Tilskot til bustadtiltak

Tilskotet skal bidra til at fleire kan bu i ein eigna bustad og ha trygge buforhold, uavhengig av om dei eig eller leiger, og uansett kvar i landet dei bur.

Ordninga skal støtte utvikling og utprøving av nye løysingar som møter bustadpolitiske utfordringar, som urbanisering, aukande sosiale forskjellar, ei aldrande befolkning og klima- og miljøomsyn.

Tilskotet kan brukast til å utvikle arbeidsmetodar, bustadkonsept og kunnskap som gir betre løysingar på lokale bustadpolitiske utfordringar, både i byområde og distrikt.

De kan få tilskot til prosjekt som

Ordninga støttar både førebyggjande og kompenserande tiltak.

Tilskotet følgjer opp Bustadmelding - Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet.

15. april: Webinar om tilskot til bustadtiltak

Vil du lære meir om ordninga, korleis du kan søkje og høyre døme frå andre kommunar? Delta på Husbanken sitt webinar 15. april. Meld deg på no.

Meir om tilskot til bustadtiltak

Husbanken prioriterer særleg prosjekt som handlar om

  • eigna bustader for eldre i heile landet
  • trygge buforhold for leigetakarar
  • bustader for barnefamiliar og låginntektsgrupper
  • moglegheita for at personar med nedsett funksjonsevne kan velje kvar og korleis dei vil bu
  • bustader for personar med rus- og psykiske helseutfordringar
  • å førebyggje og redusere bustadløyse
  • busetjing av flyktningar
  • bustadpolitisk forankring, til dømes interkommunalt samarbeid om bustadutvikling, nye arbeidsmåtar og organisering, eller betre utnytting av dei bustadsosiale verkemidla
  • transformasjon og gjenbruk av eksisterande bygg
  • nye og heilskaplege bustadløysingar, som sosiale og fellesskapsbaserte buformer

Husbanken vurderer søknadene skjønnsmessig. Det blir lagt særleg vekt på

  • fagleg relevans
  • gjennomførbarheit (kompetanse og økonomi)
  • forankring og samarbeid med relevante aktørar
  • plan for å dele og formidle resultata

Prosjekt som utviklar kunnskap som kan brukast av andre, blir prioriterte.

Samarbeid mellom fleire aktørar, som kommunar, frivillige organisasjonar, utdanningsmiljø og næringsliv, tel positivt.

For kommunar blir det i tillegg lagt vekt på om prosjektet er nyskapande og kan overførast til andre.

Desse kan søkje om tilskot til bustadtiltak:

  • Kommunar
  • Frivillige og private aktørar
  • Interesseorganisasjonar
  • Forskings- og utdanningsinstitusjonar

Tilskot til leigebuarorganisasjonar

Det finst ei eiga ordning for leigebuarorganisasjonar.

Føremål

Tilskotet skal vareta interessene til leigetakarar og bidra til ein betre busituasjon.

Det er særleg viktig å betre situasjonen for den nasjonale minoriteten romar, som ofte opplever utfordringar med marginalisering, levekår og diskriminering, blant anna på bustadmarknaden. Tiltak som kan gi både kortsiktige og langsiktige forbetringar, blir prioriterte.

Kven kan søke?

Leigebuarorganisasjonar kan søkje om tilskot til å drive organisasjonen.

Organisasjonane kan og søke tilskot til tiltak for å betre busituasjonen for romar, til dømes gjennom juridisk rådgiving og bustadsosial oppfølging. Ei forutsetning for slike tilskot, er at prosjekta samarbeider med relevante aktørar. § 5, bokstav a-c. i forskrift for tilskot til bustadtiltak gjeld for desse tilskota.

Husbanken legg vekt på

  • tal på medlemer
  • korleis organisasjonen varetek interessene til leigetakarar
  • korleis han spreier kunnskap om leigemarknaden

Søknadsskjema og vilkår

Søkar må fylle ut Husbankens søknadsskjema:

Søknad om tilskot til bustadtiltak - bokmål (PDF)

Søknad om tilskot til bustadtiltak - nynorsk (PDF)

Søknad, og eventuelle vedlegg (til dømes utdjupande prosjektskildring eller dokumentasjon på samarbeid), skal sendast samla til post@husbanken.no.

Dersom ein kommune sender fleire søknader, må søknadene vere samordna.

Søknadsfristen for 2026 er 15. mai.

Prosjekta skal blir dokumenterte, formidla og delt, slik at andre kan lære av erfaringane.

Mottakarar av tilskot til bustadtiltak skal levere en sluttrapport som beskriv

  • arbeidet som er utført
  • oppnådde resultat
  • erfaringar og læringspunkt

Sluttrapporten blir publisert på husbanken.no.

Leigebuarorganisasjonar skal levere rapport og rekneskap som viser korleis midla er brukte.

Forskrift og rettleiar

Forskrift (lovdata.no)
Rettleiar

Sjå prosjekt som har fått tilskot