Nye utleigebustader med tilvisingsavtale i Gjesdal

I Kodlidalen i Gjesdal kommune er det bygd nye utleigebustader i samarbeid mellom kommunen, privat utbyggar og Husbanken. Med lån frå Husbanken og tilvisingsavtale med kommunen bidreg prosjektet til fleire utleigebustader i ein pressa bustadmarknad.

Bakgrunn

Gjesdal kommune i Rogaland har drygt 12 000 innbyggarar og opplever folkevekst. Men ein del husstandar har utfordringar med å skaffe seg bustad i den ordinære marknaden. For å møte behovet for fleire utleigebustader ønskte kommunen å samarbeide med private utbyggarar gjennom Husbanken si tilvisingsordning.

Ordninga gjer det mogleg å etablere fleire bustader, utan at kommunen sjølv må bygge og eige bustadene. Kodlidalen er eit nytt bustadområde i Gjesdal, og prosjektet gir fleire bustader i eit område med gode bumiljøkvalitetar.

Resultat

Mål og målgrupper

Bustadene bidreg til eit meir variert bustadtilbod i kommunen. Det gjev moglegheiter for personar i etableringsfasen, små barnefamiliar eller andre som har behov for ein stabil og føreseieleg busituasjon. Med denne ordninga har kommunen fått 16 sårt tiltrengde nye bustader ut i ein anstrengt utleigemarknad.

Slik blei prosjektet gjennomført

Kommunen lyste ut behovet for tilvisingsbustader, inkludert kjøp av kommunal tomt. Det gjorde prosessen endå meir føreseieleg for utbyggarane. Norgeshus Egersund AS inngjekk ein tilvisingsavtale med kommunen, som på si side skal sørgje for leigetakarar til sju av bustadene. Utbyggaren etablerte eit eige utleigeselskap som skal eige, forvalte og leige ut bustadene. Husbanken har bidrege med rådgjeving gjennom heile prosessen og har finansiert prosjektet.

Erfaringar frå prosessen

Gjennom tilvisingsavtalen får kommunen tilgang til bustader i den private marknaden. Det er ein fleksibel måte å skaffe bustader på utan å måtte stå for utbygginga sjølv. Prosjektansvarleg Eirik Åse i Norgeshus Egersund AS rosar Gjesdal kommune for den gode dialogen og samarbeidet dei har hatt. Utbyggaren peikar også på at lån frå Husbanken har vore avgjerande for å realisere prosjektet.

– Husbanken si gunstige rente og lange nedbetalingstid gjer det mogleg å gjennomføre prosjekt som elles ville hatt høgare økonomisk risiko. Det gjev også større tryggleik dersom enkelte bustader skulle stå tomme i periodar, seier Åse.

Tilvisingsavtalen og det tette samarbeidet med kommunen har bidrege til eit bustadtilbod som er tilpassa behova i lokalsamfunnet.

– Når vi møter leigetakarar som fortel at dei har fått ein heilt ny kvardag etter at dei flytta inn, blir det svært tydeleg kor viktige slike prosjekt er. Vi snakka nyleg med ein aleineforelder som hadde flytta frå ei lita og ueigna leilegheit til ei ny leilegheit, der barna no har eigne rom. Då ser vi at dette verkeleg betyr noko for folk, seier prosjektansvarleg Eirik Åse i Norgeshus Egersund AS.

Finansiering

Prosjektet er finansiert med lån frå Husbanken, som dekte 85 prosent av prosjektkostnadene. Resten vart finansiert med eigenkapital. Gjennom tilvisingsavtalen sørgjer kommunen for leigetakarar i sju (40 prosent) av dei 16 bustadene i minst tjue år. Leilegheitene blir leigde ut for mellom 13 000 og 15 000 kroner per månad (2026-prisar).

Vidare arbeid

Husbanken si finansiering og tilvisingsmodell har bidrege til å gjere prosjektet mogleg og til å etablere fleire utleigebustader. Gjesdal kommune har også eit anna felt der det blir arbeidd med tilvisingsbustader.

Les meir

Slik fungerer ein tilvisningsavtale

Lån til utleigebustader for bransjeaktørar