan til praksis.

Målet er at vi reiser heim med både felles forståing og konkrete grep, som kan takast vidare i eige arbeid.

Konferansen blir arrangert av Husbanken vest og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime-reforma.

Førebels program

24. september, kl. 10.30 – 16.30

  • Bu trygt heime – ei satsing på mange område, ved den regionale koordineringsgruppa
  • Heilskapleg tankegang, ved Anders Aasheim, Statsforvaltar i Troms og Finnmark
  • Korleis mobilisere seniorkrafta? ved Bjørg Eikum Tang, leiar Røde Kors omsorg, Sogndal
  • Lyset i vindauget – om fellesskap, naboskap og menneskeverd, ved Ruth Marie Donovan, programansvarleg Sistehjelp, Verdigshetsenteret
  • Eit aldersvenleg samfunn, med innbyggaren i førarsetet, ved Trude Risnes, seniorrådgjevar Distriktssenteret
  • Heilskapleg planlegging og omstilling. Kva skal til? ved Alise Vea, Haugesund kommune
  • Økonomiske verkemiddel til dei ulike trappetrinna, ved Husbanken
  • Korleis planlegg Bømlo kommune å møte dei demografiske endringane slik at fleire eldre kan bu lenger heime? ved Christine Mæland, rådgjevar helse, personvern og Monica Smedsrud, kommunalsjef for helse, sosial og omsorg, Bømlo kommune
  • Klyngetunet for vår tid, ved Runar Alvsvåg Hidle, arkitekt
  • Middag i restauranten 

25. september, kl. 9.00 - 15.00

  • Byggeteknisk regelverk for tilrettelegging, ved Oddvin Farestveit, seniorrådgjevar og arkitekt, Direktoratet for byggkvalitet (DiBk)
  • Saman om løysingane – samspel mellom politikk, administrasjon og lokalsamfunn, ved Tom Gundersen, KS
  • Sosiale buformer som verktøy for å løyse samfunnsutfordringar, ved Tina Larsen, president NAL og Randi Augenstein, Helen og Hard arkitekter
  • Sosialbygget på Voss – løysinga på utfordringane i eldreomsorga og for einsemd blant eldre? ved Bjørg Djukastein, leiar stiftinga Sosialbygget
  • Samtale rundt borda
  • Tverrfagleg samarbeid i førarsetet. Planlegging av sjukeheim og omsorgsbustader, ved Elisabeth Engelsen, fagleiar areal, Bergen kommune
  • Frå konferanse til kvardag. Kva gjer du måndag morgon? ved Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken

Praktisk informasjon

  • Meld deg på konferansen gjennom påmeldingslenka over.
  • Eigendel for å vere med på konferansen er 500 kroner.
  • Eigendel for middag 24. september er 500 kroner.
  • Ver vennleg og kryss av i påmeldingsskjemaet om du er med på både konferanse og middag.
  • Dersom du treng hotellovernatting (1 595 kroner inkludert frukost), må du sjølv bestille rom innan 24. august via Scandic Flesland Airport. Hotellet har satt av eit avgrensa antal rom til denne prisen.

Har du spørsmål? Kontakt oss på post@husbanken.no