Eit helsehus i Namsos tilpassa demens og alderspsykiatri
Namsos kommune har transformert eit eksisterande bygg i Bangsund til eit helsehus for personar med demens og alderspsykiatri. Prosjektet viser korleis god brukarforståing og tett samarbeid mellom helse og eigedom kan gi betre og meir solide bygg.
Filmen er produsert av Husbanken.
Bakgrunn
Namsos kommune hadde behov for nye lokale til personar med demens med utfordrande åtferd. Dei eksisterande lokala var lite tilpassa brukargruppa og hadde blitt svært slitt over tid.
Tidleg i prosjektet blei det avdekt at eit bygg i Bangsund, litt utanfor Namsos sentrum, hadde betydeleg restlevetid. Dette gav grunnlag for å vurdere rehabilitering framfor nybygg.
Fleire av brukarane som skulle inn i bygget har ei åtferd som innebar hard belastning på bygg og inventar. Vedlikehald kan i tillegg vere krevjande, då arbeidet ofte må tilpassast bebuarane sin dagsform, og tilsette må vere til stades når det blir utført. I prosjektet har det difor vore viktig å velje løysingar som toler høg belastning og reduserer behovet for vedlikehald.
Meir robuste materialar og detaljar gjer at bygget held seg betre over tid og bidreg til ein meir føreseieleg og effektiv drift.
Mål
Målet med prosjektet var å utvikle eit bygg som både var robust og trygt, samstundes som bebuarane skulle oppleve det som ein heim.
Bygget skulle
- tole krevjande bruk
- ta vare på tryggleiken til tilsette
- vere effektiv i drift og vedlikehald
- gi bebuarane eit roleg og heimleg miljø
Resultat
Resultat er eit rehabilitert helsehus med løysingar som er betre tilpassa både brukarar og tilsette, med mellom anna
- robuste materialar og løysingar som toler hard belastning
- betre tryggleik og arbeidsforhold for tilsette
- meir heimlege omgjevnadar for bebuarane
- sansehage med turstiar og aktivitetar som kan bidra til ro og avleiing
- løysingar som gjer drift og vedlikehald enklare og rimelegare over tid
Finansiering
Prosjektet blei gjennomført med eit budsjett på 75 millionar kroner. Eit tilsvarande nybygg var anslått å ville koste 120-140 millionar kroner. Investeringstilskotet frå Husbanken var på 39,1 millionar kroner.
Tverrfagleg samarbeid gjennom heile prosessen
Prosjektet blei organisert med to prosjektleiarar på likt ansvarsnivå éin med helsefagleg bakgrunn og éin med byggfagleg bakgrunn. Dei to prosjektleiarane var begge med i alle planleggingsmøte, noko som bidrog til at både det byggfaglege og helsefaglege perspektivet blei ivaretekne gjennom heile prosessen.
Tilsette frå avdelinga som skulle flytte inn i bygget blei involvert gjennom ei eiga arbeidsgruppe. Dei fungerte også som bindeledd mellom prosjektet og øvrige tilsette. Denne involveringa gav prosjektet betre innsikt i korleis bygget blir brukt i kvardagen, og kva løysingar som fungerer best for både bebuarar og tilsette.
I tillegg var det tett samarbeid med entreprenørane gjennom heile prosessen. Hyppige møte og open dialog gjorde det mogleg å ta opp utfordringar tidleg og finne løysingar undervegs.
Testa løysningar i praksis
Saman med entreprenørane utvikla prosjektet såkalla robustheitsmatriser. Her blei ulike bygningsdelar og installasjonar vurdert systematisk for å finne løysingar som toler belastninga frå brukargruppa. Det blei gjennomført praktiske testar på ulike veggkonstruksjonar, gipsplater, lysarmaturar og tekniske installasjonar. Erfaringane viste mellom anna at standard gipsplate toler langt mindre belastning enn venta. Desse testane påverka val av materiale, konstruksjonar og inventar i bygget.
Bedre sikkerhet for ansatte
Tryggleik for tilsette har også vore eit viktig omsyn i utforminga av bygget. Det er mellom anna lagt vekt på gode siktelinjer, oversiktelege fellesareal og løysingar som gjer det enklare å handtere krevjande situasjonar. Til saman gir dette eit arbeidsmiljø som er betre lagt til rette for tilsette i ein krevjande arbeidskvardag.
Erfaringer og læringspunkter
Dette prosjektet viser kor viktig det er å kombinere byggfagleg og helsefagleg kompetanse i utviklinga av bygg for krevjande brukargrupper.
Helsefagleg kompetanse bidrog til å avdekke behov som ikkje alltid er synlege i tradisjonelle byggeprosessar. Samstundes gav byggfagleg kompetanse grunnlag for robuste og gjennomførlege løysingar.
Praktisk testing av materiale og løysingar gav også nyttig kunnskap og betre avgjerdsgrunnlag.
I tillegg erfarte prosjektet at ein god og tidleg dialog med Husbanken når det gjaldt krava i forskrifta, var avgjerande for å kunne gjere dei naudsynte tilpassingane til brukargruppene. I prosjektet blei det mellom anna gjort justeringar i krav til kontrastar og utforming.
Råd til andre kommuner
- Sørg for tett samarbeid mellom eigedom, helse og entreprenørar
- Test materiale og løysingar før de tek endelege val sett av tid til dialog og diskusjon undervegs
- Sørg for tidleg og tett dialog med Husbanken
Vidare bruk
Bangsund helsehus er utvikla som eit varig tilbod og inngår no i ordinær drift i kommunen. Erfaringane frå prosjektet gir også nyttig kunnskap til framtidige byggeprosjekt, særleg om samarbeid mellom helse og eigedom og det å utvikle robuste bygg tilpassa krevjande brukargrupper.