Vallergrenda: Bustader for ulike målgrupper i same nabolag
I Vallergrenda på Gjettum i Bærum er 67 leilegheiter bygde med eit mål om å skape eit mangfaldig bumiljø. Her bur folk som har kjøpt bustad på den opne marknaden saman med førstegangskjøparar, økonomisk vanskelegstilte familiar og bebuarar i omsorgsbustader. Felles møteplassar skal gjere det lettare å møtast i kvardagen.
Bakgrunn
I Vallergrenda har Bærum kommune vore initiativtakar til eit nytt nabolag der ulike buformer og sosialt fellesskap er vektlagt i utforminga. Saman med dei som har bygd prosjektet, er det lagt til rette for fellesskap mellom naboar, gjennom deling av aktivitetar, funksjonar og tilrettelagt for innandørs areal. Då kommunen starta prosessen, tok dei utgangspunkt i to politiske vedtak. Det eine var å skaffe bustader til førstegangskjøparar, medan det andre var å gi valfridom for leige eller eige for unge med utviklingshemming som skulle etablere seg.
Resultat
67 nye bustader ble innflyttingsklare i 2026.
- 16 av bustadene er tilpassa for personar med utviklingshemming, med personalbase og eigne fellesområde
- 12 av bustadene er retta mot førstegangskjøparar med redusert pris
- 2 familiebustader for økonomisk vanskelegstilte familiar
- Dei resterande 37 bustadene er selde på den opne marknaden
- Eit felles tunområde med tunhuset Vallerstua for alle bebuarar
- Garasjeanlegg, felles takterrasse og hobbyrom
Mål og målgrupper
Målet har vore å skape eit nabolag med plass til fleire enn dei som vanlegvis kan kjøpe ein ny bustad til ordinær pris. Førstegangskjøparane får ein rabatt på 15 prosent. Dei to familiebustadene blir førebels leigde ut av Bærum kommune, med moglegheit for at bebuarane seinare kan kjøpe ved hjelp av startlån. 16 av bustadene er klausulert for personar som er innvilga helse- og omsorgstenester av Bærum kommune.
Slik blei prosjektet gjennomført
Scandinavian Property Group (SPG) utvikla bustadene i samarbeid med kommunen og Husbanken. Bærum kommune solgte tomt med vilkår og sikra eit variert butilbod som premiss for utbygginga. Prosjektet kombinerer bustader med ulike ordningar innanfor eit burettslag.
Dei sosiale ambisjonane er synlege i utforminga. Vallerstua ligg sentralt på tunet og har kjøkken og sitteplassar. Utandørs er det lagt til rette for leik, opphald og dyrking. Det er heis til leilegheitene og eigne balkongar, medan den felles takterrassen gir ein ekstra stad å samlast.
Vallergrenda er organisert med eit eigarseksjonssameige på toppen. Sameiget er oppdelt i seksjonar, med éin samleseksjon med formål bustad og éin med formål næring. I samleseksjon bustad er det skipa eit burettslag med namn "Vallergrenda burettslag", med 67 andelar som er knytte til éin bustad kvar.
Erfaringar frå prosessen
Vallergrenda viser korleis samarbeid mellom utbyggar, kommune og Husbanken kan gi rom for fleire målgrupper i eitt bustadprosjekt. Prosjektet bidreg til å skape mangfald mellom ulike bugrupper og det har blitt ein prosess der ein løyser litt av fleire bustadufordringar i kommunen samtidig.
God dialog mellom kommune og utbyggar heile vegen har vore viktig. Til dømes søkte Bærum kommune om investeringstilskot hos Husbanken tidleg i prosessen.
Det er også viktig å avklare omfanget av prosjektet med utbyggaren. For å bygge slik at ein får investeringstilskot, kan ein vere avhengig av ein del areal. Omsorgsbustader må teiknast i samsvar med krava. Viss ein begynner å teikne før dette er avklart, kan det bli ekstra kostnadar for utbyggarane å teikne på nytt.
Det er enno for tidleg å seie korleis fellesskapet mellom bebuarane vil utvikle seg. Erfaringane så langt handlar først og fremst om kva prosjektet har fått til i planlegginga og bygginga: Bustader med ulike inngangar til bustadmarknaden er samla rundt møteplassar som alle kan bruke.
Finansiering
Vallergrenda er bygd med finansiering frå Husbanken. Mellom anna har Husbanken finansiert 70 prosent av burettslaget med lån til bukvalitet. I tillegg har kommunen fått eit investeringstilskot frå Husbanken. Kommunen selde tomta med rabatt til førstegangskjøparar klausulert. Det gjer at ein i dag kan selje bustadene til førstegangskjøparar med 15 prosent rabatt.