Førde: Fagdag om framtidsretta bustadutvikling og busetjing

  • Tid
    Start 25. november kl. 10.00 | Slutt 25. november kl. 16.00
  • Sted
    Kommunestyresalen i Sunnfjord kommune, Førde
  • Pris
    Gratis (reise og eventuelt opphald dekkast av deltakar)
  • Påmelding Påmeldingsfrist er 20. november kl. 13.00

Tilgang på gode og eigna bustader er avgjerande for attraktive lokalsamfunn, rekruttering av arbeidskraft og framtidig busetjing. Men korleis går vi frå behov og gode intensjonar til bustader som faktisk blir bygde?

Fagdagen er for kommunar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Distriktssenteret, Sunnfjord kommune og Husbanken inviterer kommunar, utbyggjarar og andre som er opptekne av bustad- og samfunnsutvikling til ein dag med nye perspektiv, konkrete løysingar og erfaringar frå dei som har fått det til. Vi ser på korleis kommunen kan ta ei aktiv bustadpolitisk rolle, korleis offentlege og private aktørar kan spele kvarandre gode, og korleis rådgjeving og økonomiske verkemiddel kan bidra til å utløyse nye moglegheiter.

Målet er å gi både inspirasjon og idear de kan ta med heim – og kanskje nye samarbeid som kan få fleire bustadprosjekt frå tanke til røyndom.

Program fra kl. 10.00 - 16.00

  • Med skråblikk på Trivselsfylket
  • Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru ja der bur du.
  • Om bustadstrategiar for bu-, bli- og flyttelyst, ved Trude Risnes, seniorrådgjevar i Distriktssenteret
  • Startlån: eit verkemiddel for samarbeid på tvers for å tiltrekkje arbeidskraft og innbyggjarar ved Lene Nyheim, seniorrådgjevar i Husbanken
  • Samspelet mellom rådgjeving og økonomiske verkemiddel innan bustadfeltet ved Monica Ketelsen, seniorrådgjevar i Husbanken
  • Hva kan Hjelpemiddelsentralen bidra med? ved Maria Nicoline Kjærland, Nav Hjelpemiddelsentralen Vestland
  • To kommuneeksempel: BuLust i Luster kommune ved Lisa Kvålshaugen Bjærum, prosjektleiar i BuLust og Stryn kommune ved Anita Skarstein, ergoterapeut og demenskoordinator
  • Lunsj og mingling
  • Kommunen som aktiv bustadpolitisk aktør ved Bjarte Bøe Alræk
  • Slik gjekk det til at me fekk det til, om kommunens arbeid med framskaffing av bustadprosjekta Lindhagen og Apotekargarden ved Liv Janne Bell Jonstad, einingsleiar fagutvikling, Sunnfjord kommune
  • Synfaring til Lindhagen og Apotekargarden

Det er eit avgrensa tal plassar. Ved stor pågang vil vi prioritere at flest mogleg kommunar får høve til å delta.

Ved spørsmål ta kontakt på post@husbaken.no